Skriftlig spørsmålBesvart

Spørsmål 1437 · 2025-2026

Kan eg be om oppdaterte kostnadsanslag for følgande strekningar på E39 (2026-kroner)?

Begrunnelse

Bakgrunnen for spørsmålet

Bokn-Bømlafjorden Heiane-Ådland Ringvei øst: Fjøsanger-Arna Ringvei øst: Arna-Vågsbotn Ringvei øst: Vågsbotn-Klauvaneset Flatøy-Eikefettunnelen Eikefet-Romarheim Bogstunnelen-Gaular grense Moskog-Vassenden Skjærsura Våtedalen Byrkjelo-Grodås Hafast Vegsund-Breivika Ålesund-Molde Kjerkeset-Astad Halsafjordsambandet

Offisielt svar

Svar fra samferdselsministeren

Statlege investeringsprosjekt med ei anslått kostnadsramme over terskelverdien på 1 mrd. kroner skal følgje krava til utgreiing, planlegging og kvalitetssikring i statens prosjektmodell, og skal difor gjennom ekstern kvalitetssikring ved to kontrollpunkt før prosjektet eventuelt blir lagt fram for Stortinget. Det er ulik grad av gjennomført kvalitetssikring på dei ulike strekningane i spørsmålet. For nokre av strekningane er det difor knytt stor uvisse til kostnadsanslaget. Det ligg ikkje føre kostnadsoverslag for alle strekningane som representanten spør om. Desse er difor ikkje tekne med i tabellen nedanfor. Dette gjeld: - Ringvei øst: Fjøsanger–Arna - Ringvei øst: Arna–Vågsbotn - Eikefet–Romarheim - Bogstunnelen–Gaular grense - Moskog–Vassenden - Skjærstua - Byrkjelo–Grodås Nedanfor er kostnadsanslag for dei resterande strekningane på E39, i mill. 2026-kr. Strekning Kostnadsanslag Bokn–Bømlafjorden 24 215 Heiane–Ådland 2 892 Ringvei øst: Vågsbotn–Klauvaneset 9 078 Flatøy–Eikefettunnelen 20 704 Våtedalen (Klakegg–Byrkjelo) 2 035 Hafast 84 000 Vegsund–Breivika 7 909 Ålesund–Molde 33 291 Bjerkeset–Astad 1 937 Halsafjordsambandet 17 000 For E39 Ålesund–Molde er det summen av delstrekningane E39 Ørskogfjellet–Vik, E39 Vik–Julbøen, E39 Julbøen–Molde, E39 Breivika–Digernes, E39 Digernes–Dragsundet og E39 Dragsundet–Ørskogfjellet som er oppgjeven.

Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.

Tilbake til alle spørsmål