Spørsmål 2575 · 2025-2026
Kjenner statsråden til at det er sendt ut ordre om å ikkje inngå nye avtaler innanfor vegsektoren i forkant av revidert nasjonalbudsjett, og kjenner statsråden til at dette er eit signal som er sendt ut til etaten?
Begrunnelse
Bakgrunnen for spørsmålet
Samferdsleministeren sa i den muntlege spørretimen til representanten Bård Hoksrud at han ikkje kjente til kva ein ansatt i Statens vegvesen sa på eit møte i Vestlandet om at det ikkje kan signerast kontrakter no fordi det skal kuttast i vegbudsjettet i revidert på grunn av avgiftsreduksjonen Stortinget vedtok.
Offisielt svar
Svar fra samferdselsministeren
Eg er ikkje kjend med at det er sendt ut ein ordre som representanten Njåstad her viser til. Som det går fram av Meld. St. 14 (2023–2024) Nasjonal transportplan 2025–2036, er det ein føresetnad at ressursbruken i det enkelte budsjettåret må bli tilpassa det samla økonomiske opplegget i statsbudsjettet og tilstanden i norsk økonomi. Ytre hendingar og endringar i det økonomiske handlingsrommet påverkar tempoet i gjennomføringa og dei konkrete prioriteringane. Regjeringa er opptatt av å føre en ansvarleg samferdselspolitikk. Det betyr mellom anna at planlegging av nye prosjekt må bli tilpassa dei årlege budsjetta, at vi må ha god kontroll på bindingane som følgjer når vi startar opp nye prosjekt, og at vi må løyse dei viktigaste utfordringa på ein konstandseffektiv måte. Regjeringa vil halde fram med å legge fram budsjett tilpassa ei usikker tid, budsjett som skal gi tryggleik for folk, tryggleik for økonomien og tryggleik for landet.
Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.
Tilbake til alle spørsmål