Skriftlig spørsmålTil behandling

Spørsmål 673 · 2026-2027

Kva vil statsråden gjere for at innovative samarbeidsprosjekt mellom mindre teknologiselskap og konsortier som dekker ukrainske behov og kan leverast raskt, får ein tydeleg veg inn i Nansen-programmet?

Begrunnelse

Bakgrunnen for spørsmålet

Noreg og Ukraina signerte i november 2025 ein intensjonsavtale om ukrainsk droneproduksjon i Noreg som del av «Build with Ukraine». Avtaleverket for det første prosjektet vart signert 27. april 2026, og 23. august signerte statsministeren og president Zelenskyj ei felleserklæring om strategisk partnarskap og ein forsvarsavtale under Drone Deal-rammeverket. I erklæringane frå dei nordisk-baltiske landa (NB8) og Ukraina i Tallinn 9. juni og Kyiv 23. august har Noreg slutta seg til at landa skal fremje samproduksjon med ukrainske selskap, fjerne byråkratiske hindringar og utvide det direkte samarbeidet mellom ukrainske og nordisk-baltiske forsvarsbedrifter. Ein samla utanriks- og forsvarskomité skreiv i Innst. 440 S (2025–2026) at midlar frå den militære delen av Nansen-programmet i større grad kan brukast til samarbeidsprosjekt mellom norske og ukrainske forsvarsbedrifter, så lenge materiellet er etterspurt av ukrainske styresmakter og omsynet til norsk økonomi er teke vare på. Vegen inn for mindre prosjekt er likevel smal. Gjennom portalen hjå Forsvarsmateriell var det sommaren 2025 kome inn om lag 200 forslag frå næringslivet. Departementet valde seks innanfor ei ramme på 300 mill. kroner, og per april 2026 var det inngått kontrakt med fire selskap. FFI opplyste i september at utlysingane i Brave Norway er forseinka. Eg er kjend med at mindre teknologiselskap, også konsortium der norske, europeiske og ukrainske selskap har gått saman om konkrete prosjekt, opplever at det ikkje finst nokon tydeleg prosess, kontaktpunkt eller svarfrist for slike forslag. Andre land har valt meir strukturerte løysingar. Estland har varsla at 15 prosent av støtta for 2027, nær 15 mill. euro, skal gå til samproduksjonsprosjekt, og opprettar ei styringsgruppe som vel ut prosjekta. Tyskland og Nederland finansierer samproduksjon med ukrainske selskap på eiga jord. Spørsmålet gjeld ikkje lågare krav til kvalitet og kontroll, men ein føreseieleg prosess. Eg ber statsråden gjere greie for om regjeringa vil vurdere ei eiga ramme eller eit hurtigspor i Nansen-programmet for mindre prosjekt som ukrainske styresmakter stadfestar behovet for, med faste kriterium og svarfristar, og om dette kan samordnast med andre likesinna nasjonar.

Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.

Tilbake til alle spørsmål