stortingsmelding
Meld. St. 3 (2025-2026), Innst. 300 S (2025-2026) · 2025-2026
Statsrekneskapen 2025
- Status
- Ferdigbehandlet
- Type
- KMeldinger fra Regjeringen
- Komité
- Finanskomiteen
- Sist endret hos Stortinget
- 19.5.2026
Kategorisering
Emner
- Departementer
- Statens pensjonsfond
- Statsbudsjettet
Dokumentgrunnlag
Dokumenter i saken
storting
Stortingsreferat 28.04.2026
refe-202526-04-28
storting
Innst. 300 S (2025-2026)
inns-202526-300s
storting
Stortingsreferat 11.06.2026
refs-202526-06-11
storting
Stortingsreferat 12.06.2026
refs-202526-06-12
Offisielt dokument
Tekst fra regjeringen.no
Første publiserte kapittel
Meld. St. 3 (2025–2026)
Dokumenttekst
1 Hovudtrekk i statsrekneskapen
Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen for 2025.
Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2024 til 2025 og overført løyving frå 2025 til 2026. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig. Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2025. Budsjettutviklinga gjennom 2025 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 26 S (2025–2026) Ny saldering av statsbudsjettet 2025.
Det oljekorrigerte budsjettunderskotet vart i nysaldert budsjett anslått til 480,2 mrd. kroner, medrekna endringane i stortingshandsaminga. Det var ein auke på 34,4 mrd. kroner frå budsjettet vart vedteken i desember 2024. Etter dette har underskotet minka med 4,5 mrd. kroner frå nysaldert budsjett til 475,7 mrd. kroner i rekneskapen. Utgiftene vart 8,4 mrd. kroner mindre enn budsjettert, medan inntektene vart 3,9 mrd. kroner mindre. Det er særleg utgiftene under forsvar som vart lågare enn budsjettert. På inntektssida vart skattane noko lågare enn venta, medan inntektene under forsvar vart høgare. Statsrekneskapen vart difor gjord opp med eit overskot på 4,5 mrd. kroner.
For 2025 syner Statens pensjonsfond eit overskot på 634,6 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 639,1 mrd. kroner i 2025.
Rekneskapen og denne meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og med 31.12.2025, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen, sjå kapittel 4.4.
Kapittel 1 gjer greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av fondsmidlar, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg programområda til departementa kvar for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar og garantiar.
1.1 Hovudtal 1
Tabell 1.1 syner statsrekneskapen 2025 etter postgrupper i statens kontoplan for høvesvis utgifter og inntekter. Dei samla utgiftene vart 3 149,0 mrd. kroner, medan inntektene før statslånemidlar vart 3 007,0 mrd. kroner. Underskot før lånetransaksjonar i statsrekneskapen og netto lånepostar (post 90-99) gjev eit brutto finansieringsbehov på 142,0 mrd. kroner. Statsbudsjettet og statsrekneskapen sitt brutto finansieringsbehov vert gjort opp med statslånemidlar som vert bokført på kap. 5999. Samla inntekter i statsrekneskapen medrekna statslånemidlar vert dermed òg 3 149,0 mrd. kroner.
