Spørsmål 1529 · 2025-2026
Kan eg be om ein tabell som viser berekna samfunnsnytte (både NNB og NNV, 2026-kroner) for samferdselsprosjekt over 1 mrd. kroner som har kommunedelplan, reguleringsplan, ligg i Statens Vegvesens portefølje, Nye Veier sin portefølje, Bane NOR sin portefølje eller i utviklingsporteføljen i NTP?
Offisielt svar
Svar fra samferdselsministeren
Statens Vegvesen Statens vegvesen oversendte forslag til prioritering av prosjekt i planporteføljen til Samferdselsdepartementet i mai 2025. Informasjonen som er etterspurd finnes her: Porteføljestyring av riksveiinvesteringer | Statens vegvesen Følgjande prosjekt som inngår i utviklingsporteføljen til Statens vegvesen har kommunedelplan og/eller reguleringsplan: • E39 Osli-Figgjo • E18 Ramstadsletta-Nesbru • E39 Hordfast (Ådland-Svegatjørn) • E39 Vik-Molde (Møreaksen) • E39 Ørskogfjellet-Vik • E6 Narviktunnelen Det ligg ikkje føre oppdaterte samfunnsøkonomiske berekningar for den samla utviklingsporteføljen til Statens vegvesen. I tråd med føringane i Nasjonal transportplan 2025-2036 har Statens vegvesen i hovudsak prioritert framdrift og utvikling av prosjekta i planporteføljen. Tabellen nedanfor viser Nye Veier sin porteføljeplan med utgangspunkt i den offentlege oversikten som selskapet har gitt ut. Oversikten viser både prioriterte og ikkje-prioriterte prosjekt. Oversikten inneheld ikkje alle prosjekt som inngår i selskapet sin portefølje. Prosjekt som har eit svært umogent plangrunnlag og som har svak samfunnsøkonomisk lønnsemd er ikkje med i tabellen. Det går fram av tabellen hvilket plangrunnlag som ligg føre for det enkelte prosjekt, eller eventuelle pågående planprosesser. Bane NOR Tabellen nedanfor viser effektpakkene/prosjekta som inngår i Bane NOR sin portefølje der bygging ikkje er sett i gang og det ligg føre kommunedelplan/reguleringsplan. For to av effektpakkene ligg det ikkje føre oppdatert berekning av netto noverdi (NNV). Bane NOR og Jernbanedirektoratet arbeider med å få på plass dette. Prosjekt/effektpakke NNB NNV (mill. 2026-kr) Betre lokal- og regiontogtilbud på Austlandet -0,59 -16 006 Auka kapasitet for kombigods Oslo-Trondheim -0,77 -10 518 Fleire tog på Østfoldbanen (Oslo-Fredrikstad) -0,89 - Fleire tog på Vestfoldbanen: To regiontog i timen Oslo-Skien -0,95 - Fleire tog på Jærbanen: Timinuttersintervall Skeiane-Stavanger -1,00 -3 426 Auka kapasitet for kombigods Oslo-Bergen og Fleire tog på Vossebanen (samla analyse) 0,41 1 347
Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.
Tilbake til alle spørsmål