proposisjon
Prop. 1 S (2026–2027); Innst. 14 S (2026-2027) · 2026-2027
Statsbudsjettet 2027 (kapitler fordelt til familie- og kulturkomiteen)
Statsbudsjett 2027
- Status
- Mottatt av Stortinget
- Type
- KForslag fra Regjeringen
- Sist endret hos Stortinget
- 13.10.2026
Dokumentgrunnlag
Dokumenter i saken
proposisjon
Prop. 1 S (2026-2027) (KLD)
proposisjon
Prop. 1 S (2026-2027) (KUD)
storting
Stortingsreferat 13.10.2026
refs-202627-10-13
Offisielt dokument
Tekst fra regjeringen.no
Første publiserte kapittel
Prop. 1 S (2026–2027)
Dokumenttekst
Del 1 Innleiande del
1 Hovudprioriteringar
Tryggleik for barn og unge er eit av fem satsingsområde i regjeringa sin plan for Noreg. I Noreg skal det ikkje vere bakgrunn eller bustad som avgjer kva for moglegheiter du får. Familie- og oppvekstpolitikken skal derfor bidra til tryggleik og like moglegheiter for alle barn, gi høve til å kombinere arbeid med omsorg for barn og støtte opp om arbeidslinja. Godt innretta familieordningar og ein heilskapleg oppvekstpolitikk medverkar til ein betre oppvekst for barn og unge, og gir vinstar for den einskilde, for familiar og for samfunnet.
Tryggleik for barn og unge handlar òg om å verne barn og unge mot skadeleg innhald og uønskt påverknad på nett, samtidig som dei grunnleggjande rettane deira blir tekne hand om. Barn og unge, og foreldra deira, skal ha kompetanse til å handtere ein stadig meir digital kvardag. For å møte nye utfordringar og moglegheiter, vil regjeringa vidareutvikle ein oppdatert og kunnskapsbasert politikk for den digitale oppveksten til barn og unge. Å få på plass ei lov om aldersgrense for bruk av sosiale medium er ei hovudprioritering.
Det er viktig for regjeringa å førebyggje utanforskap og redusere skilnadene i samfunnet. Dei universelle familieordningane medverkar til å tryggje dei økonomiske rammene rundt familien, deler om ressursar og motverkar utanforskap og låginntekt, samstundes som insentiva til arbeid står ved lag. At dei foreldra som kan, kjem i arbeid og aktivitet, er avgjerande for å redusere fattigdom blant barnefamiliar og for å nå regjeringa sitt mål om 150 000 fleire i jobb.
Regjeringa vil styrkje arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet. Kriminaliteten kan skape frykt i nærmiljøa og råkar særleg andre barn og ungdommar. Ungdommane som står for gjenteken og alvorleg kriminalitet, kan ha utrygge familietilhøve og samansette hjelpebehov. Førebyggjande tiltak må rettast mot både barnet og ungdommen det gjeld, og familien og miljøet rundt. Kriminelle handlingar skal møtast med raske og treffsikre reaksjonar som bidrar til å hindre nye lovbrot.
Barn og unge som lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling, er blant dei som aller mest treng at fellesskapet tar ansvar for deira tryggleik. Regjeringa vil arbeide for at barn og unge som treng hjelp frå barnevernet, får tidleg og tverrfagleg hjelp. Hjelpa skal møte behova til barna og bidra til positiv endring. Foreldre skal òg få hjelp og støtte til å yte god omsorg for barna sine.
Dei viktigaste prioriteringane framover er at bistandsplikta blir oppfylt, slik at barn får riktig tilbod når dei treng det; god styring og kostnadskontroll, slik at ressursane blir brukte på ein måte som gir best mogleg hjelp til barna; og oppfølging av kvalitetsløftet med ei ny retning for institusjonstilbodet, som særleg skal sikre betre helsehjelp og hindre unødvendige flyttingar. I arbeidet inngår oppfølging av ekspertutvalet for styring og organisering av statleg barnevern og områdegjennomgangen av institusjonsbarnevernet. I tillegg vil arbeidet med å hindre at kriminelle får innpass i barneverns- og andre velferdstenester få høg prioritet.
