Prop. 1 S (2026–2027); Innst. 17 S (2026-2027) · 2026-2027

Svalbardbudsjettet 2027

Statsbudsjett 2027

Status
Mottatt av Stortinget
Type
KForslag fra Regjeringen
Komité
Utenriks- og forsvarskomiteen
Sist endret hos Stortinget
13.10.2026

Dokumentgrunnlag

Dokumenter i saken

Offisielt dokument

Tekst fra regjeringen.no

Første publiserte kapittel

Prop. 1 S (2026–2027)

Les hos regjeringen.no
Dokumenttekst

Del 1 Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbardtraktaten vart underteikna 9. februar 1920 og tok til å gjelde 14. august 1925. Same dag tok Svalbardlova (lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard) til å gjelde. Svalbard har sidan den dagen vore ein udeleleg og uavhendeleg del av Kongeriket Noreg.

Svalbard er den nordlegaste delen av Noreg, og omfattar øyene Spitsbergen, Prins Karls Forland, Nordaustlandet, Kong Karls Land, Barentsøya, Edgeøya, Hopen, Bjørnøya og alle holmar og skjer innanfor koordinatane 10° og 35° austleg lengd og 74° og 81° nordleg breidd. Svalbard har eit landareal på 61 022 km2 og utgjer 16 pst. av det totale landarealet i kongeriket. Øya Spitsbergen er den største øya i Noreg, om lag på storleik med Nordland og Troms fylke til saman. Det meste av Svalbard består av store og urørte villmarksområde.

Det bur folk eller er fast aktivitet eller verksemd på sju plassar på Svalbard. Det var registrert 2 914 personar busette på Svalbard 1. januar 2026. Ein person blir rekna for å bu på Svalbard når han eller ho har tatt opphald på øygruppa og har til hensikt å opphalde seg der i minst seks månader.

Longyearbyen er det største lokalsamfunnet og det administrative senteret på Svalbard. Det finst ikkje veg mellom samfunna på Svalbard. Ny-Ålesund har ein kortbaneflyplass med flysamband til og frå Longyearbyen. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at folketalet i Longyearbyen og Ny-Ålesund 1. januar 2026 var 2 512, ein nedgang på 44 personar sidan 1. januar 2025.

I Barentsburg og Pyramiden var det registrert til saman 392 fastbuande i 1. januar 2026. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund var det registrert ti busette på same tidspunkt.

Utanom på øya Spitsbergen bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya.

Tabell 1.1 Folketal i Longyearbyen og Ny-Ålesund, per 1. januar

År

2019

2020

2021

2022

2023

2024

2025

2026

Personar

2 258

2 428

2 459

2 504

2 530

2 617

2 556

2 512

Kjelde: SSB.

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet. Midlar blir overførte til Svalbard både over sjølve svalbardbudsjettet og over dei ulike fagdepartementa sine kapittel på statsbudsjettet. Eit eige svalbardbudsjett gir ei samla oversikt over inntekter og utgifter på Svalbard. Forslag til løyvingar for 2027 er omtalte nærare under punkt 4 nedanfor, jf. òg vedlegg 1 og 2.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2026–2027) for Justis- og beredskapsdepartementet, kap. 480, post 50. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet finansierer i hovudsak den statlege administrasjonen av Svalbard, både verksemd knytt til Justis- og beredskapsdepartementet og verksemd som er underlagd andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Proposisjonen gir vidare ei oversikt over regjeringa sine forslag til satsingar og prioriteringar på Svalbard og ei årleg oppsummering av utviklinga på øygruppa.

Regjeringa vil halde fram med ordninga med eit eige svalbardbudsjett, noko Stortinget har slutta seg til, jf. Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard og Innst. 36 S (2024–2025).

1.3 Prioriteringar i 2027

1.3.1 Oppfølging av melding til Stortinget om Svalbard

Regjeringa la 31. mai 2024 fram ei melding til Stortinget om Svalbard, Meld. St. 26 (2023–2024). Stortinget behandla meldinga jf. Innst. 36 S (2024–2025) og voterte over ho 21. november 2024. Sjå nærare omtale av meldinga under punkt 2.2.1.

