Dokument 12:4 (2023-2024)
Kontroll- og konstitusjonskomiteen · 2026-2027
Grunnlovsframlegg om ny § 120 b (om norsk som nasjonalt hovudspråk)
Politisk behandling
Saker i høringen
Tid og deltakere
Høringsprogram
Programmet er ikke publisert
Programmet er ikke tilgjengelig ennå
Programmet kan bli publisert eller oppdatert nærmere høringsdagen.
Innspill fra samfunnet
Skriftlige innspill
16 publiserte innspill
Norsk Målungdom · 17. november 2026Norsk Målungdom stør grunnlovsfesting av norsk
Norsk Målungdom stør framlegget om å grunnlovsfesta norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg. Når språket vårt er sterkt truga av engelsk på mange samfunnsområde, treng me å sikra eit særskilt vern. Med støtte i grunnlova vil det bli lettare å krevja at fleire tenester blir tilbodne på norsk i Noreg også i framtida. Det bør ikkje bli sett på som kravstort å ønska seg mest mogleg norsk i staden for engelsk når ein er i Noreg. Akademia er eit av områda der ein ser mest domenetap for norsken. Allereie har det vorte nesten like vanleg å skriva masteroppgåve på engelsk som på norsk, og færre og færre studentar vel å halda på språket sitt i utdanninga si, når det ofte er så stor mangel på fagomgrep og andre ressursar på norsk.
Heilt sidan det historiske jamstillingsvedtaket i 1885 har me nordmenn hatt lik rett til å bruka bokmål og nynorsk i det offentlege. Det er eit viktig vedtak som slår fast at både bokmål og nynorsk er enormt mykje verdt og noko av den viktigaste kulturarven me har. 141 år seinare meiner me det er på tide å grunnlovsfesta eit slikt prinsipp, som omhandlar både demokrati og språk, to sentrale kjelder til stoltheit for landet og folket vårt. Samisk vart grunnlovsfesta i 1988, og det er på høg tid at heile det politiske spekteret stiller seg bak at norsk språk no får den same anerkjenninga i Noreg.
Som har vorte poengtert av fleire er det med stor margin den vanlegaste praksisen i verda at ein har eitt eller fleire grunnlovsfesta nasjonalspråk. Heilt spesifikt er det 148 land som har grunnlover med slike føresegner. Me ønsker derfor å sjå at Noreg gjer ei slik modernisering av grunnlova, og viser at me ikkje tar noko dårlegare vare på den språklege kulturarven vår enn resten av verda. Uansett om ein skriv bokmål eller nynorsk, og sjølv om ein kan vera ueinige i fleire språkpolitiske spørsmål, håpar me at Stortinget vil samla seg for å verna om heile det norske språket vårt i møte med utfordringar i dagens moderne samfunn.
Juristmållaget · 17. november 2026Høyringssvar frå Juristmållaget
Til kontroll- og konstitusjonskomiteen
Stortinget
Juristållaget er glade for høvet til å delta i den skriftlege komitéhøyringa om Grunnlovsframlegg 4 (2023-2024) om norsk som nasjonalt hovudspråk.
Juristmållaget er eit yrkesmållag i Noregs Mållag. Medlemmene våre er i all hovudsak juristar og jusstudentar som skriv nynorsk, eller som støttar det språkpolitiske arbeidet vi driv.
Då Solberg-regjeringa la fram Prop.108 L (2019-2020) med framlegg til ei ny språklov, vart det skildra i punkt 2.2 i proposisjonen at det blant anna skal liggje til grunn for norsk språkpolitikk at norsk skal sikrast som hovudspråk og samfunnsberande språk i Noreg, og at språkpolitikken skal fremje reell jamstilling mellom dei to norske skriftspråka bokmål og nynorsk. Det siste er særleg viktig for nynorsk som det minst brukte norske skriftspråket.
I Innst. 253 L (2020-2021), med innstillinga frå familie- og kulturkomiteen sitt framlegg til språklov, stilte ein samrøystes komité i punkt 2.2 seg bak målet om å sikre norsk som nasjonalt hovudspråk og det å sikre jamstillinga mellom nynorsk og bokmål. Vidare viste ein samrøystes komité til at «at retten til språk er eit grunnvilkår i demokratiet, også retten til minoritetsspråk. Dette skal sikre innbyggjarane ytringsfridom. Det norske språket skal vere eit godt bruks- og kulturspråk som utviklar seg i takt med samfunnet og kunnskapsutviklinga elles».
Dette viser at dei språkpolitiske måla som ligg bak framlegget om ein ny § 120 b i Grunnlova, ikkje går utover det som må reknast som del av den breie tverrpolitiske konsensusen på det språkpolitiske området.