Regjeringa ønskjer eit livssynsope samfunn med eit mangfald av trus- og livssynssamfunn. Trus- og livssynssamfunna er viktige både for einskildmenneske og for storsamfunnet. For mange menneske er dei viktige fellesskap som skapar tilhøyrsle og identitet. Både Den norske kyrkja og dei andre trus- og livssynssamfunna er sentrale ressursar som ein del av sivilsamfunnet og den frivillige sektoren.
Kyrkjebygga er ein viktig del av den norske kulturarven. Dei fortel om opptil 1000 års kulturhistorie. Saman med gravplassane rundt kyrkjene er dei kjelder til både kunnskap og opplevingar. Kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand, og staten skal bidra med tilskot til istandsetjing i tråd med «Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg». Dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i tråd med eigenarten sin.
Forbrukaragenda 2030, som regjeringa la fram hausten 2026, peiker ut retninga for ein forbrukarpolitikk som skal underbyggje det overordna målet i regjeringa sin plan for Noreg om å sikre folks tryggleik og moglegheiter. I agendaen er det tydeleggjort at forbrukarpolitikken skal verne rettane til forbrukarane og medverke til ein forbrukarkvardag som fungerer til det beste for både den einskilde og samfunnet som heilskap. Framover vil innebygd forbrukarvern og strukturelle tiltak bli viktigare enn omfattande informasjonskrav. Regelverket som skal verne forbrukarane, må vere tydeleg og handhevast effektivt. Internasjonalt samarbeid vil òg vere viktig. Forbrukarpolitikken må dessutan i større grad ta omsyn til korleis forbruket påverkar miljøet, økonomien og samfunnet.
1.1 Familie og oppvekst
Regjeringa vil føre ein familie- og oppvekstpolitikk som bidreg til trygge og gode oppvekstvilkår, uavhengig av bakgrunn og inntekt. Regjeringa vil utvikle vidare dei universelle ordningane for alle barn og unge, og støtte opp om arbeidslinja. At foreldra er i arbeid, er viktig for sjølvstendet til den einskilde, for familiane si velferd og for å halde velferdsstaten ved lag over tid. Familie- og oppvekstpolitikken skal gjere det mogleg å kombinere familie og jobb i kvardagen. Barn som veks opp i Noreg, skal få trygg og god omsorg og ha høve til å utvikle seg. Politikken skal styrkje foreldre i foreldrerolla deira, og verne barn frå vald og omsorgssvikt. Foreldre skal få hjelp med utfordringar, helst før dei veks til alvorlege problem.
Dette har vore viktige tiltak for barn, unge og familiar i 2025 og så langt i 2026:
- Endringar i krisesenterlova, jf. Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.), tok til å gjelde 1. januar 2026.
- Ny barnevoldsundersøkelseslov, jf. Prop. 141 (2024–2025) Lov om undersøkelser av offentlige virksomheters arbeid i saker om drap, vold, overgrep og omsorgssvikt mot barn (barnevoldsundersøkelsesloven), tok til å gjelde 1. juli 2026.
- Melding om trygg digital oppvekst – Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn er handsama av Stortinget.
- Oppvekstmeldinga, Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – Uansett bakgrunn, er handsama av Stortinget.
- I 2025 vart barnetrygda auka med 202 kroner. I 2026 vart heile barnetrygda prisjustert frå 1. februar 2026. Den ordinære barnetrygda for alle barn 0–18 år er no 2012 kroner per månad.
- Det er gitt eit tillegg i barnetrygda per månad til stønadsmottakarar busette i Finnmark, Svalbard og Nord-Troms (Karlsøy, Kvænangen, Kåfjord, Lyngen, Nordreisa, Skjervøy og Storfjord) frå 1. oktober 2025. Tillegget er no på 512 kroner per månad.
- I 2025 vart det etablert ei ny tilskotsordning for oppgradering av krisesenterbygg på 20 mill. kroner. Ordninga er vidareført i 2026.
- Det er frå 1. januar 2025 etablert ei undersøkingsordning i Statens helsetilsyn for saker som gjeld drap, vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn.
- Regjeringa har etablert Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge (Førebyggingsprogrammet), ei ny tverrsektoriell tilskotsordning som skal styrkje det førebyggjande arbeidet i kommunane. Ordninga samlar fleire eksisterande, sektorvise tilskotsordningar til kommunane i éi felles ordning. I 2026 vart det tildelt 519 mill. kroner gjennom ordninga til kommunane sitt førebyggjande arbeid.
- Samfunnsoppdraget for å inkludere barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv vart starta opp i 2025.
