proposisjon
Prop. 21 S (2026–2027) · 2026-2027
Endringar i statsbudsjettet 2026 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- Status
- Under behandling
- Type
- KForslag fra Regjeringen
- Komité
- Ikke oppgitt
- Sist endret hos Stortinget
- 20.11.2026
Dokumentgrunnlag
Dokumenter i saken
Offisielt dokument
Tekst fra regjeringen.no
Første publiserte kapittel
Prop. 21 S (2026–2027)
Dokumenttekst
1 Innleiing
Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, og enkelte av inntektene for 2026.
Dei reviderte anslaga for folketrygda sine utgifter og inntekter i 2026 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2026.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet fremmer forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål med 2 139 mill. kroner, å auke løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 724 mill. kroner og å auke løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 445 mill. kroner. Samla foreslår Arbeids- og inkluderingsdepartementet at løyvingane under utgiftskapitla blir redusert med 970 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvingane for inntekter under inntektskapitla med 144 mill. kroner.
Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking m.m.
Post 70 Tilskot
Løyvinga for 2026 er 69,5 mill. kroner.
Store delar av løyvinga blir nytta til å følge opp departementet sine internasjonale forpliktingar. Den årlege størrelsen på EU-kontingentane vil variere frå år til år i programperioden, avhengig av aktivitetsnivået og valutakursen. Det kan òg komme krav i samanheng med avslutning av program etter at perioden er avslutta. For 2026 er det venta eit mindreforbruk som hovudsakleg følger av valutakurs og avslutning av programmet «Employment and Social Innovation».
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 9,5 mill. kroner.
Post 74 Tilskot til Noregs forskingsråd, kan overførast
Løyvinga for 2026 er 144,7 mill. kroner.
Forskingsrådet forventar at utbetalingane i 2026 blir lågare enn tidlegare berekna. Det estimerte mindreforbruket skuldast periodisering av utbetalingar til finansierte prosjekt.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 32,1 mill. kroner. Tilsvarande beløp blir foreslått innarbeidd i tilsegnsfullmakta for utbetaling på eit seinare tidspunkt, jf. forslag til romartalsvedtak. Tilsegnsramma på 278,8 mill. kroner blir uendra. Ved ein inkurie blei ikkje forslag til endringar i tilsegnsfullmakta tatt inn i vedtakslista ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett for 2026. Denne er derfor inkludert i denne proposisjonen.
Sjå nærare forklaring på årsaka til nedgangen i løyving til Forskingsrådet i Kunnskapsdepartementet si omgrupperingsproposisjon.
Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2026 er 15,9 mrd. kroner.
Det ligg føre fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 605, post 01 mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3605, blant anna postane 04 og 05, jf. romartalsvedtak II i Prop. 1 S (2025–2026). Det er samla for dei to inntektspostane venta ei mindreinntekt på 7,6 mill. kroner, jf. omtale under inntektspostane. Kap. 605, post 01 blir paralljustert tilsvarande den samla reduksjonen under inntektspostane.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 7,6 mill. kroner.
Kap. 3605 Arbeids- og velferdsetaten
Post 04 Tolketenester
Løyvinga for 2026 er 5,1 mill. kroner.
Det er venta ein auke i inntektene på 2,4 mill. kroner. Årsakene er eit etterslep av fakturaer frå tidlegare år og meir bruk av eigne tolkar framfor frilanstolkar. Inntekter frå eigne tolkar blir inntektsførte under denne posten, mens inntekter frå frilanstolkar blir inntektsførte under kap. 5701, post 87. Sjå òg omtale under kap. 605, post 01 når det gjeld meirinntektsfullmakt.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2,4 mill. kroner.
Post 05 Oppdragsinntekter m.m.
Løyvinga for 2026 er 70 mill. kroner.
Det er venta ein reduksjon i inntektene på 10 mill. kroner. Årsaka er lågare aktivitet enn venta i prosjektet Delprogram sysselsetting i Oslo. Sjå òg omtale under kap. 605, post 01 når det gjeld meirinntektsfullmakt.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.
Kap. 611 Pensjonar frå statskassa
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga for 2026 er 17,0 mill. kroner.
Nytt overslag er basert på utbetalte pensjonar så langt i 2026 og prognose ut året.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 612 Tilskot til Statens pensjonskasse
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga for 2026 er 14 118 mill. kroner.
