Spørsmål 19 · 2026-2027
Ein tidlegare stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet og andre har oppretta ei lobbygruppe mot regjeringa, med bakgrunn i at dei ikkje får innpass med Arbeidarparti-regjeringa i drøftinga for å kunne forbetre gjeldande ferjeavløysingsordning og regelverket ikring denne. Kan statsråden leggje fram gjeldande ferjeavløysingsordning og korleis denne fungerer og er innretta, og om Arbeidarparti-regjeringa har tenkt å forbetre ordninga utover dagens gjeldande ferjeavløysingsordning?
Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.
Tilbake til alle spørsmål