Skriftlig spørsmålTil behandling

Spørsmål 733 · 2026-2027

Kan statsråden gjere greie for om prosjekt som omhandlar ferjeinnkorting av samband, med ein vesentleg samfunnsgevinst er omfatta av ferjeavløysingsordninga?

Begrunnelse

Bakgrunnen for spørsmålet

Ferjeavløysingsordninga nyttast i dag av fylkeskommunane for å erstatte ferjesamband med fastlandssamband med bru eller tunnel, eller slik vi forstår det - også innkorting av samband. Mange samband, til dømes Askvoll-Værlandet/Bulandet, Stord-Kvinnherad, kan vere aktuelle for ferjeinnkorting, eller erstatte to samband med eitt kortare samband. Då er det viktig med ei avklaring om den eksisterande ferjeavløysingsordninga vil omfatt dette. Vi er klar over at ordninga har eit vedtak i stortinget på å få til ein revisjon og forbetring av ordninga i 2027, men er på jakt etter å få fasit på korleis dette er å forstå pr dagens ordning. Ref Komm prop 2027: "Når et ferjesamband legges ned eller kortes inn vil fylkeskommunen få redusert rammetilskudd knyttet til ferjedrift. Den fylkeskommunale ferjeavløsningsordningen innebærer at fylkeskommunene får beholde differansen mellom hva de ville fått med fortsatt ferjedrift og det de får gjennom inntektssystemet etter at ferjen er erstattet av et nytt veisamband. Differansen blir beregnet som nettoeffekt av å endre kriteriedata i delkostnadsnøkkel for fylkesveiferje og delkostnadsnøkkel for fylkesvei i inntektssystemet."

Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.

Tilbake til alle spørsmål