- Det vart i 2025 og 2026 gitt midlar til tiltak for ein tryggare digital oppvekst for barn og unge, irekna arbeid mot negative effektar av sosiale medium.
- I 2025 vart det løyvd om lag 450 mill. kroner til arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet. Løyvinga vart vidareført i 2026, og blir òg føreslått vidareført i 2027. Tiltaka i satsinga er målretta mot område og miljø i Noreg med kriminalitetsutfordringar over tid, slik som: Auka kapasitet for mindreårige i kriminalomsorga, beredskapsteam og skulemiljøteam. – Kunnskapsdepartementet Forbetring av straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. – Justis- og beredskapsdepartementet Hurtigspor for raskare behandling av straffesaker der gjerningspersonen er under 18 år i Agder, Oslo, Vest og Aust politidistrikt. – Justis- og beredskapsdepartementet Kriminalitetsførebyggjande foreldrestøttande tiltak. Utviding av arbeidet med den tverrfaglege modellen for å førebyggje vald i nære relasjonar (RISK). Styrking av multisystemisk terapi (MST) og andre tiltak for førebygging i barnevernet. Sjå nærare omtale under Barnevernet.
- Auka kapasitet for mindreårige i kriminalomsorga, beredskapsteam og skulemiljøteam. – Kunnskapsdepartementet
- Forbetring av straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. – Justis- og beredskapsdepartementet
- Hurtigspor for raskare behandling av straffesaker der gjerningspersonen er under 18 år i Agder, Oslo, Vest og Aust politidistrikt. – Justis- og beredskapsdepartementet
- Kriminalitetsførebyggjande foreldrestøttande tiltak.
- Utviding av arbeidet med den tverrfaglege modellen for å førebyggje vald i nære relasjonar (RISK).
- Styrking av multisystemisk terapi (MST) og andre tiltak for førebygging i barnevernet. Sjå nærare omtale under Barnevernet.
- I 2026 vart det løyvd ytterlegare 230 mill. kroner til førebygging av barne- og ungdomskriminalitet, mellom anna til ein-til-ein-oppfølging av ungdom som gjer seg skyldige i eller står i fare for å gjere seg skyldige i gjenteken alvorleg kriminalitet og utviding av hurtigspor til Sør-Aust, Sør-Vest og Trøndelag politidistrikt.
- 690 mill. kroner til tiltak for å få fleire i arbeid i 2025, mellom anna 17 mill. kroner til lågterskeltilbod for unge med samansette utfordringar. – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- 17 mill. kroner til lågterskeltilbod for unge med samansette utfordringar. – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- 550 mill. kroner til ulike tiltak for å få fleire i arbeid i 2026, mellom anna 17 mill. kroner til forsøk med «Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge» – Arbeids- og inkluderingsdepartementet 15 mill. kroner til å styrkje samarbeidet mellom Nav og næringslivet for å få unge raskare i jobb – Arbeids- og inkluderingsdepartementet 172 mill. kroner (netto) til forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram – Arbeids- og inkluderingsdepartementet 100 mill. kroner til rekrutteringsprogrammet til helse- og omsorgssektoren, primært for unge som står utanfor arbeid og utdanning – Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet
- 17 mill. kroner til forsøk med «Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge» – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- 15 mill. kroner til å styrkje samarbeidet mellom Nav og næringslivet for å få unge raskare i jobb – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- 172 mill. kroner (netto) til forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- 100 mill. kroner til rekrutteringsprogrammet til helse- og omsorgssektoren, primært for unge som står utanfor arbeid og utdanning – Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet
- 10 mill. kroner til tilskot til sosiale møteplassar for gutar og unge menn, for å førebyggje kriminalitet og hindre rekruttering til kriminelle miljø. – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- 37 mill. kroner til eigendelsfritak t.o.m. fylte 25 år i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar i 2026. – Helse- og omsorgsdepartementet
- 56 mill. kroner til helseteam knytte til barnevernsinstitusjonar i 2026. – Helse- og omsorgsdepartementet
- 30 mill. kroner til auka aldersgrense til og med 17 år frå 1. august 2026 for eigenbetalingar hos fastlege/lege. – Helse- og omsorgsdepartementet
- 15,5 mill. kroner til auka bemanning på skular i levekårsutsette område i 2026.
