Spørsmål 22 · 2025-2026
om statsråden vil legge frem en erstatningsordning og en statlig unnskyldning for ofrene etter Varhaug-saken, og sikre fremdrift i arbeidet.
Ordlyd
Spørsmålet
Pasientovergrepsutvalet dokumenterte i 2022 grove overgrep mot pasientar utførte av psykolog Sverre Varhaug over fleire tiår. Varhaug vart dømd tre gonger for overgrep mot pasientar, første gong i 1979. På bakgrunn av dette vedtok Stortinget 2. juni 2025 at regjeringa skulle følgja opp anbefalingane frå utvalet og setja i gang arbeidet med ei erstatningsordning for ofra. Eg har teke saka opp med statsråden gjennom skriftlege spørsmål utan å få ein konkret framdriftsplan. Vil statsråden leggja fram ei ordning som gir ofra både erstatning og ei statleg unnskyldning, og vil regjeringa finna midlar i revidert nasjonalbudsjett, slik at desse menneska endeleg kan få oppreising etter fleire tiår?
Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.
Tilbake til alle spørsmål