I grunngjevinga til framleggsstillarane for sjølve grunnlovsframlegget understrekar dei at framlegget «ikkje tek sikte på å endre gjeldande språklege rettar eller plikter som følgjer av språklova eller anna relevant lovgjeving». Slik Juristmållaget ser det, inneber det i praksis at det er mogleg for politikarar og parti med ulike språkpolitiske syn å støtte grunnlovsframlegget. Til dømes inneber det ikkje noka form for grunnlovfesting av obligatorisk sidemål i norskfaget i skulen. Det er mogleg å støtte framlegget same kva syn ein har på sidemålet og sidemålskarakteren.
Vi vil også slutte oss til følgjande utsegn frå framleggsstillarane:
«Det er viktig at norsk språk generelt får eit grunnlovsvern. Norsk er utsett for domenetap mot særleg engelsk, mellom anna innanfor fagspråk og akademia, næringslivet og populærkulturen. […]
Ei grunnlovfesting vil gje den formelle jamstillinga mellom nynorsk og bokmål ein sterkare og tydelegare rettsleg status. Det vil vere viktig særleg for nynorsken, som det minste av dei to norske skriftspråka. Det gjeld òg den symbolske statushevinga som ligg i ei grunnlovfesting.»
For oss som mållag er det viktig at grunnlovsframlegget slår fast at nynorsk er likeverdig og jamstilt med bokmål som skriftspråk. Vi ser også at nynorsk og bokmål er i same båt i ei globalisert verd der engelsk får ein stadig større plass på mange domene. Både nynorsk og bokmål møter utfordringar i ei tid der kunstig intelligens gjennomsyrer mykje av tekstproduksjonen i samfunnet.
På bakgrunn av det, oppmodar Juristmållaget alle parti på Stortinget til å støtte grunnlovsframlegget. Vi meiner samla sett at framlegget er så ukontroversielt at det fortener full støtte på Stortinget.
Venleg helsing
Ingrid Handeland
Leiar i Juristmållaget
Noregs Mållag · 17. november 2026Høyringsinnspel frå Noregs Mållag om grunnlovsframlegg om ny § 120 b
Noregs Mållag vil takke for høvet til å kome med innspel til grunnlovsframlegget om norsk som nasjonalt hovudspråk. I ei tid der verdsspråket engelsk pressar seg på på ulike område i samfunnet, er det særleg viktig å verne om norsk som nasjonalt hovudspråk. Den norskspråklege fellesarenaen er viktig både i akademia, i pressa, på sosiale medium, i litteraturen, i skulen og på arbeidsplassen.
I ei globalisert verd treng norsk språk eit sterkare vern enn tidlegare. Det er mange land som ser at det er behov for å verne om nasjonalspråka sine. 148 av landa i verda har grunnlover som inneheld føresegner om nasjonalspråk. Over 200 år etter at Noreg fekk si eiga grunnlov, er det framleis ikkje grunnlovfesta at norsk skal vere nasjonalt hovudspråk i Noreg.
Dei siste åra har Stortinget gjort mykje for å oppdatere Grunnlova, med mellom anna ei rekkje menneskerettslege føresegner. Det er i dag meir vanleg at statar omtalar språk i grunnlovene enn at dei ikkje gjer det. Ei grunnlovfesting av statusen til norsk språk, medrekna jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, vil vere ei modernisering av Grunnlova.
I juni 2024 leverte leiar i Løvebakken Mållag, Sveinung Rotevatn (V), eit nytt framlegg til Grunnlova på vegner av representantar frå nesten alle stortingsparti: «Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.»
I språklova, som tok til å gjelde i 2022, vedtok Stortinget at norsk skal sikrast som eit samfunnsberande språk. Grunnlovsframlegget held seg nær formuleringane i språklova. Det trur vi er lurt. Forslagsstillarane meiner det er føremålstenleg å grunnlovfeste statusen til norsk språk på ein så enkel måte som råd, og slik at ein held seg innanfor språket i §§ 1 og 4 i språklova.
Framlegget endrar ikkje den faktiske offisielle språkpolitikken. Dette er til dømes ikkje å forstå som ei grunnlovfesting av obligatorisk sidemålsopplæring. Sidemålsordninga er regulert i opplæringslova.
Forslagsstillarane viser til at framlegget unngår honnørord frå språklova som «status og vern» eller «bruke, utvikle og styrkje». Dette meiner dei vil krevje meir utgreiing for å definere nokolunde klart kva slike ord vil tyde i ein grunnlovssamanheng med trinnhøgd over anna lovgjeving.
Noregs Mållag meiner dette vil vere symbolsk og faktisk viktig for statusen til norsk språk. I denne samanhengen blir norsk språk forstått i vid forstand, og omfattar både standardiserte og ustandardiserte skriftlege og munnlege variantar av norsk.
