Spørsmål 16 · 2026-2027
Trygg styring var det samferdselsministeren las opp gong etter gong i meldinga om rikets tilstand frå regjeringa. Det er alt anna enn både trygg styring og trygt på norske vegar, der året no ser ut til å bli det verste året med dødsulykker på ti år. Regjeringa har ikkje løfta ein finger for reelle tiltak for å betre på dette, ikkje dei siste åra, og no heller ikkje i statsbudsjettet. Kan statsråden forklare kvifor ho synest det er greitt at bilistane skal ferdast farleg på norske vegar?
Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.
Tilbake til alle spørsmål