Spørsmål 528 · 2026-2027
Vil regjeringa la oppredningsverket ved gruve 7 bli ståande som eit landemerke og kulturminne etter gruvedrifta i Longyearbyen?
Begrunnelse
Bakgrunnen for spørsmålet
Oppryddinga ved gruve 7 går mot slutten. Sjølve gruva er ferdig rydda, men oppredningsverket er framleis eit synleg minne om mange års gruvedrift. Dersom oppredningsverket blir fjerna, blir det ikkje mogleg å sjå at det har vore ei gruve der. Dermed vil ein sentral del av Svalbards historie vera usynleg. Sysselmeisteren på Svalbard har bede Store Norske, som eig gruva, om å vurdera kulturminneverdiane i arbeidet med avslutningsplanen.
Offisielt svar
Svar fra næringsministeren
Det er Store Norske Gruvedrift AS (SNGD), dotterselskap av Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (Store Norske), som er ansvarleg for oppryddinga etter kolverksemda i Gruve 7. Då selskapet er avhengig av tilførsel av kapital frå staten for å gjennomføre oppryddinga, er det i statsbudsjettet for 2026 løyvd 134 mill. kroner til oppryddinga etter koldrifta. Grunna oppdaterte anslag vart løyvinga redusert med 5 mill. kroner i revidert budsjett for 2026. Departementet legg vekt på at avvikling og opprydding etter gruvedrifta bør skje på ein ryddig og ansvarleg måte, i tråd med krava i driftsløyvet for Gruve 7, krava etter svalbardmiljøloven og oppryddingsplanen. Det overordna målet til departementet for oppryddinga etter Gruve 7 er at den skal gjennomførast så kostnadseffektivt som mogleg innanfor dei rammene som miljøstyresmaktene har sett. Store Norske har utarbeidd ein avslutningsplan med nødvendige tiltak i tråd med dette. I avslutningsplanen for oppryddinga etter Gruve 7 går det fram at Sysselmesteren i brev av 15. november 2022 gir uttrykk for at Gruve 7 har kulturmiljøverdi, og at ein bør vurdere å bevare anlegget som heilskap dersom dette er i samsvar med handtering av forureining, tryggleik og framtidig bruk av området. Når det gjeld kulturmiljø og eventuell etterbruk av bygningar i tilknyting til Gruve 7, har departementet i tilskotsbrev av 22. desember 2025 til Store Norske uttrykt at det skal gjennomførast kost-nytte-vurderingar, og at det skal avklarast om det er eit reelt behov anten hos Store Norske eller andre for eventuell etterbruk av bygningar eller annan infrastruktur. For departementet har det vore vesentleg at eventuell etterbruk er økonomisk forsvarleg, og at det ikkje utgjer ein tryggleiksrisiko. Departementet oppfattar at oppreiingsverket ikkje har nokon stor gjenbruksverdi og at plasseringa av oppreiingsverket inneber utfordringar med fundamentering på grunn av risiko for erosjon i området. Det er mange installasjonar knytte til dei ulike epokane av gruvedrifta (mellom anna Gruve 3 og taubanesentralen) i Longyearbyen, der nokre er automatisk freda, jf. svalbardmiljøloven, medan andre ikkje er freda. Det vil ikkje vere føremålstenleg eller rasjonelt å ta vare på alle, og dei som skal takast vare på, må òg sjåast i samanheng med kvarandre. I tillegg bør framtidig risiko og kostnad knytt til alle enkeltobjekta vurderast.
Kilde: Stortingets åpne data – enkeltspørsmål. Teksten gjengis fra den offisielle datakilden.
Tilbake til alle spørsmål