Spørsmål 15 · 2026-2027
Vintervedlikehaldet og vinterberedskapen på norske vegar har mildt sagt vore utfordrande dei siste åra, med fleire avvik og manglande vedlikehald som har ført til ulykker og til tider alvorleg kaos og stengde vegar, også på hovudvegar som til dømes E6. Kan statsråden leggje fram kva plan regjeringa har for vinterberedskapen og planen for vintervedlikehaldet av riksvegane her i landet, planen for at dette skal bli betre enn det faktisk har vore dei siste vintrane?
Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.
Tilbake til alle spørsmål