Prop. 101 S (2025-2026), Innst. 449 S (2025-2026) · 2025-2026

Endringar i statsbudsjettet 2026 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Status
Ferdigbehandlet
Type
KForslag fra Regjeringen
Komité
Helse- og omsorgskomiteen
Sist endret hos Stortinget
9.6.2026

Kategorisering

Emner

  • HelsevesenHovedemne
  • TrygderHovedemne
  • Helsepersonell
  • Kommunenes økonomi

Dokumentgrunnlag

Dokumenter i saken

Offisielt dokument

Tekst fra regjeringen.no

Første publiserte kapittel

Prop. 101 S (2025–2026)

Les hos regjeringen.no
Dokumenttekst

1 Endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar

1.1 Innleiing

Staten og KS forhandlar med Den norske legeforeningen, Norsk Psykologforening og dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund om endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi som sikrar desse gruppene inntektsauke. Det blir i denne proposisjonen fremma nødvendige løyvingsendringar som følge av desse forhandlingane.

1.2 Fastsetting av basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar

Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar blir fastsett for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år.

Forhandlingane med Den norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar tok til 12. mai 2026. Forhandlingane er ikkje avslutta. Budsjettmessige konsekvensar vil difor ikkje fremjast i vårsesjonen. Regjeringa gjer difor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere nødvendige endringar i budsjettet som følgje av forhandlingane, samt endre forskrifter. Løyvingssakene vil bli lagt fram for Stortinget seinare.

Forhandlingane mellom fysioterapeutorganisasjonane og staten og KS om driftstilskot og takstar starta 18. mai. Forhandlingane er ikkje avslutta. Budsjettmessige konsekvensar vil difor ikkje fremjast i vårsesjonen. Regjeringa gjer framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere nødvendige endringar i budsjettet som følgje av forhandlingane, samt endre forskrifter. Løyvingssakene vil bli lagt fram for Stortinget seinare.

Forhandlingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening og staten og dei regionale føretaka starta 11. mai. Det blei inngått avtale med psykologforeininga 29. mai.

1.3 Løyvingsendringar

Kap. 2711 Spesialisthelseteneste mv.

Post 71 Psykologhjelp

Avtala med psykologforeininga medfører ein auke i honorarinntekta til psykologane tilsvarande 4,7 prosent. Dette gir ein auke i folketrygdas utgifter til refusjonar mv. til psykologane på 14,6 mill. kroner i 2026.

Fra forslag til vedtak

Saksgang

  1. Forslag

    Mottatt fra regjeringen

    Dato ikke publisert

  2. Forslag

    Sak registrert

    Dato ikke publisert

  3. Forslag

    Saken fremmet

  4. Forslag

    Referert i Stortinget

    Åpne hendelseskilden
  5. Komitebehandling

    Sendt til komité

  6. Komitebehandling

    Komitébehandling

    Dato ikke publisert

  7. Komitebehandling

    Saksordfører oppnevnt

    Dato ikke publisert

  8. Komitebehandling

    Innstilling avgitt

    Åpne hendelseskilden
  9. Debatt og vedtak

    Behandlet i Stortinget

    Åpne hendelseskilden
  10. Debatt og vedtak

    Votering

  11. Debatt og vedtak

    Vedtak

    Dato ikke publisert

Offisielle tekster

Innstilling og resultat

Innstilling

Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2026 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Kort vedtak

Stortinget har vedteke endringar i statsbudsjettet for 2026 som følgje av endra takstar for leger, psykologar og fydioterapeutar.

Vedtakstekst

Vedtak i samsvar med innstillingen

Resultat

Vedtak

Allminnelige vedtak

Vedtak 1068: Endringar i statsbudsjettet 2026 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Stortinget samtykker til at Helse- og omsorgsdepartementet får fullmakt til å gjere endringar i løyvingane til dei regionale helseføretaka, kommunane og trygderefusjonane for legehjelp og fysioterapi frå 1. juli 2026. Endringane vil bli gjorde på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening og Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund.

Se vedtaket hos Stortinget
Allminnelige vedtak

Vedtak 1067: Endringar i statsbudsjettet 2026 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

I statsbudsjettet 2026 blir det gjort følgjande endringar: Kap. Post Formål Kroner 2711 Spesialisthelseteneste mv. 71 Psykologhjelp, blir auka med 14 600 000

Se vedtaket hos Stortinget

Beslutninger

Voteringer

Ingen voteringer importert

Voteringer kan komme senere i saksbehandlingen eller ved neste import.

Kilde: Stortingets åpne data – sak. Dokumenter og hendelser gjengis med lenker til originalkildene.

Tilbake til alle saker