- Styrking og vidareføring av skulemiljøteam og beredskapsteam på til samen 125 mill. kroner i 2025 og 2026. – Kunnskapsdepartementet
- Eit tilskot som i 2026 var på 217 mill. kroner går til auka grunnbemanning og pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område. – Kunnskapsdepartementet
- Alle barn på 1.–3. trinn har fått lovfesta rett til 12 timar gratis SFO kvar veke. – Kunnskapsdepartementet
- Ei inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga for hushald med elevar på 1.–4. trinn sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein plass i skulefritidsordninga. – Kunnskapsdepartementet
- Det er oppretta eit tilskot til 12 timar gratis SFO på 4. trinn i levekårsutsette område. –Kunnskapsdepartementet
- Maksimalprisen i barnehage er redusert til 1 200 kroner per månad frå 1. august 2025.
- I kommunar med ein sentralitetsindeks på 5 og 6 er maksimalprisen redusert til 700 kroner per månad frå 1. august 2025. – Kunnskapsdepartementet
- Eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som øvre grense. Ei nasjonal ordning gir gratis kjernetid 20 timar per veke for barn i alderen 2–5 år frå familiar med låg inntekt. – Kunnskapsdepartementet
- I samband med revidert nasjonalbudsjett 2026 vart det løyvd 50 mill. kroner til eit forsøk med nytt tilskot til kommunane til kjøp av burettslagsleilegheiter. Ordninga skal bidra til å gi fleire tilgang til trygge og rimelege bustader, og gi gode bumiljø for barnefamiliar. – Kommunal- og distriktsdepartementet
- Regjeringa har vidareført avtalar om områdesatsingar med 14 kommunar. Samla statlege tilskot til områdesatsingar var om lag 258 mill. kroner i 2025 og 276 mill. kroner i 2026. – Kommunal- og distriktsdepartementet
- Enkle og breie ordningar for deltaking blant barn og unge er styrkte og vidareførte, mellom anna Frifond, Lokale aktivitetsmidlar (LAM), Krafttak for mangfold i kulturfrivilligheten og Ungdom og Fritids Fond. Full momskompensasjon til frivillige organisasjonar er vidareført. – Kultur- og likestillingsdepartementet
- Ekstrainnsatsen til idrettslag i område med mange barn i familiar med vedvarande låg inntekt er vidareført på same nivå som i 2025, og er gjort permanent. – Kultur- og likestillingsdepartementet
- Tilskotsordninga for anlegg for idrett og fysisk aktivitet er styrkt og revidert med sikte på å møte behova til barn og unge betre. Ei ny innretning på ordninga vart innført frå 2026. – Kultur- og likestillingsdepartementet
Hovudprioriteringar i 2027
Regjeringa vil skape tryggleik for framtida, og gi barn, unge og familiar gode føresetnader for å kunne leve gode liv. Målet er å redusere sosiale skilnader og motverke at dårlege levekår går i arv. Gode oppvekstvilkår og ein trygg barndom kan førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Regjeringa prioriterer tett oppfølging av barn og unge som driv med gjentakande kriminalitet.
Barn og unge skal ha det trygt på nett. Regjeringa vil halde fram med å styrkje innsatsen for trygge rammer for barn og unge når dei brukar teknologi og ferdast på internett. Regjeringa har hatt eit lovforslag om aldersgrense for bruk av sosiale medium på EØS-høyring, der ESA og EU-kommisjonen stadfesta at EØS-retten ikkje er til hinder for ei nasjonal aldersgrense. Regjeringa planlegg å leggje fram eit lovforslag for Stortinget innan utgangen av 2026. Regjeringa la i juni 2025 fram Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn og vil i 2027 følgje opp stortingsmeldinga og halde fram arbeidet med aldersgrense for bruk av sosiale medium. Målet er ein politikk som vernar barn, og balanserer dei positive og negative sidene ved barn sin digitale bruk i kvardagen.
Regjeringa vil vidare prioritere arbeidet med å følgje opp Oppvekstmeldinga som Stortinget handsama i 2026. Regjeringa vil styrkje den nye tilskotsordninga Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge gjennom å innlemme midlar frå delen av Tilskot til å inkludere barn og unge som i dag går til kommunane og midlar frå Tilskot til foreldrestøttande tiltak i ordninga. Målet er å leggje til rette for at kommunane i større grad kan prioritere ressursar til førebyggjande tiltak for barn og unge ut frå der behova er størst, på tvers av ulike sektorar. Regjeringa vil òg følgje opp samfunnsoppdraget «Ingen barn og unge utenfor!», og redusere delen barn og unge utanfor utdanning, arbeid og samfunnsliv. Samfunnsoppdraget er eit tiårig samarbeid mellom offentleg sektor, næringsliv, frivillig sektor og forskingsinstitusjonar, og vart sett i gang våren 2025.
