Spørsmål 64 · 2025-2026
Kan samferdselministeren leggje fram ei oversikt over antall ulykker på E-39 i strekninga Solevågseidet- til Moa dei 10 siste åra, spesifisert for type ulykker, alvorlige ulykker og ant døde i slike ulykker?
Begrunnelse
Bakgrunnen for spørsmålet
E-39 Solevågseidet-Blindheim til Moa i Møre og Romsdal er ein av landets verste vegstrekningar med tanke på alvorlige ulykker og dødsulykker. Trafikktala spesielt gjennom Blindheimstunellen er langt over 20 000 bilar i døgnet og er av landets mest trafikkerte ett løps tunellar på våre vegar. Samferdselsministeren har i mange samanhengar uttalt at det er eit mål for regjeringa å få ned tallet på hardt skadde og drepte i trafikken, då må det også være god grunn til at denne vegstreknnga faktisk blir løfta opp, prioritert og gjort noko med. - Rett og slett for å redde liv.
Offisielt svar
Svar fra samferdselsministeren
Dei ti siste åra er det registrert 25 politirapporterte personskadeulykker på E39 på strekninga Solavågeide - Blindheimtunnelen - Moa. Det har vore 4 drepne, 4 hardt skadde og 34 lettare skadde i desse ulykkene. 10 av ulykkene var påkøyring bakfrå, 7 var møteulykker, 4 var kryssulykker, medan det var 3 utforkøyringar og ei anna ulykke. Det blir for tida etablert to punkt-ATK (automatisk trafikkontroll) på strekninga, eitt i kvar retning. Det eine er inne i Blindheimtunnelen og den andre er like utanfor. ATK gir god effekt på trafikktryggleiken. Evaluering viser ein reduksjon i antal drepne og hardt skadde rundt ATK-punkt med om lag 50 prosent.
Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.
Tilbake til alle spørsmål