Spørsmål 708 · 2026-2027
Svegatjørn-Rådal hadde ved oppstart lagt opp til ei nedbetalingstid på 18 år. Nye prognoser vedrørende trafikkutvikling viser at prosjektet kan bli nedbetalt 5 år før tida. Det samme har vi erfart for andre store veiprosjekt, Trekantsambandet er eit anna eksempel på prosjekt som hadde for konservative trafikkutviklingsanslag, og som vart nedbetalt 3 år før tida. Når vil statsråden ta initiativ til ein revisjon av trafikkutviklingsmodellen for slike store veiprosjekt, slik at det politiske beslutningsgrunnlaget blir meir korrekt?
Ordlyd
Spørsmålet

Begrunnelse
Bakgrunnen for spørsmålet
Det er ei kjend sak at trafikkutviklingsmodellene for store veiprosjekt som i stor grad korter ned reisetida for folk og næringsliv, opererer med svært konservative anslag. Spesielt viser dette igjen på prosjekt der ein i tillegg får innkorting eller avvikling av ferjesamband. Dette fører til at bompengebelastningen innledningsvis blir større enn det som er naudsynt, ein får trafikkavvising, men mest krevjande er det at samfunnsnytten blir feil, og med det blir også prioritering og politisk beslutningsgrunnlag feil. Det har gjentatte ganger vist seg at ein ikkje greier å få med seg dei ringvirkningene ein utvida bu- og arbeidsmarknad har på mobiliteten. Det er difor på høg tid at trafikkmodellane vert revidert i tråd med det som viser seg å vera faktiske konsekvensar, når ein no har gode prosjekt der ein kan vise til historiske tall, og samanlike desse med tallgrunnlag som låg til grunn i modellane.
Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.
Tilbake til alle spørsmål