Skriftlig spørsmålBesvart

Spørsmål 1468 · 2025-2026

Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt over auken og endringane i kollektivkontraktene, frå konvensjonelt drivstoff til nå nullutslipp, satt opp og synelggjort for heile landet, synleggjort ved samtlige kollektivkontrakter som er inngått?

Ordlyd

Spørsmålet

Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt over auken og endringane i kollektivkontraktene, frå konvensjonelt drivstoff til nå nullutslipp, satt opp og synelggjort for heile landet, synleggjort ved samtlige kollektivkontrakter som er inngått?

Begrunnelse

Bakgrunnen for spørsmålet

Regjeringa med støtte frå resten av "tuttifruttpartia" har vedteke at alle offentleg transport med bil, varebil, buss og ferjer skal vere nullutslipp frå og med 1/1-2025. Vi høyrer frå fylket etter fylke at busskontraktene har foke til himmels økonomisk der det mangler milliardbeløp samla sett landet over for å kompensere kostnadsauken i kontraktene for kjøp av Kinesiske el-bussar. Den kraftige kostnadsauken har medført at fylkeskommunane på saldere desse kostnadane frå andre driftsområder, der pålegga om nullutslippsbussar ikkje blir kompensert i øverføringane frå staten. I tillegg til dette er området sjølvsagt også råka av den generelle kraftige prisveksten, som ikkje akkurat gjer situasjonen lettare.

Offisielt svar

Svar fra samferdselsministeren

Eg har ikkje oversikt over samtlege kontraktar i kollektivtransporten. Det er fylkeskommunane som er ansvarlege for den fylkeskommunale kollektivtransporten. Eg vil vise til Kollektivtrafikkforeininga. Dei utarbeider løpande oversikter over kontraktane i kollektivtransporten, herunder oversikt over bruk av teknologi.

Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.

Tilbake til alle spørsmål