I ei tid der engelsken pressar seg på, treng språket vårt vern i den viktigaste lova vi har. Det er viktig for å sikre at norsk held fram med å vere eit samfunnsberande språk, og ein fellesarena for alle innbyggjarane i landet.
Borgar Høgetveit Berg m.fl. · 17. november 2026Høyringssvar, Grunnlovsframlegg 4
Høyringssvar – Grunnlovsframlegg 4 (2023–2024) om norsk som nasjonalt hovudspråk
I samband med at kontroll- og konstitusjonskomiteen har invitert til ei skriftleg høyring om Grunnlovsframlegg 4 (2023–2024) om norsk som nasjonalt hovudspråk, ynskjer me å seia vår meining om framlegget.
Me meiner det er naturleg å ta utgangspunkt i skildringa av måla til grunn for språkpolitikken i Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk (språklova) side 10, der det mellom anna heiter:
«Norsk skal sikrast som hovudspråk og samfunnsberande språk i Noreg. I dette ligg det at norsk er eit rikt og levande språk som kan nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. Det offentlege skal ta eit særleg ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norskspråk.
Bokmål og nynorsk er jamstilte skriftspråk. Språkpolitikken skal fremje reell jamstilling mellom dei to skriftspråka. Det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka språket.» [våre uthevingar]
Me vil også vise til grunngjevinga for sjølve grunnlovsframlegget:
«Det er viktig at norsk språk generelt får eit grunnlovsvern. Norsk er utsett for domenetap mot særleg engelsk, mellom anna innanfor fagspråk og akademia, næringslivet og populærkulturen. …
Ei grunnlovfesting vil gje den formelle jamstillinga mellom nynorsk og bokmål ein sterkare og tydelegare rettsleg status. Det vil vere viktig særleg for nynorsken, som det minste av dei to norske skriftspråka. Det gjeld òg den symbolske statushevinga som ligg i ei grunnlovfesting.» [våre uthevingar]
Også me meiner at norsk språk treng støtte for at det skal halde fram med å vera fellesspråket i det norske samfunnet og eit språk som kan nyttast på alle samfunnsområde. Det nynorske skriftspråket treng ryggstø, slik at jamstillinga med bokmål kan bli meir reell, og slik at alle nynorskbrukarar – anten dei skriv nynorsk heile tida eller berre av og til – opplever at det er like enkelt å nytte nynorsk i kvardagen som å nytte bokmål.
Norsk språk er ein grunnleggjande infrastruktur i det norske samfunnet. Det er på og gjennom språk som opplæring skjer, som landet blir styrt, som store delar av kulturen blir utøvd og formidla. Det også på og gjennom språk som me utøver demokratiske rettar og ytringsfridomen. Me ynskjer også for framtida at norsk, med dei to skriftspråka bokmål og nynorsk, skal vera det felles språket som dette skjer på. Dette er ein målsetnad som gjer seg fortent til å liggje til grunn for ei føresegn i Grunnlova.
Grunnlovsframlegget som Stortinget skal ta stilling til i februar 2027, har ikkje eit særleg radikalt innhald. Det gjev uttrykk for språkpolitiske mål som det er brei tverrpolitisk semje om. I Innst. 253 L (2020–2021) side 11 skreiv ein samrøystes familie- og kulturkomité i samband med handsaminga av språklova:
«Komiteen viser til dei språkpolitiske måla som er lagde fram i proposisjonen, og der norsk skal sikrast som hovudspråk og samfunnsberande språk i Noreg. I dette ligg det at norsk er eit rikt og levande språk som kan nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet. Det offentlege skal ha eit særleg ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk. Komiteen viser til at språkpolitikken skal sikre likestilling mellom dei to skriftspråka bokmål og nynorsk.
…
Komiteen viser til at retten til språk er eit grunnvilkår i demokratiet, også retten til minoritetsspråk. Dette skal sikre innbyggjarane ytringsfridom. Det norske språket skal vere eit godt bruks- og kulturspråk som utviklar seg i takt med samfunnet og kunnskapsutviklinga elles.»
Vidare vil me understreke at grunnlovsframlegget ikkje fører noko grunnleggjande nytt inn i norsk rett. Formuleringane framlegget til ny § 120 b held seg innanfor det som alt i dag står i språklova. Som framleggsstillarane har presisert, inneheld ikkje framlegget nokon formuleringar som vil gje store tolkingsvanskar for ei grunnlovsføresegn. Like fullt meiner me at ein ny § 120 b vil kunne vera ei god ryggstø for omsynet til norsk språk når andre lover og forskrifter skal tolkast. Føresegna vil også vera eit sterkt signal til dei som utformar politikk, og for dei som står for den daglege styringa av og i landet.