Meldinga inneheld to gjennomgåande tema som eit einstemmig Storting har slutta seg til:

  • sterkare statleg styring og nasjonal kontroll på Svalbard
  • styrking av Longyearbyen for å halde oppe det norske familiesamfunnet

Regjeringa vil i 2027 og framover prioritere å følgje opp tiltak som mellom anna er omtalte i meldinga til Stortinget om Svalbard.

1.3.2 Satsingar 2027

Det er foreslått å auke løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med til saman 16,7 mill. kroner til fleire tiltak.

  • 2,8 mill. kroner til delvis dekking av vedlikehaldskostnadar av skredsikringstiltak i Longyearbyen
  • 3,5 mill. kroner til planlegging, organisering og forvaltning i samband med planlagt oppgradering av infrastruktur i Longyearbyen samt utvikling av IT-system
  • 10,4 mill. kroner i husleigekompensasjon i samband med overføring av bustadar frå Longyearbyen lokalstyre til Statsbygg

Regjeringa har som mål at Longyearbyen skal vere ein attraktiv stad å bu for norske familiar. Regjeringa foreslår difor å vidareføre ordninga med Svalbardpris. Regjeringa foreslår difor å auke løyvinga til Svalbard Energi AS med 33,7 mill. kroner til 152,5 mill. kroner. Løyvinga legg til rette for ein pris til privatpersonar og frivillige organisasjonar på 1,26 kr/kWt for straum og 0,63 kr/kWt for fjernvarme. Løyvinga skal òg bidra til reduserte energiprisar for næringslivet i Longyearbyen.

Det er forslått å auke løyvinga til Sysselmeisteren på Svalbard med 3,5 mill. kroner til ressursar til planlegging, organisering og forvaltning i samband med planlagt oppgradering av infrastruktur i Longyearbyen samt utvikling av IT-system.

Det er foreslått å vidareføre den auka løyvinga til Svalbard kyrkje i tråd med budsjettforliket for 2026. Det er difor foreslått å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner samanlikna med Gul Bok for 2026.

1.3.3 Langsiktige investeringar

Energiforsyninga i Longyearbyen er organisert i selskapet Svalbard Energi AS (SEAS). Eigarskapet til SEAS vart i januar 2026 overført frå Longyearbyen lokalstyre til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (Store Norske), eit heileigd selskap under Nærings- og fiskeridepartementet. Store Norske vil som eigar av SEAS oppgradera energiforsyninga i Longyearbyen. Energioppgraderinga er eit komplekst prosjekt som går over om lag ti år. Sjå omtale i punkt 2.2.5.1 og i Prop. 1 S (2026–2027) for Nærings- og fiskeridepartementet for nærare omtale.

Regjeringa foreslo i Prop. 47 S (2024–2025) å gi Nærings- og fiskeridepartementet fullmakt til å skaffe nytt sjøfibersamband til Svalbard og Jan Mayen frå Space Norway AS, innanfor ei kostnadsramme på 2 835 mill. 2025-kroner. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 174 S (2024–2025).

Dagens sjøfibersamband mellom Harstad og Longyearbyen når slutten av si estimerte tekniske levetid i 2028, og må erstattast for at stabilt telekommunikasjonssamband til Svalbard skal kunne oppretthaldast. Arbeidet med å etablere sambandet er i gang. Sambandet skal vere operativt frå 2028. Sjå nærare omtale under punkt.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har gitt Statsbygg i oppdrag å starte opp ein avklaringsfase for første byggetrinn for utskifting av statlege bustadar i Longyearbyen. Gjennom avklaringsfasen vil ein utarbeide eit avgjerdsgrunnlag for å vurdere om ein skal gå vidare med konseptet, jf. krav i Finansdepartementet sitt rundskriv R-108 Statens prosjektmodell – Krav til utredning, planlegging og kvalitetssikring av store investeringsprosjekter i staten. Konseptet som blir greia ut er at Statsbygg over ein 30-årsperiode erstattar bustadar bygd før 2018/19 med nybygg.

