Skriftlig spørsmålBesvart

Spørsmål 2985 · 2025-2026

Kva slags klima- og miljøkrav vil regjeringa foreslå i den komande konkurransen om kystruta etter 2030, og når vil Stortinget bli involvert i fastsetting av desse rammene?

Begrunnelse

Bakgrunnen for spørsmålet

I høyringane om «framtidas kystrute» har næringa, mellom anna gjennom Maritime CleanTech, peika på at anbodet bør brukast aktivt til å få fram låg- og nullutsleppsløysingar og nødvendig infrastruktur langs kysten. Samtidig er tidlege og tydelege krav avgjerande for å sikre konkurranse og utløyse investeringar. Spørsmålet er korleis regjeringa vil sikre at krava blir tilstrekkeleg ambisiøse og føreseielege til å gi reell teknologiutvikling og utsleppskutt.

Offisielt svar

Svar fra samferdselsministeren

Kva slags klima- og miljøkrav vil regjeringa foreslå i den komande konkurransen om kystruta etter 2030, og når vil Stortinget bli involvert i fastsetting av desse rammene?» Svar: Regjeringa er oppteken av å vidareutvikle grøn skipsfart. Frå 2025 vart det stilt krav om nullutslepp ved offentlege anskaffingar av ferjer, og omsetningskravet for biodrivstoff til sjøfart vart trappa vidare opp. Kystruta er ein viktig del av transportsystemet langs kysten. I gjeldande kontrakt er det allereie krav om maksimalt årleg CO₂-utslepp, som blir skjerpa år for år for å bidra til omstilling. I Nasjonal transportplan 2025–2036 har regjeringa tidlegare varsla at miljøkrava til kystruta skal vurderast i neste konkurranse. Regjeringa meiner det må stillast riktige miljøkrav. Det vil seie krav som gir reell klimaeffekt samanlikna med kostnadene, og som samstundes bidreg til utvikling av låg- og nullutsleppsløysingar i norsk maritim sektor. Arbeidarpartiregjeringa arbeider for at vi skal få eit best mogleg transporttilbod for lokalbefolkninga og næringslivet langs kysten, og vil kome tilbake til Stortinget om ein neste konkurranse og tilhøyrande miljøkrav ved høve.

Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.

Tilbake til alle spørsmål