I ein europeisk samanheng er det ikkje uvanleg med grunnlovsføresegner om nasjonalspråk. Dette gjeld både land med eitt nasjonalspråk (til dømes Frankrike, Polen, Romania og Austerrike) og land med meir enn eitt nasjonalspråk (til dømes Finland og Belgia).
Me meiner det er på høg tid til å gje norsk språk ein plass i Grunnlova, i ei tid der språket treng støtte. Me vil med dette oppmode medlemmene i kontroll- og konstitusjonskomiteen om å innstille på at grunnlovsframlegget blir vedteke.
Borgar Høgetveit Berg, høgsterettsdommar
Johan Giertsen, professor, Det juridiske fakultetet, Universitetet i Bergen
Eirik Holmøyvik, professor, Det juridiske fakultetet, Universitetet i Bergen
Gunnar O. Hæreid, assisterande statsforvaltar i Vestland
Per J. Jordal, lagdommar, Gulating lagmannsrett
Kåre Lilleholt, professor emeritus, Det juridiske fakultetet, Universitetet i Oslo
Ola Mestad, professor emeritus, Det juridiske fakultetet, Universitetet i Oslo
Sigrid Eskeland Schütz, dekan og professor, Det juridiske fakultetet, Universitetet i Bergen
Landssamanslutninga av nynorskkommunar · 17. november 2026Nynorskkommunane – LNK støttar framlegget til ny § 120 b
Nynorskkommunane – LNK vil takka for det gode grunnarbeidet som er gjort i denne saka, og for høvet til å koma med høyringsinnspel. LNK meiner at den føreslegne grunnlovsendringa vil vera både symbolsk og prinsipielt viktig, ikkje minst for språkbruken i kommunane og lokalsamfunna i Noreg. Norsk fagspråk og terminologi er under sterkt press frå engelsk. Endringane er så raske, at det gir grunn til uro. Domenetapet gjeld norsk språk generelt. Av dei to norske skriftspråka er nynorsk særleg utsett, fordi det er det minst brukte. Ei grunnlovfesting vil gje jamstillinga mellom bokmål og nynorsk sterkare rettsleg forankring og eit tydelegare prinsipielt fundament.
I dag er det berre samisk (i grunnlovsteksten i eintal) som har eit eksplisitt grunnlovsvern (paragraf 108). I paragraf 114 er norsk språk indirekte grunnlovfesta gjennom kravet om å måtta tala «språket i landet» for å bli utnemnd til embete i staten. I Lov om språk (språklova) blir det slått fast at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Det bør også stå i Grunnlova.
I ei globalisert verd treng norsk språk eit sterkare vern enn tidlegare. Det er mange land som ser dette. Ifølgje databasen Constitute finst det 148 land i verda med grunnlover som inneheld føresegner om nasjonalspråk. 97 land har grunnlover med føresegner som på ulike vis vernar språkbruk. Det er i dag meir vanleg at statar omtalar språk i grunnlovene enn at dei ikkje gjer det.
Dei siste åra har Stortinget gjort mykje for å oppdatera Grunnlova, med mellom anna ei rekkje menneskerettslege føresegner. Ei grunnlovfesting av statusen til det norske språket vil vera ei modernisering av Grunnlova.
Framlegget lyder: «Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.» LNK meiner at ordlyden er enkel, presis og god, i tråd med formuleringane som alt finst i språklova §§ 1 og 4. Det er på høg tid å grunnlovfesta norsk som nasjonalt hovudspråk og bokmål og nynorsk som jamstilte og likeverdige skriftspråk. Me ber Stortinget vedta framlegget slik det ligg føre.
Høgskulen i Volda · 17. november 2026Høgskulen i Volda støttar grunnlovsfesting av norsk språk
Høgskulen i Volda støttar framlegget til ny § 120 b i Grunnlova.
Høgskulen i Volda arbeider for å styrkje norsk fagspråk, og særleg skriftspråket nynorsk, i forsking og høgre utdanning. Arbeidet er godt forankra i dei språkpolitiske retningsliner våre, strategien vår og i utviklingsavtalen med Kunnskapsdepartementet.
I akademia er domenetap til engelsk ei utfordring. Universitet og høgskular har eit ansvar for norsk fagspråk, både på nynorsk og bokmål, som allereie er lovfesta. Ei grunnlovsfesting av norsk språk og skriftspråka nynorsk og bokmål vil vere ei sterkare ryggstø i dette arbeidet. I akademia er norsk fagspråk under press frå engelsk, og nynorsk fagspråk er i tillegg under press frå både bokmål og engelsk. Ei grunnlovsfesting av nasjonalspråket og at nynorsk og bokmål er jamstilte vil bidra til å legitimere arbeid for å styrkje norsk fagspråk, både på bokmål og nynorsk, i norske universitet og høgskular.