Samferdselsdepartementet ga i mars 2026 Avinor i oppdrag å setje i gang eit arbeid med ei konseptvalutgreiing (KVU) for Svalbard lufthamn. Ein skal greie ut ulike konsept som sørgjer for at lufthamna framleis er eit robust transport- og beredskapstilbod. Konseptvalutgreiinga skal etter planen vere ferdig i 2027.

1.4 Offentlege myndigheiter på Svalbard

1.4.1 Sysselmeisteren på Svalbard

Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på Svalbard og tek vare på dei statlege interessene der. Sysselmeisteren er politimeister og har same mynde som ein statsforvaltar. Kjerneoppgåvene til Sysselmeisteren er ansvaret for rednings- og beredskapsarbeidet, politi- og påtalemakta og miljøforvaltninga. Sysselmeisteren deltek i utforminga, utøvinga og oppfølginga av svalbardpolitikken.

Som politimeister leier Sysselmeisteren påtalemakta og verksemda elles i politiet og har same ansvar og mynde som politimeistrane på fastlandet. Sysselmeisteren har ei sentral rolle i å handtere hendingar som oppstår på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Sjå punkt 2.2.4 om beredskap på Svalbard for nærare omtale av Sysselmeisteren si rolle i arbeidet.

I eigenskap av rolla som statsforvaltar utfører Sysselmeisteren ei rekkje sivile oppgåver som er delegerte frå ulike departement. Sysselmeisteren er regional statleg miljøvernmyndigheit på Svalbard. Sysselmeisteren har ansvaret for å handheve miljøregelverket og for oppsynet med at regelverket blir følgt.

Til saman gir dei samla oppgåvene til Sysselmeisteren det mogleg å ha ei god fagleg forvaltning av enkeltsaker, godt informasjonsarbeid og effektiv etterforsking av miljøkriminalitet.

1.4.2 Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre har som formål å utøve eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre i Longyearbyen. Det rettslege rammeverket for Longyearbyen lokalstyre følgjer av Svalbardlova. Myndigheitsområdet til lokalstyret er Longyearbyen arealplanområde. Longyearbyen lokalstyre har oppgåver av same type som kommunane på fastlandet. Samstundes har Longyearbyen lokalstyre eit snevrare ansvarsområde og yter færre velferdstenester. Som for kommunane følgjer oppgåver og ansvar av særlover, mens ansvaret for infrastruktur er lagt til Longyearbyen lokalstyre direkte gjennom Svalbardlova.

Longyearbyen lokalstyre skal utøve mynda og verksemda si og sikre ei rasjonell og effektiv forvaltning av fellesinteressene innanfor nasjonale rammer og ramma av norsk svalbardpolitikk.

Justis- og beredskapsdepartementet og Longyearbyen lokalstyre har kontaktmøte to til tre gonger i året. Dialogen departementet har med lokalstyret er viktig for å sikre ei utvikling av samfunnet i Longyearbyen i tråd med dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Longyearbyen lokalstyre har ei generell beredskapsplikt, jf. sivilvernlova §§ 14, 15 og 29 med forskrift. Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunane og Longyearbyen lokalstyre skal sjå heile arbeidet med tryggleik i samanheng og planleggje ut frå dette. Longyearbyen lokalstyre er ansvarleg for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap og skal vurdere om det trengst særskilde førebuingar. Sysselmeisteren på Svalbard fører tilsyn med korleis Longyearbyen lokalstyre følgjer opp pliktene.

1.4.3 Andre aktørar

På svalbardbudsjettet blir det løyvd midlar til fleire statlege aktørar som er styrte av dei respektive fagdepartementa:

  • Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard
  • Kystverket
  • Statsbygg Svalbard
  • Skattekontoret på Svalbard
  • Norsk Polarinstitutt
  • Meteorologisk institutt

Svalbard Museum, Svalbard kyrkje og Svalbard Energi AS får òg løyvingar over svalbardbudsjettet.

