Type 6Besvart

Spørsmål 21 · 2025-2026

om statsråden vil ta initiativ til en gjennomgang av regelverk, kunnskapsgrunnlag og praksis for medisinske cannabispreparat i Noreg, og i den samanhengen vurdere å nytte erfaringane og kunnskapsgrunnlaget frå Danmark.

Ordlyd

Spørsmålet

Om lag éin av tre nordmenn lever med langvarige smerter som påverkar både livskvalitet og arbeidsevne. Når vanleg behandling ikkje gir god nok lindring, endar mange opp på sterke smertestillande legemiddel, opioidar, som kan gi alvorlege biverknader og risiko for avhengigheit. I Noreg er berre to cannabisbaserte legemiddel godkjende: mot spastisitet ved multippel sklerose og mot enkelte sjeldne epilepsiformer. For dei fleste andre pasientar må behandling skje gjennom unntaksordningar, ofte utan refusjon. Samtidig blir slike legemiddel brukte i fleire land, mellom anna Danmark, som etter fleire års forsøksordning har valt å vidareføre ordninga for å samle kunnskap og erfaring. Vil statsråden ta initiativ til ein gjennomgang av regelverk, kunnskapsgrunnlag og praksis for medisinske cannabispreparat i Noreg, og i den samanhengen vurdere å nytte erfaringane og kunnskapsgrunnlaget frå Danmark?

Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.

Tilbake til alle spørsmål