Det er behov for å redusere løyvinga med 1 170 mill. kroner. Reduksjonen kjem i hovudsak av at overslaget over premieinntekter (arbeidsgivarpremie og medlemsinnskot) er auka. Hovudårsaka til auken i premieinntektene er at lønnsveksten i 2025 og anslaget for lønnsveksten i 2026 er noko høgare enn tidlegare lagt til grunn. Vidare viser oppdaterte overslag mellom anna at utbetalte alderspensjonar er noko lågare enn tidlegare lagt til grunn.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 170 mill. kroner.
Post 22 Sluttoppgjer, overslagsløyving
Løyvinga for 2026 er -186 mill. kroner.
Løyvinga på posten skal dekke sluttoppgjer for verksemder som melder seg ut av Statens pensjonskasse frå 1. januar 2026. Det er behov for å auke løyvinga med 14 mill. kroner. Dette skriv seg frå oppdatert overslag for innbetaling av eit eingongsoppgjer for framtidig reguleringsansvar knytt til oppsette rettar og pensjonistar frå Flytoget AS.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 14 mill. kroner.
Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak
Post 21 Forsøk med tilrettelagd vidaregåande opplæring, kan overførast
Løyvinga for 2026 er 53,8 mill. kroner.
Totalsummen for prosjekt det er søkt om midlar til, er lågare enn det som blei lagt til grunn for løyvinga. I tillegg har enkelte prosjekt hatt noko lågare forbruk enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.
Post 70 Forsøk med ungdomsprogramyting, kan overførast
Løyvinga for 2026 er 209 mill. kroner.
Oppskalering av ungdomsprogrammet har tatt noko lenger tid enn opphavleg føresett. Det gjer at utgiftene blir lågare enn det som blei lagt til grunn for løyvinga. Det har vore ein positiv utvikling med omsyn til arbeidsdeltaking for ein del av deltakarane i forsøket. Det bidrar også til lågare utgifter.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 69 mill. kroner.
Post 76 Tiltak for arbeidssøkarar, kan overførast
Løyvinga for 2026 er 7 737,5 mill. kroner.
Aktivitetsnivået i arbeidsmarknadstiltaka frå 2025 og inn 2026 var lavt, og gjorde at forbruket ikkje kom opp på budsjettert nivå gjennom våren. Det har ført til mindreforbruk på posten.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 300 mill. kroner.
Post 77 Varig tilrettelagt arbeid, kan overførast
Løyvinga for 2026 er 2 401,7 mill. kroner.
Ved ein inkurie blei ikkje forslag til endringar i tilsegnsfullmakta tatt inn i vedtakslista ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett for 2026. Denne er derfor inkludert i denne proposisjonen. Det er ikkje endringar samanlikna med det som blei omtalt i Prop. 96 S (2025–2026) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2026.
Kap. 640 Arbeidstilsynet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2026 er 974,7 mill. kroner.
Det er forventa ei mindreinntekt på 1,5 mill. kroner knytt til bortfall av refusjonar i samband med internasjonalt arbeid, jf. kap. 3640, post 06. Posten har meirinntektsfullmakt, jf. romartalsvedtak II i Prop. 1 S (2025–2026). Som følge av dette blir det foreslått å redusere utgiftene tilsvarande.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner.
Kap. 3640 Arbeidstilsynet
Post 06 Refusjonar
Kap. 3640 post 06 omfattar refusjonar for midlertidige utlegg og innbetaling av kursavgifter der Arbeidstilsynet tek deltakaravgift.
Det er forventa ei mindreinntekt på 1,5 mill. kroner, i hovudsak knytt til bortfall av refusjonar i samband med internasjonalt arbeid.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner.
Post 86 Gebyr for brot
Løyvinga for 2026 er 60 mill. kroner.
Posten omfattar inntekt frå gebyr som er blitt ilagde verksemder for brot på arbeidsmiljøregelverket, og det er derfor ei utfordring å estimere beløp for løyvinga. Venta inntekt for 2026 er 65 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner.
Kap. 647 Kompensasjonsordning for oljepionerane
Post 01 Driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga for 2026 er på 21,5 mill. kroner.
Posten omfattar utgifter til å drifte nemnda for kompensasjonsordninga for kjemikalieskadde oljepionerar (Oljepionernemnda) og sekretariatet. I tillegg omfattar posten nødvendige kostnader til IKT-utvikling, arkivering, søknadsbehandling og utbetaling av kompensasjon.
Det er Arbeids- og velferdsdirektoratet som står for den administrative oppfølginga og gjennomføringa av kompensasjonsordninga. Det er anslått at det vil vera eit mindreforbruk på posten på 7,5 mill. kroner i 2026.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 7,5 mill. kroner.
