Skriftlig spørsmålTil behandling

Spørsmål 706 · 2026-2027

Kor mange bedrifter i Vestland fylke er kjøpt opp av utenlandske aktørar sidan 2016?

Begrunnelse

Bakgrunnen for spørsmålet

Dei siste åra har vi lese i ei rekkje aviser og fagblad om at verksemder på Vestlandet har vorte kjøpte opp av utanlandske aktørar. Det er ikkje uheldig at norske verksemder er attraktive, men ut frå sakene i media kan det verka som om det har vore ein auke i oppkjøp dei seinare åra som likevel kan vere grunn til bekymring fordi norsk eigarskap forvitrar. Eg ønskjer derfor at statsråden gir meg ei oversikt som viser kor mange verksemder i Vestland fylke som har fått nye utanlandske eigarar i åra 2016–2025 og kva bransjar dei høyrer til. Eg ønskjer at oversikten viser oppkjøp der utanlandske eigarar har teke kontroll over minst 50 prosent av aksjane. Med tanke på den aukande omtalen meiner eg også at statsråden bør ha interesse av å ha slik kunnskap, sidan det er av stor betydning for korleis utviklinga er for norsk og utanlandsk eigarskap. Dersom statsråden ikkje klarer å innhente opplysningane innan tida eit skriftleg spørsmål skal vere besvart, er det interessant å vite om statsråden vil instruere SSB til å utarbeide ei slik oversikt.

Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.

Tilbake til alle spørsmål