Spørsmål 8 · 2025-2026
Ingen av dei regionale helseføretaka har i perioden 2020–2024 nådd dei rettleiande tidene for responstid for ambulansebil ved akutte hendingar. Tida det tar frå ei alvorleg hending skjer og til ein pasient får nødvendig helsehjelp er ofte avgjerande for å unngå dødsfall, tap av leveår og funksjonsnivå eller liding. Er statsråden tilfreds med at ingen av dei regionale helseføretaka når dei rettleiande tidene for responstid, eller vil han snart ta grep for å sikra lik tilgang til helsehjelp ved alvorlege hendingar?
Ordlyd
Spørsmålet

Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.
Tilbake til alle spørsmål