Skriftlig spørsmålBesvart

Spørsmål 585 · 2026-2027

17 vekers ventetid på AAP(arbeidsavklaringspengar) hos Nav er ikkje bra. For den enkelte vert det ei tid med økonomisk utryggleik , der ein i enkelte høve må søkje sosialhjelp hos kommunen. Og kommunen som er pressa økonomisk frå før får fleire søknader som ein kunne håndtert av NAV sjølv. Då hadde søkjar sjølv framleis vore i det same systemet og ein kunne lett justert opp eller ned ei eventuell forskuttering i ventetida. Vil statsråden sjå på ei sånn innretting og eventuelt setja den i verk?

Ordlyd

Spørsmålet

Begrunnelse

Bakgrunnen for spørsmålet

I dag er det heile 17 vekers ventetid på behandling av AAP. Dette fører ofte til at kommunane må betala ut sosialhjelp. Ventetida blir ein ekstra belastning for den enkelte samt at det vert ein ekstra økonomisk utfordring på ei allereie stram kommuneøkonomi. Det hadde og vore meir ryddig at Nav sjølv hadde kunne forskuttera AAP- utbetalingane mens søknaden vert behandla , og eventuelt justera opp eller ned etter kvart som søknadane vert ferdigbehandla. Dette vil og sikra at folk får pengane sine tidlegare, utan å måtta søkje sosialhjelp som ofte er meir behovsprøvd og ein meir usikker yting. Det hadde også blitt ein betre flyt og mindre økonomisk press i sakshandsamingstida..

Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.

Tilbake til alle spørsmål