Tabell 1.1 Utgifter og inntekter 2025
Utgifter (mill. kroner)
Samla
Sum utan overføring SPU
Utan petroleum og overføring SPU
Kontantstraum petroleum
Overføring SPU
Driftsutgifter (post 01-29)
278 043
278 043
278 043
0
0
Investeringar (post 30-49)
113 120
113 120
84 406
28 714
0
Overføringar (post 50-89)
2 374 627
1 710 622
1 710 622
0
664 005
Sum utgifter utan lånetransaksjonar
2 765 790
2 101 784
2 073 070
28 714
664 005
Lånetransaksjonar (post 90-99)
383 186
243 611
243 611
0
139 575
Sum utgifter med lånetransaksjonar
3 148 975
2 345 395
2 316 681
28 714
803 580
Inntekter (mill. kroner)
Sal av varer og tenester (post 01-29)
262 589
262 589
30 966
231 623
0
Inntekter i samband med nybygg, anlegg m.m. (post 30-49)
45 025
45 025
6 737
38 288
0
Skattar, avgifter og andre overføringar (post 50-89)
2 462 664
1 982 467
1 559 658
422 809
480 197
Sum inntekter utan lånetransaksjonar
2 770 277
2 290 081
1 597 361
692 719
480 197
Tilbakebetalingar (post 90-99)
236 727
236 727
194 000
42 726
0
Sum inntekter før statslånemidlar
3 007 004
2 526 808
1 791 362
735 446
480 197
Netto post 01-89, utgifter og inntekter (underskot før lånetransaksjonar)
-4 488
-188 297
475 709
-664 005
183 809
+ Netto lånetransaksjonar (post 90-99), utgifter og inntekter
146 459
6 884
49 611
-42 726
139 575
= Brutto finansieringsbehov (statslånemidlar)
141 971
Sum inntekter med lånetransaksjonar
3 148 975
Det oljekorrigerte underskotet i 2025 vart 475,7 mrd. kroner, som er 4,5 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett, slik dette vart vedteke av Stortinget i desember. Statsrekneskapen vart difor gjord opp med eit overskot på 4,5 mrd. kroner, jf. òg tabell 1.4. Frå 2025-budsjettet er det innført ein ny årleg korreksjon av statens kontantbehaldning i samband med revidert nasjonalbudsjett. Det inneber at kontantbehaldninga vert redusert eller auka tilsvarande overskotet eller underskotet i statsrekneskapen året før. Dette vert løyvd som ein finanstransaksjon til eller frå Statens pensjonsfond utland. Finanspostar overført til fondet i 2025 er omtalt i kapittel 1.4, der det går fram at overskotet på 14,7 mrd. kroner i rekneskapen for 2024 er tilbakeført til fondet i 2025.
Tabell 1.2 syner samla eigedelar, gjeld og eigenkapital slik det går fram av kapitalrekneskapen. Eigenkapitalen auka i 2025 med 1 450,5 mrd. kroner, som for det meste skriv seg frå auken i Statens pensjonsfond. Overskotet før lånetransaksjonar aukar eigenkapitalen, medan auka avsetjing av overførte midlar minkar eigenkapitalen. Anna endring i eigenkapitalen er nærare omtalt i kapittel 4, note 17.
Tabell 1.2 Eigedelar, gjeld og eigenkapital (mill. kroner)
2024
2025
Endring
Sum eigedelar
21 804 946
23 231 146
1 426 200
Sum gjeld
882 889
858 612
-24 277
Avslutningskonto (eigenkapital)
Dette er starten på kapittelet. Les hele kapittelet hos regjeringen.no.
Fra forslag til vedtak
Saksgang
Melding
Sak registrert
Dato ikke publisert
Melding
Saken fremmet
Komitebehandling
Sendt til komité
Komitebehandling
Komitébehandling
Dato ikke publisert
Komitebehandling
Saksordfører oppnevnt
Dato ikke publisert
Debatt og vedtak
Votering
Debatt og vedtak
Vedtak
Dato ikke publisert
Offisielle tekster
Innstilling og resultat
Innstilling
Innstilling fra finanskomiteen om Statsrekneskapen 2025
Kort vedtak
Stortinget har behandlet stortingsmeldingen om statsregnskapet for 2025. Kontroll- og konstitusjonskomiteen vil behandle Dokument 1 fra Riksrevisjonen om enkeltelementer i statsregnskapet utover høsten 2026. Stortingsmeldingen ble vedtatt vedlagt protokollen.
Vedtakstekst
Vedtak i samsvar med innstillingen
Resultat
Vedtak
Vedtak 979: Statsrekneskapen 2025
Meld. St. 3 (2025–2026) – Statsrekneskapen 2025 – vedlegges protokollen.
Se vedtaket hos StortingetBeslutninger
Voteringer
Ingen voteringer importert
Voteringer kan komme senere i saksbehandlingen eller ved neste import.
Kilde: Stortingets åpne data – sak. Dokumenter og hendelser gjengis med lenker til originalkildene.
Tilbake til alle saker