Nynorsk bedriftsforum · 17. november 2026Nynorsk bedriftsforum støttar framlegget til ny § 120 b
Nynorsk bedriftsforum vil takke for det gode grunnarbeidet som er gjort i denne saka, og for høvet til å kome med høyringsinnspel.
Nynorsk bedriftsforum meiner at den føreslegne grunnlovsendringa vil vere både symbolsk og prinsipielt viktig, ikkje minst for språkbruken i næringslivet. Domenetapet mot engelsk, som er omtalt i bakgrunnen for grunnlovsframlegget, gjer seg i stor grad gjeldande i næringslivet. Norsk fagspråk og terminologi er under sterkt press frå engelsk. Påverknaden er ikkje like sterk i alle bransjar, men på enkelte næringsområde er presset så sterkt, og endringane er så raske, at det gir grunn til uro.
Domenetapet gjeld norsk språk generelt. Av dei to norske skriftspråka er nynorsk særleg utsett, fordi det er det minst brukte. Ei grunnlovfesting vil gje jamstillinga mellom bokmål og nynorsk sterkare rettsleg forankring og eit tydelegare prinsipielt fundament.
Vi merkar oss at framlegget ikkje har som mål å endre gjeldande rettar og plikter etter språklova eller andre lover. Framlegget er slik å forstå som ei prinsipiell og politisk stadfesting av statusen til norsk språk og dei to norske skriftspråka. Dette ser vi som ein styrke ved framlegget.
Framlegget lyder:
«Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.»
Nynorsk bedriftsforum meiner at ordlyden er enkel, presis og god, i tråd med formuleringane som alt finst i språklova §§ 1 og 4. Det er på høg tid å grunnlovfeste norsk som nasjonalt hovudspråk og bokmål og nynorsk som jamstilte og likeverdige skriftspråk. Vi ber Stortinget vedta framlegget slik det ligg føre.
SpareBank 1 Sogn og Fjordane · 17. november 2026Høyringsuttaling
Sak: Grunnlovsframlegg om ny § 120 b (om norsk som nasjonalt hovudspråk)
10.11.2026
Høyringsuttaling frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Vi viser til høyringa om Grunnlovsframlegg om ny § 120 b (om norsk som nasjonalt hovudspråk. Vi ønskjer å gje våre innspel til framlegget.
SpareBank 1 Sogn og Fjordane er Norges 7. største sparebank, med hovedsete i Sunnfjord kommune i Vestland. Banken nyttar nynorsk som forretningsspråk, med både nynorske nettsider og nynorsk mobilbank. Vi støttar framlegget med grunnlovsføresegn slår fast at norsk språk skal vere hovudspråket i Noreg, og at skriftspråka nynorsk og bokmål skal vere jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.
I dag har 148 land grunnlover med føresegner om nasjonalspråk, og 97 land har grunnlover med føresegner på på ulike vis vernar språkbruk. Det er naturleg at Norge også omtalar språk i si grunnlov.
Vi meiner det er viktig med bevisstheit rundt bevaring av det norske språket. Grunnlovsvern vil vere ein viktig symbolikk i dette arbeidet, og er også ei naturleg modernisering av grunnlova vår.
I grunnlovsendringa meiner vi jamstillinga mellom skriftspråka nynorsk og bokmål må vere nedfelt. Ei grunnlovfesting vil gje den formelle jamstillinga mellom nynorsk og bokmål ei tydelegare rettsleg status. Dette vil vere viktig for nynorsken, som det minste av dei to norske skriftspråka. Nynorsk er ein viktig del av norsk språkarv og kulturarv. I dag nyttar om lag 15 prosent av den norske befolkninga nynorsk som skriftspråk.
På generelt grunnlag meiner vi språk er ein viktig identitetsmarkør, og at det norske samfunnet bør gå langt i å bevare dei ulike språka i Norge. Språk forsterkar kultur og tilhøyrigheit. Vi noterer oss at forslagsstillarane ikkje foreslår å grunnlovfeste statusen til dei andre språka som er omtala i språklova: samiske språk som urfolksspråk, kvensk, romani og romanes som nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk som det nasjonale teiknspråket. Vi vil gjerne understreke at vi meiner det, uavhengig av grunnlovsfesting, er svært viktig at det norske samfunnet legg til rette for å bevare desse.
Vi i SpareBank 1 Sogn og Fjordane stiller oss bak forslaget ved å grunnlovfeste nynorsk og bokmål som jamstilte skriftspråk, og sender samtidig ei generell henstilling om bevaring av språkmangfaldet i Norge.