Arbeid mot barne- og ungdomskriminalitet er ei viktig prioritering i regjeringa sin Plan for Noreg, og regjeringa har sett i verk ei rekkje tiltak. Regjeringa føreslår frå 2027 ei styrking av innsatsen mot barne- og ungdomskriminalitet på 120 mill. kroner. Tiltaka er målretta til kommunar, barnevernet og justissektoren, og skal bidra til å forbetre og styrkje oppfølginga av barn og unge både over og under den kriminelle lågalderen som har gjennomført, eller står i fare for å gjennomføre, kriminelle handlingar. Eitt av tiltaka er vidare utrulling av RISK-modellen, der politi og sosial- og helsefagleg personell jobbar saman for å førebyggje ny vald. Sjå òg nærmare omtale i programkategori 11.10 og under Justis- og beredskapsdepartementet.
Arbeidet med å førebyggje vald og overgrep krev kontinuerleg innsats frå ei rekkje verksemder og tenester. Regjeringa vil i 2027 føre vidare arbeidet med å følgje opp tiltaka i opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar, som Stortinget slutta seg til i mai 2024.
Regjeringa vil mellom anna prioritere desse tiltaka i 2027:
- 480 mill. kroner til Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge. Midlane vert flytta frå delen av Tilskot til å inkludere barn og unge som i dag går til kommunane, Tilskot til foreldrestøttande tiltak og Tilskot til minoritetsspråklege i barnehage. Samla er løyvinga til førebyggingsprogrammet 1 025 mill. kroner i 2027. Løyvinga skal i 2027 òg dekkje restutbetalingar knytte til fleirårige tilskot frå Tilskot til å inkludere barn og unge og Tilskot til foreldrestøttande tiltak.
- Familieytingane skal støtte opp om deltaking i arbeidslivet. Det blir føreslått å knyte eingongsstønaden nærare til utgifter ved å ha barn det fyrste leveåret. Ein reduksjon av eingongsstønaden til 67 100 kroner frå 1. juli 2027 gir ei innsparing på 106 mill. kroner.
- 10 mill. kroner til Tilskot til å inkludere barn og unge. Med auken vil løyvinga til ordninga vere i underkant av 495 mill. kroner i 2027.
- 7 mill. kroner til auka grunnstønad til barne- og ungdomsorganisasjonane.
- auka løyving til undersøkingsordninga i Statens helsetilsyn for saker som gjeld drap, vald, overgrep eller omsorgssvikt mot barn.
- auka løyving til implementering av ny barnelov, mellom anna til opplæring av meklarar i ny barnelov og meklingsforskrift.
- auka løyving til hjelpetelefonen Vald- og overgrepslinja.
- auka løyving til Barneombodet
- 119,8 mill. kroner til styrkt innsats mot barne- og ungdomskriminalitet, inkludert 45,6 mill. kroner til å følgje opp lovendringane i Prop. 86 L (2025–2026) som skal styrkje barnevernsinstitusjonane sin kapasitet til å handtere og førebyggje alvorleg eller gjenteken kriminalitet hos barn 20 mill. kroner til å styrkje arbeidet med den tverrfaglege modellen for å førebyggje vald i nære relasjonar (RISK) – Justis- og beredskapsdepartementet 15 mill. kroner til å styrkje oppfølginga av barn i konfliktrådet, med eit særleg fokus på barn under 15 år – Justis- og beredskapsdepartementet 13,4 mill. kroner til hurtigspor for behandling av straffesaker der gjerningspersonen er under 18 år – Justis- og beredskapsdepartementet 9,3 mill. kroner til ein-til-ein-oppfølging av barn og unge med høg risiko for å begå kriminalitet 8,5 mill. kroner til å eit nytt MST-team i Bufetat òg omtalt under Barnevernet 6 mill. kroner til nytt ungdomsteam i kriminalomsorga – Justis- og beredskapsdepartementet 2 mill. kroner til forskingsprogram om barne- og ungdomskriminalitet
- 45,6 mill. kroner til å følgje opp lovendringane i Prop. 86 L (2025–2026) som skal styrkje barnevernsinstitusjonane sin kapasitet til å handtere og førebyggje alvorleg eller gjenteken kriminalitet hos barn
- 20 mill. kroner til å styrkje arbeidet med den tverrfaglege modellen for å førebyggje vald i nære relasjonar (RISK) – Justis- og beredskapsdepartementet