Post 70 Kompensasjonsutbetalingar til oljepionerane, overslagsløyving
Løyvinga for 2026 er på 438 mill. kroner.
Posten omfattar utbetaling av kompensasjon til kjemikalieskadde oljepionerar basert på vedtak fatta av Oljepionernemnda.
Det er forventa ei mindreutgift på posten på 358 mill. kroner for 2026. Dette skuldast at det har komme langt færre søknadar enn det som blei lagt til grunn for anslaget om at til saman 650 personar ville oppfylle kriteria for å motta kompensasjon. Anslaget er basert på Oljepionerkommisjonens rapport (NOU 2022: 19), og på berekningar som Oslo Economics har gjort på oppdrag frå kommisjonen. Kommisjonens rapport, inkludert tala frå Oslo Economics, var ute på ei brei høyring og det kom ikkje innspel om anslaga i den samanheng.
Berekningar av denne typen medfører til dels høg usikkerheit knytt til både talet på søknadar som kjem inn, talet på søkarar som vil oppfylle kriteria for å motta kompensasjon, og tidspunktet for når søknadane kjem inn. Bl.a. på grunn av dette har posten fått stikkordet overslagsløvying. Alle som fyller kriteria for å motta kompensasjon, skal få denne utbetalt. Dersom det skulle vise seg at beløpet som er løyva ikkje er tilstrekkeleg, vil regjeringa komme tilbake til dette i revidert nasjonalbudsjett for 2027.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 358 mill. kroner.
Kap. 660 Krigspensjon
Post 71 Tilskot, sivile, overslagsløyving
Løyvinga for 2026 er 56 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka med 1 mill. kroner som følge av mindre justeringar i anslaga for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Kap. 664 Pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår ingen endringar i løyvinga.
Posten får stikkordet «overslagsløyving». Dette som følge av at utgiftsnivået på statstilskotet følger av regelverk etter § 15 i lov om pensjonsordning for arbeidstakarar til sjøs. Stikkordfullmakta omfattar ikkje ei eventuell utløysing av garantitilskot frå staten. Stikkordfullmakta blei gitt i budsjettet for 2027 og posten får tilsvarande også for 2026.
Det blir vist til Prop. 1 S (2026–2027) under Arbeids- og inkluderingsdepartementet og nærmare omtale under kap. 664 Pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs, post 70 Tilskot.
Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Løyvinga for 2026 er 4 710 mill. kroner
Overslaget på posten er auka med 10 mill. kroner som følge av høgare overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Kap. 667 Supplerande stønad
Post 70 Tilskot til personar over 67 år med kort butid, overslagsløyving
Løyvinga for 2026 er 445 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka med 10 mill. kroner hovudsakleg som følge av høgare overslag for gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til uføre flyktningar med kort butid, overslagsløyving
Løyvinga for 2026 er 380 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka med 5 mill. kroner som følge av høgare overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner.
Kap. 671 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar
Post 60 Integreringstilskot, kan overførast
Løyvinga for 2026 er 17 283,2 mill. kroner.
Talet på personar som utløyser integreringstilskot år 2–5, er redusert pga. registrert utvandring og dødsfall. Samtidig er talet på personar som utløyser tilskot år 1 i 2026 auka. Dette kjem av at prognosen for talet på busette i 2026 er auka, og at fleire blei busette mot slutten av 2025. Samla sett bidrar dette til at løyvingsbehovet på posten blir redusert.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 205,5 mill. kroner.
Post 61 Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving
Løyvinga for 2026 er 2 208,1 mill. kroner.
Det er ein reduksjon i prognosen for talet på busette einslege mindreårige i 2026. Det er også færre einslege mindreårige som utløyser tilskot frå og med det andre busettingsåret.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 60,4 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til integreringsarbeid i regi av sivilsamfunn og frivillige organisasjonar
Løyvinga for 2026 er 260,8 mill. kroner.
Dette er starten på kapittelet. Les hele kapittelet hos regjeringen.no.
Fra forslag til vedtak
Saksgang
Forslag
Mottatt fra regjeringen
Dato ikke publisert
Forslag
Sak registrert
Dato ikke publisert
Forslag
Saken fremmet
Beslutninger
Voteringer
Ingen voteringer importert
Voteringer kan komme senere i saksbehandlingen eller ved neste import.
Kilde: Stortingets åpne data – sak. Dokumenter og hendelser gjengis med lenker til originalkildene.
Tilbake til alle saker