Lesing, skriving og språkutvikling · 17. november 2026Støtte til framlegg om å grunnlovsfeste norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg
Forskargruppa Lesing, skriving og språkutvikling (LSS) ved Høgskulen på Vestlandet utforskar ulike sider ved skriftspråkslæring og skriftspråkpraksisar, særleg på norske språk. Me i gruppa stør framlegget om å grunnlovsfeste at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Norsk lir under domenetap for engelsk, og me er særleg uroa for domenetapet innan norsk fagspråk. Eit levande norsk fagspråk er essensielt for kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og samfunnsdeltaking. Dei siste åra har to forskingssenter for norsk fagspråk vorte starta opp. Det syner eit auka medvit om at norsk fagspråk verken kjem til eller forsvinn av seg sjølv. Ein må kontinuerleg jobbe for å utvikle, bruke og spreie norsk terminologi og formidling på norsk og mot at særleg engelsk erstattar norsk som bruksspråk fordi bruk av engelsk ofte kan verke som det enklaste valet. Ei grunnlovsfesting av norsk som nasjonalt språk vil synleggjere kor viktig dette er.
Me synest det er særleg positivt at det i grunnlovsframlegget ligg inne at norsk skal forståast i vid forstand, og omfatte både standardiserte og ikkje-standardiserte variantar, munnleg og skriftleg. Noreg vert ofte omtala som eit dialektparadis fordi det norske dialektmangfaldet er svært synleg i offentlegheita. Samstundes er dette ei situasjonsskildring som manglar nyansering. Ikkje alle dialektar vert sett på som like brukbare i alle situasjonar. Den posisjonen dialektbruk har på alle samfunnsdomene, er ikkje naturgjeven eller statisk, og dialektar i heile landet er prega av å miste særpreg. Ei grunnlovsfesting av norsk i vid forstand vil gjere det enklare å halde på det munnlege norske språkmangfaldet.
Forskargruppa LSS er dessutan spesielt interessert i spørsmål som er aktuelle for det mindre brukte av dei to norske språka, nynorsk. Jamvel om nynorsk og bokmål er jamstilte juridisk, er den reelle statusen mellom nynorsk og bokmål ujamn. Det slår særleg negativt ut for unge som veks opp med nynorsk som hovudmål, men også for nynorskbrukarar i alle aldrar. Språklova går allereie langt i å sikre norsk som samfunnsberande språk på alle domene, i å jamstille nynorsk og bokmål og i å slå fast at nynorsk treng ekstra vern som mindre brukt språk, men me er samde med framleggsstillarane om at norsk språk, i vid tyding og med ei framheving av jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, også må få eksplisitt grunnlovsvern.
Senter for vitskapsteori, Universitetet i Bergen · 16. november 2026Innspel til Grunnlovsframlegg om ny §120b
Senter for vitskapsteori ved Univeristetet i Bergen takkar representantane for framlegget om å ta inn omtale av norsk språk og språkleg jamstelling i Grunnlova. Grunngjevinga for framlegget viser til at norsk språk er under press i sterkare grad enn før. Endringa er særleg merkbar når det gjeld vitskapleg publisering, med eit sterkt press i retning av å publisere på engelsk i engelskspråklege tidsskrift og forlag. Sjølv om det er gode grunnar til å vere restriktive når det gjeld grunnlovsendringar, er det samtidig viktig at lovverket vert oppdatert når samfunnsendringar tilseier det. Endring av §120b er ei tydeleg markering av at situasjonen for det norske språket er endra og at rettsstatens institusjonar er i stand til å fange opp og gje retning til endringane. Senter for vitskapsteori støttar forslaget.
Sametinget · 16. november 2026Høringsinnspill - Grunnlovsforslag om ny § 120b - norsk som nasjonalt hovedspråk
Sametingsrådet har gått gjennom grunnlovsforslag om ny §120 b og vil på det sterkeste anmode om at alle språk i Norge som er omtalt i språklova omtales i grunnlovsforslag om ny §120 b.
Det er svært beklagelig at forslagstillerne utelater samiske språk som urfolksspråk, i sitt forslag til grunnlovfesting av språk i Norge.
I Norge er statusen for språkene i Norge stadfestet i språklova, og en grunnlovfesting av alle språkene som omtales i språklova vil være av en viktig symbolsk stadfesting.
Grunnloven slår allerede fast i §108 at staten har et ansvar for å sikre og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv. Dersom en ny §120 b kun fremhever norsk som nasjonalt hovedspråk uten å nevne samisk, kan det tolkes som et hierarki der samiske språk usynlig gjøres på den øverste juridiske og symbolske plassen i landet.
Norge er et flerspråklig land og et land hvor ett av verdens urfolk hører til. Samiske språk er urfolksspråk med historisk rotfeste og hevd lenge før staten Norge ble etablert. Begrepet urfolksspråk forstås som et språk som brukes av, og som opprinnelig tilhører et urfolk, det vil si etterkommere av de som tradisjonelt har vært bosatt i et område før statsgrensene ble etablerte.
