Spørsmål 7 · 2025-2026
Regjeringa har foreslått å innføre grunnrenteskatt på småkraftverk under 10 MW og sende tidlegare i haust eit slikt framlegg på høyring. Framlegget har møtt massiv motstand. Eit representantforslag fremja av parti som samla har fleirtal i Stortinget, gjer det klart at regjeringa ikkje har fleirtal for å innføre ein slik skatt. Likevel har regjeringa enno ikkje trekt den pågåande høyringa, noko som skapar stor uvisse. Vil statsråden avslutte høyringa om grunnrenteskatt på småkraft under 10 MW og skape ro i ei viktig næring?
Ordlyd
Spørsmålet

Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.
Tilbake til alle spørsmål