Skriftlig spørsmålBesvart

Spørsmål 1178 · 2025-2026

Kan statsråden sei noko om lovligheten å sette opp bomstasjoner på stader der nye vegar ikkje kjem, men der trafikken er stor?

Begrunnelse

Bakgrunnen for spørsmålet

På Osterøy er det lokal diskusjon om en lokal bompengepakke. Øya har allerede hatt fleire bompengeprosjekt som er nedbetalt. Men det diskuteres å sette opp framtidige bomstasjoner ved brua og også langs allerede nedbetalte vegproskekt fordi trafikken det er styrst. Osterøy FrP reagerer på dette og ber meg ta det opp med statsråden om det er lovleg å sette opp bommar ved nedbetalte prosjekt der heller ikkje i ein ny pakke kjem vegprosjekt.

Offisielt svar

Svar fra samferdselsministeren

Rettsleg grunnlag for innkrevjing av bompengar følgjer av veglova § 27. Der framgår det at Samferdselsdepartementet med samtykke frå Stortinget kan fastsetje at det skal krevjast bompengar på offentleg veg, fastsetje storleiken på avgiftene og setje vilkår om bestemt bruk av avgiftsmidlane. På dette grunnlaget er det fastsett eit meir detaljert regelverk og føringar med prosessuelle krav til gjennomføring og innretning av bompengeordningar som skal følgjast opp i førebuing av nye saker. På generelt grunnlag vil eg vise til at bompengeinnkrevjing, inkl. bompengepakker, vert realisert etter initiativ frå lokale styresmakter og førebudd i tråd med retningslinjene for bompengefinansiering. Mellom anna skal både prosjektportefølje og innkrevjingsopplegg vurderast geografisk i forhold til nytteprinsippet for betaling av bompengar. Det er fleire eksempel på bompengepakker der innkrevjinga ikkje nødvendigvis er direkte lokalisert ved tiltaka/prosjekta. Det kan vere at innkrevjingssystemet utgjer ein tett ring rundt tiltaka, eller som i Kvinnheradpakken, at innkrevjinga skjer på ferjestrekningar. Elles skal bompengepakker også ha prosjekt som kan starte opp så snart Stortinget har vedtatt ein proposisjon om pakken. Eg er kjend med at lokale styresmakter har starta opp eit arbeid med å vurdere løysingar for utvikling av vegnettet på Osterøy. Dette arbeidet er i ein tidleg fase, og eg får opplyst at det ikkje ligg føre avklart opplegg for ei eventuell bompengepakke og heller ikkje reguleringsplan for eit mogleg oppstartsprosjekt. Ei eventuell sak ligg difor fram i tid. Samferdselsdepartementet har av den grunn ikkje noko grunnlag for konkret å vurdere eit eventuelt bompengeopplegg på Osterøy no. Eg vil ta stilling til ei eventuell sak når den lokalpolitiske handsaminga er over og det ligg føre bompengesøknad frå Vestland fylkeskommune.

Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.

Tilbake til alle spørsmål