Språklova har allerede slått fast at norsk og samiske språk er likeverdige språk og at samiske språk er urfolksspråk i Norge. Formuleringen i loven om samiske språk som urfolksspråk i Norge var en konstatering av at samene har status som urfolk i Norge. Grunnloven bør gjenspeile denne rettslige virkeligheten.
Sett i lys av Kong Haralds tale under åpningen av det tredje Sametinget i 1997, hvor han sa; «Den norske stat er grunnlagt på territoriet til to folk – nordmenn og samer», og den innsatsen den norske stat i årene etter dette har lagt ned for å styrke og utvikle urfolksspråk, tegnspråk og minoritetsspråk i Norge, vil det være unaturlig at ikke alle språkene i Norge omt6ales i grunnloven ved en grunnlovsendring om språk.
Den norske stat førte i generasjoner en aktiv fornorskningspolitikk som var nær ved å utrydde flere av de samiske språkene. Sannhet og forsoningskommisjonen som 1.juni i 2023 la frem sin rapport for Stortinget, hadde som mål å granske historisk fornorskningspolitikk og urett ovenfor samer, kvener/norskfinner og skogfinner. I behandlingen av rapporten vedtok Stortinget 17 anmodningsvedtak inkludert en dyp beklagelse fra Stortinget ovenfor disse gruppene. I henhold til Stortingets behandling av rapporten skal det også legges frem en stortingsmelding om fornorskningspolitikken hver valgperiode, hvor den første legges frem i 2027.
Det vil være av stor verdi at grunnloven omtaler alle språk i Norge, og det anmodes på det sterkeste at formuleringene i språklova § 5 som stadfester at samiske språk er urfolksspråk i Norge, omfattes av forslag til ny §120 b i grunnloven. Dette fordi språklova allerede i formålsparagrafen stadfester at norsk og samiske språk er likeverdige språk i Norge.
Det er vanskelig å se at Stortinget på den ene siden beklager sin urett ovenfor den samiske befolkningen for den aktive fornorskningspolitikken, samtidig som det foreslås en grunnlovsendring som ikke omfatter samiske språk eller er konsultert med Sametinget om. Vi vil gjøre oppmerksomme på at Stortinget som en del av staten har et ansvar for å se til at både konsultasjonsplikten og internasjonale forpliktelser Norge har ovenfor den samiske befolkningen overholdes. Gjennom § 4.1 i sameloven skal saker eller beslutninger som vil kunne påvirke samiske interesser direkte konsulteres om. Stortingets forretningsorden § 27b omtaler samiske interesser, og fremkommer at dersom Stortinget har lov-, budsjett- eller grunnlovssak til behandling som direkte angår samiske interesser, kan det oppstå en situasjon der det er nødvendig at Stortinget enten selv gjennomfører konsultasjoner, eller sender saken tilbake til regjeringen for videre konsultasjoner, hvorpå resultatet av konsultasjonene eller en ny sak legges frem for Stortinget.
Utdanningsforbundet · 16. november 2026Framlegg til skriftleg innspel til høyring om norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg
Utdanningsforbundet støttar framlegget om eit tillegg i Grunnlova: Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk – med tilsvarande tekst på bokmål.
Utdanningsforbundet har ikkje merknad til plassering av tillegget i ny § 120 b i Grunnlova.
Vår vurdering Utdanningsforbundet støttar det tverrpolitiske initiativet på Stortinget om grunnlovsfesting av norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg, og jamstilling mellom nynorsk og bokmål.
Norsk språk er sett under press på fleire måtar. Norsk har over tid vore utsett for domenetap særleg mot engelsk. Dette gjeld som framlegget peikar på, både innanfor fagspråk og akademia og i delar av næringslivet og i populærkulturen. Med dette som bakteppe meiner Utdanningsforbundet at det er viktig at norsk språk generelt får eit grunnlovsvern.
Utdanningsforbundet er samd med vurderinga i framlegget om at grunnlovsvern må inkludere nynorsk og bokmål i sine ulike variantar, og heile breidda av munnleg norsk frå dialektar til nynorsk og bokmål som standardmål.
Vi ser også døme på språkskifte, både frå samisk til norsk og frå nynorsk til bokmål. I denne situasjonen meiner Utdanningsforbundet det er viktig med ei grunnlovsfesting av at nynorsk og bokmål er likestilte og likeverdige norske skriftspråk, slik samisk har eit eksplisitt grunnlovsvern i § 108 i Grunnlova.
