Skriftlig spørsmålBesvart

Spørsmål 363 · 2025-2026

Kan samferdselsministeren leggje fram kva Møre og Romsdal fylkeskommune får kompensert pr gratis ferjestrekning i statsbudsjett framlegget for 2026, synliggjort pr ferjesamband i dette fylket?

Begrunnelse

Bakgrunnen for spørsmålet

Regjeringa har i sitt framlegg til statsbudsjettet lagt til grunn å fjerne gratisferjer til utvalgte øysamfunn. Etter spetakkel med SP har regjeringa på nytt lagt dette inn igjen, der ordninga med gratis ferjer fortsatt skal gjelde ser det ut til. I tidligare spørsmål til statsråden har underteikna stilt spørsmål om kva uttrekk av inntekter og kompensasjon for tapte billettinntekter som var lagt til grunn i statsbudsjetta som kompensasjon til fylkeskommunane sine ferjestrekninger som har blitt gratis. Dette har statsråden ikkje klart og tydeleg klart å svare på, og når dette no vart som utgangspunkt frå regjeringa tatt ut som ordning, dvs. gratisferjene vart kutta, må statsråden no kunne svare på kva fylkeskommunane faktisk får i kompensasjon for desse gratisferje strekningane i statsbudsjettet, sjølvsagt synliggjort pr ferjesamband.

Offisielt svar

Svar fra samferdselsministeren

Etter framlegginga av regjeringa sitt forslag til statsbudsjett, har stortingsgruppa til Arbeidarpartiet gått inn for å vidareføre ordninga med gratis ferjer på samband med under 100 000 passasjerar årleg og til øyar og andre samfunn utan vegsamband til fastlandet i det vidare arbeidet med statsbudsjettet for 2026. Forslaget til statsbudsjett er no til behandling i Stortinget, og regjeringa vil følgje opp Stortinget sine budsjettvedtak når dei er klare. Eg legg til grunn at dersom ordninga med gratis ferje blir ført vidare, vil kompensasjonen bli fordelt gjennom delkostnadsnøkkelen for ferje i inntektssystemet for fylkeskommunane, slik det òg var gjort i 2024 og 2025. Kriteriet for ferjer i kostnadsnøkkelen er dei normerte ferjekostnadene, som blir rekna ut med ein kostnadsmodell utvikla av Møreforsking Molde og ein inntektsmodell utvikla av Kommunal- og distriktsdepartementet basert på eit forslag frå Transportøkonomisk institutt (sjå Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024). Ferjekriteriet blir brukt til å omfordele ei gitt ramme mellom fylkeskommunane, og ikkje til å fastsette størrelsen på ramma eller kompensasjonen for bortfall av billettinntekter. I utrekninga av ferjekriteriet til forslaget til statsbudsjett for 2026 vart det lagt til grunn at alle fylkeskommunale ferjesamband ville kunne ta betaling, med takstar redusert med 50 prosent samanlikna med takstane som gjaldt 1. januar 2021. Ved ei vidareføring av ordninga med gratis ferje, vil det bli lagt til grunn at ferjesamband som er omfatta av ordninga, ikkje har billettinntekter. Dei normerte nettokostnadene ved å drifte desse ferjesambanda vil dermed auke. Kompensasjonen for gratis ferjer vil bli fordelt mellom fylkeskommunane etter deira andel av auken i ferjekriteriet. Den samla kompensasjonen skal leggje til rette for at ordninga kan vidareførast, men det vil vere avvik mellom kompensasjonen den enkelte fylkeskommune får og dei faktiske utgiftene den enkelte fylkeskommune har til gratis ferje. I forslaget til statsbudsjett var rammetilskotet redusert med 255 mill. kroner som ei følgje av forslaget om å avvikle ordninga med gratis ferje. Tabellen under viser korleis dette beløpet vil fordele seg på kvart enkelt samband ved ei vidareføring av ordninga. For Møre og Romsdal sin del utgjer det samla beløpet 48 mill. kroner. Eg gjer samstundes merksam på at midlar til reduserte ferjetakstar kjem i tillegg til kompensasjonen for gratis ferje. Sambandsnavn Kompensasjon gratis ferje (1000 kr) Arasvika - Hennset 2 381 Aukra - Hollingsholmen 16 349 Brattvåg - Dryna 3 321 Edøya - Sandvika 7 214 Eidsdal - Linge 0 Festøya - Hundeidvika 1 705 Hareid - Sulesund 0 Kvanne - Rykkjem 0 Larsnes - Åram - Voksa - Kvamsøya 4 123 Molde - Sekken 1 598 Seivika - Tømmervåg 0 Småge - Orta - Finnøya - Sandøya - Ona 2 382 Solholmen - Mordalsvågen 7 111 Standal - Trandal - Sæbø - Skår 346 Stranda - Liabygda 0 Sykkylven - Magerholm 0 Sæbø - Leknes 1 505 Volda - Lauvstad 0 Åfarnes - Sølsnes 0 Årvika - Koparneset 0 Sum 48 035

Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.

Tilbake til alle spørsmål