I tillegg har ei rekkje andre statlege aktørar verksemd på Svalbard, som blir finansiert utanfor svalbardbudsjettet. Det gjeld mellom anna:

  • Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS
  • Miljødirektoratet
  • Riksantikvaren
  • Nav
  • Avinor
  • Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS)
  • Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus
  • Statens kartverk
  • Svalbard globale frøkvelv
  • Norsk helsenett SF
  • Forbrukartilsynet
  • Tolletaten
  • Nærings- og fiskeridepartementet, som forvaltar grunneigedom på Svalbard direkte, med lokalt tilsette

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

2.1 Overordna mål

Det er lang tradisjon for brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Svalbardpolitikken er samansett av ulike politikkområde som alle er ramma inn av dei fem overordna måla for svalbardpolitikken. Måla vart første gong formulerte i samband med Stortinget si behandling av meldinga til Stortinget om Svalbard frå 1985, og har lege fast sidan då. Måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten
  • å overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd
  • bevaring av ro og stabilitet i området
  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området
  • å halde oppe norske samfunn på øygruppa

Måla vart sist stadfesta av Stortinget i samband med behandlinga av Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard, jf. Innst. 36 S (2024–2025). Semja om hovudlinjene i svalbardpolitikken gir ei langsiktig forvaltning av øygruppa, noko som medverkar til tryggleik for befolkninga på øygruppa og til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen.

2.2 Justis- og beredskapsdepartementet sitt mål for polarpolitikken: Godt forvalta polarområde

Alle departementa har i dag ei rolle i gjennomføringa og utforminga av svalbardpolitikken og er involverte i arbeidet med å nå måla. Sjå omtalen under punkt 4. Sektoransvaret til departementa gjeld på Svalbard som på fastlandet. Statsrådane er konstitusjonelt ansvarlege for fagområda til departementa sine på Svalbard på same måte som i resten av landet.

God forvaltning av Svalbard føreset god koordinering av svalbardsaker mellom departementa og på tvers av forvaltningsnivå. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å samordne polarsaker i statsforvaltninga og er tildelt eit eige ansvar for å koordinere norsk svalbardpolitikk.

Utover måla som er fastsette av Stortinget, har Justis- og beredskapsdepartementet eit eige mål for politikken i Arktis og Antarktis: Godt forvalta polarområde.

«Godt forvalta polarområde» inneber at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk.

2.2.1 Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard

Meld. St. 26 (2023–2024) er nummer seks i rekkja av heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard (svalbardmeldingar) sidan 1975. Svalbardmeldingane signaliserer regjeringa sine mål og ambisjonar for forvaltninga av Svalbard, og blir forankra i Stortinget gjennom behandlinga der.

Longyearbyen har endra seg frå å vere eit samfunn basert på kolverksemd til å bli eit meir moderne familiesamfunn med eit differensiert næringsliv. Samstundes har befolkninga auka og befolkningssamansetjinga endra seg. Svalbard er prega av auka aktivitet, og interessa for bruk av Svalbard i samband med forsking aukar. Med eit varmare klima er kystområda på Svalbard lettare tilgjengelege for ulike typar fartøy. Vidare er den tryggingspolitiske situasjonen globalt og i Noreg sine nærområde prega av eit større alvor og er meir uføreseieleg enn då den førre svalbardmeldinga vart lagd fram i 2016.

Regjeringa varsla i Meld. St. 26 S (2023–2024) at ein vil styrkje statleg styring og nasjonal kontroll på Svalbard i tråd med utviklingstrekka som er omtalte ovanfor. Regjeringa varsla òg at ein vil styrkje det norske familiesamfunnet i Longyearbyen. Andre tiltak som var varsla er besøksbidrag frå reisande til Longyearbyen, betre bustadar innanfor ramma av bustadmassen som var der før skreda i 2015 og 2017, gjere allmenngjeringslova gjeldande på Svalbard, etablering av eit eige Svalbard forskingskontor og regulering av omfanget av cruiseaktiviteten.

Under behandlinga av meldinga slutta eit einstemmig Storting seg nok ein gong til å vidareføre dei overordna måla for svalbardpolitikken som er omtalte under punkt 2.1.

2.2.2 Oppmodingsvedtak

Stortinget fatta to oppmodingsvedtak i samband med behandlinga av meldinga:

Helse- og omsorgsdepartementet er ansvarleg departement for oppfølginga av oppmodingsvedtak om psykisk helsevern. Sjå omtale under punkt 4.6.2.