Utdanningsforbundet meiner innhaldet i § 1 i språklova og ordlyden i § 4 også bør kome til uttrykk i Grunnlova. Vi meiner ei grunnlovsfesting vil gje den formelle jamstillinga mellom nynorsk og bokmål ein sterkare og tydelegare rettsleg status.
Utdanningsforbundet erkjenner at ein grunnlovstekst i seg sjølv kan ha noko avgrensa verdi som sjølvstendig endringsfaktor for medviten språkleg refleksjon og aktiv språkbruk. Samstundes er språk ein viktig identitetsmarkør og ein sentral kulturfaktor, og Utdanningsforbundet meiner ei grunnlovsfesting har stor symbolkraft og inneber ei klar statusheving både for norsk språk generelt og for nynorsk og bokmål som likestilte og likeverdige skriftspråk.
Utdanningsforbundet er glad for at framlegget til no har hatt brei tverrpolitisk støtte.
Jon Fosse · 12. november 2026Grunnlovsframlegg om ny § 120 b (om norsk som nasjonalt hovudspråk)
I ei globalisert verd treng norsk språk eit sterkare vern enn tidlegare. Det er
mange land som ser at det er behov for å verne om nasjonalspråka sine. 148
av landa i verda har grunnlover som inneheld føresegnet om nasjonalspråk.
Over 200 år etter at Noreg fekk si eiga grunnlov, er det framleis ikkje
grunnlovfesta at norsk skal vere nasjonalt hovudspråk i Noreg.
Eg meiner dette bør takast med i Grunnlova:
«Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte
og likeverdige norske skriftspråk.»
Jon Fosse
Oslo, 12.11.36
Tilsett i fast stilling ved Universitetet i Bergen 1964 - i dag emeritus, med arbeidsplass på SVT UiB · 11. november 2026Styrk norsk språk, nynorsk og bokmål som likestilte norske språk
I dagens situasjon, med KI og engelsk-dominans er det vitalt å styrke norsk (og nordisk) språk, og dette kan m.a. skje ved ei klar og sterk formulering i den norske Grunnlova, om norsk som offisielt språk her i landet, og med nynorsk og bokmål som likestilte språk - i samsvar med framlegget om endring av Grunnlova.
Privatperson · 5. november 2026Innspill til grunnlovsforslag om ny § 120 b
Jeg støtter forslaget til ny § 120 b: «Norsk er det nasjonale hovedspråket i Norge. Bokmål og nynorsk er likestilte og likeverdige norske skriftspråk.» Som norsklærer vil jeg likevel understreke at en slik bestemmelse bare får verdi dersom likestillingen også følges opp i praksis, ikke minst i skolen.
Elevene må få opplæring i og tekster på sin egen målform. Læremidler på nynorsk må komme samtidig og holde samme kvalitet som læremidler på bokmål. Staten bør derfor sørge for at forlagene om nødvendig får ekstra betalt for å utvikle læremidler på nynorsk. Ny teknologi, blant annet kunstig intelligens, gjør det enklere og billigere å lage parallelle utgaver, og bør tas i bruk til dette.
Jeg mener også det bør presiseres at elevene skal arbeide med sidemålet allerede på barnetrinnet. Jo tidligere elevene møter og bruker begge skriftspråkene, desto lettere blir det å oppnå god kompetanse i begge, og desto mer reell blir likestillingen.
Jeg ber komiteen legge vekt på at en grunnlovfestet likestilling må få konkrete følger for opplæringen og læremidlene i skolen.
Gunnar Dyrseth
Lærer i norsk og samfunnsfag, ungdomstrinnet
Arve Ørskog · 2. november 2026STØTTE TIL NY §120b (norsk som nasjonalt hovudspråk)
MITT SVAR:
Jeg har lest framlegget fra forslagsstillerne, og mener dette er et godt forslag som er godt gjennomtenkt og presentert.
Det er trukket paralleller til andre land som allerede har grunnlovsfestet språket sitt som det offisielle språket.
Norge er et lite land med et lite språk og på verdensbasis. Vi må verne språket vårt for at det på lang sikt ikke skal dø ut.
Påvirkning utenfra, særlig fra engelsk er økende, og det finnes mange store norske bedrifter som allerede praktiserer engelsk som arbeidsspråk.
Eksempler på dette er industribedrifter som Equinor, Statkraft, Norsk Hydro og Yara.
Det har jeg forståelse for, men grunnlaget for å lære et annet språk er at må morsmålet (les: det offisielle språket) læres først.
JEG STØTTER FRAMLEGGET I DENNE SAKEN.
Med vennlig hilsen
Arve Ørskog
Postboks 171
6249 ØRSKOG
[email protected]
Kilde: Stortingets høringsprogram og publiserte innspill. Frister og program kan endres; kontroller originalkilden før deltakelse.
Tilbake til alle høringer