Skriftlig spørsmålBesvart

Spørsmål 225 · 2026-2027

Kor mange droneovervakingssystem er erstatta, kor mange gjenstår og når vil alle systema vere erstatta med system frå land vi har sikkerheitspolitisk samarbeid med?

Begrunnelse

Bakgrunnen for spørsmålet

Stortinget vedtok 10. februar 2026 følgjande etter forslag frå Høgre: "Stortinget ber regjeringen sørge for at Avinor erstatter dronedeteksjonssystemet DJI Aeroscope med tilsvarende systemer fra land Norge har sikkerhetspolitisk samarbeid med, så snart det er praktisk mulig."

Offisielt svar

Svar fra samferdselsministeren

Eg viser til omtalen av oppmodingsvedtak nr. 464 av 10. februar 2026 i Prop. 1 S (2026–2027) for Samferdselsdepartementet. Der går det fram at Avinor AS som selskap har ansvar for dei konkrete vurderingane og avgjerdene om anskaffing av dronedeteksjonssystem, og at selskapet er i gang med anskaffingsprosessen for alternative løysingar for dronedeteksjonssystem frå land Noreg har sikkerheitspolitisk samarbeid med. Arbeidet omfattar leverandørdialog og vurderingar av funksjonalitet, operativ nytte og økonomiske konsekvensar. Avinor utvekslar i denne samanhengen erfaringar med relevante delar av justis- og forsvarssektoren. Innanfor ansvarsområdet til Avinor blir det òg vurdert korleis nye løysingar kan understøtte eit oppdatert situasjonsbilete for droneaktivitet ved lufthamnene og bidra til effektiv informasjonsdeling med offentlege styresmakter med ansvar for luftfart, sikkerheit og beredskap. Sidan anskaffinga ikkje er sluttført, er det på noverande tidspunkt ikkje mogleg å seie når den nye løysinga vil vere på plass.

Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.

Tilbake til alle spørsmål