Justis- og beredskapsdepartementet følgde opp oppmodingsvedtak om flyfraktkapasitet gjennom eit ekstraordinært omstillingstilskot. Hensikten var å sørge for at Longyearbyen lokalstyre kunne skaffe til vegs nødvendig flyfraktkapasitet i 2025, inntil dei lokale aktørane har komme fram til ei langsiktig løysing. Stortinget slutta seg til forslaget. Sjå Prop. 18 S (2024–2025) og Innst. 80 S (2024–2025). Regjeringa skreiv på den bakgrunn i Meld. St. 4 (2025–2026) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2024–2025 at vedtaket har blitt følgt opp.

Stortinget skreiv så i Innst. 125 S (2025–2026) at «Komiteens flertall, medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre, Senterpartiet, Rødt og Kristelig Folkeparti mener vedtaket ikke kan utkvitteres nå.»

Regjeringa foreslo difor i samband med revidert nasjonalbudsjett i 2026 å vidareføre løyvinga med 10,0 mill. kroner. Stortinget slutta seg til forslaget. Sjå Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026).

Justis- og beredskapsdepartementet har bedt Longyearbyen lokalstyre bruke noko av løyvinga til å evaluere bruken av midla samt greie ut forslag til varig løysing. Justis- og beredskapsdepartementet vil fortsette å rapportere på oppfølginga. Sjå òg omtale i punkt 2.2.5.4.

2.2.3 Koordinering av norsk polarpolitikk

Det interdepartementale polarutvalet (Polarutvalet) er eit koordinerande og konsultativt organ for behandlinga av polarsaker i sentraladministrasjonen. Utvalet arbeider etter instruks for behandling av polarsaker og for Det interdepartementale polarutvalg (polarutvalgsinstruksen). Utvalet skal vere eit særleg rådgivande organ for regjeringa i slike saker. Samstundes gjeld avgjerdsmynda til fagdepartementa og det konstitusjonelle ansvaret til den aktuelle statsråden for dei ulike sakene. Utvalet har møte om lag ti gonger i året. Sysselmeisteren møter fast.

Lovgiving er eit sentralt verkemiddel for å styre samfunnsutviklinga innanfor ramma av måla for svalbardpolitikken. Svalbardlova § 2 slår fast at norsk privatrett og strafferett og norsk lovgiving om rettspleie gjeld for Svalbard når ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje for Svalbard utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg bli gitt særskilde forskrifter for Svalbard.

Det rettslege rammeverket for Svalbard skal vere mest mogleg likt rammeverket for fastlandet. Ny lovgiving for fastlandet skal som hovudregel takast i bruk for Svalbard, om ikkje særlege forhold taler mot det eller det er behov for unntak eller tilpassingar. Lovverket skal gjelde for heile øygruppa og handhevast likt overalt. Samstundes kan ikkje ny lovgiving alltid takast i bruk for Svalbard utan at det blir gjort tilpassingar. Det kan vere behov for overgangsordningar eller at lova tek til å gjelde for Svalbard på eit seinare tidspunkt. Andre former for å fase inn lovverk kan òg vere nødvendig, til dømes fordi lokale verksemder har behov for omstilling. Tilpassingar kan vere nødvendige pga. til dømes folkerettslege, klimamessige, geografiske eller administrative forhold. Døme på det siste kan vere at det ikkje finst lokale instansar eller forvaltningsnivå på Svalbard som motsvarer dei på fastlandet.

Dette er starten på kapittelet. Les hele kapittelet hos regjeringen.no.

Fra forslag til vedtak

Saksgang

  1. Forslag

    Sak registrert

    Dato ikke publisert

  2. Forslag

    Saken fremmet

  3. Forslag

    Referert i Stortinget

    Åpne hendelseskilden
  4. Komitebehandling

    Sendt til komité

  5. Komitebehandling

    Komitébehandling

    Dato ikke publisert

  6. Komitebehandling

    Frist for innstilling

  7. Debatt og vedtak

    PLBEHS

Sammenheng

Beslutninger

Voteringer

Ingen voteringer importert

Voteringer kan komme senere i saksbehandlingen eller ved neste import.

Kilde: Stortingets åpne data – sak. Dokumenter og hendelser gjengis med lenker til originalkildene.

Tilbake til alle saker