- 15 mill. kroner til å styrkje oppfølginga av barn i konfliktrådet, med eit særleg fokus på barn under 15 år – Justis- og beredskapsdepartementet
- 13,4 mill. kroner til hurtigspor for behandling av straffesaker der gjerningspersonen er under 18 år – Justis- og beredskapsdepartementet
- 9,3 mill. kroner til ein-til-ein-oppfølging av barn og unge med høg risiko for å begå kriminalitet
- 8,5 mill. kroner til å eit nytt MST-team i Bufetat òg omtalt under Barnevernet
- 6 mill. kroner til nytt ungdomsteam i kriminalomsorga – Justis- og beredskapsdepartementet
- 2 mill. kroner til forskingsprogram om barne- og ungdomskriminalitet
- Til saman 454 mill. kroner til ulike tiltak for å få fleire unge i arbeid, under dette 194 mill. kroner (netto) til ungdoms-yting i forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- 96,5 mill. kroner (netto) til aktivitetspengar for unge – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- 132,6 mill. kroner til rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren, særleg for unge som står utanfor arbeid og utdanning – Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- 30 mill. kroner til bransjeretta satsing for inkluderande rekruttering av unge – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- 30 mill. kroner til styrking av Jobbsjansen, for å gi fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kvalifisering for å komme ut i arbeid – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- 465 mill. kroner til ei særskild satsing på grunnleggjande ferdigheiter til smågruppeundervisning – Kunnskapsdepartementet
- Nominell vidareføring av makspris i barnehage – Kunnskapsdepartementet
- Ytterlegare midlar til Leseløftet for barn og unge, inkludert særskild støtte til barn med særskilte behov som dysleksi eller svake norskferdigheiter – Kunnskapsdepartementet
- Fleire lærarar inn i skulen for eit styrkt arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene, slik at alle barn skal ha moglegheit for vidare deltaking i utdanning og arbeidsliv – Kunnskapsdepartementet
- Ein meir praktisk skulekvardag for dei yngste, for å førebyggje utanforskap og sikre at alle skal kunne ta del i fellesskulen – Kunnskapsdepartementet
- Følgje opp Opptrappingsplan for psykisk helse, medrekna 60 mill. kroner utvikling, tilpassing og etablering av kunnskapsbaserte lågterskeltilbod innan psykisk helse- og rusmiddelfeltet – Helse- og omsorgsdepartementet 80 mill. kroner i auka rammetilskot til kommunane grunngjeve med psykisk helse og rus. – Helse- og omsorgsdepartementet 70 mill. kroner til døgnkapasitet i psykisk helsevern, mellom anna nye døgnplassar for barn og unge med rusmiddelidingar og spiseforstyrringar. – Helse- og omsorgsdepartementet Tidleg og rask avklaring for dei som søkjer hjelp, mellom anna gjennom tettare samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunane – Helse- og omsorgsdepartementet
- 60 mill. kroner utvikling, tilpassing og etablering av kunnskapsbaserte lågterskeltilbod innan psykisk helse- og rusmiddelfeltet – Helse- og omsorgsdepartementet
- 80 mill. kroner i auka rammetilskot til kommunane grunngjeve med psykisk helse og rus. – Helse- og omsorgsdepartementet
- 70 mill. kroner til døgnkapasitet i psykisk helsevern, mellom anna nye døgnplassar for barn og unge med rusmiddelidingar og spiseforstyrringar. – Helse- og omsorgsdepartementet
- Tidleg og rask avklaring for dei som søkjer hjelp, mellom anna gjennom tettare samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunane – Helse- og omsorgsdepartementet
- 50 mill. kroner for å byggje opp tilbodet om spesialisert rusbehandling for barn og unge i helseføretaka i tråd med den nasjonale planen. – Helse- og omsorgsdepartementet
1.2 Barnevernet
Barnevernet skal gi naudsynt hjelp, omsorg og vern til dei aller mest utsette barna. Det stiller store krav til kvaliteten på arbeidet og tiltaka i barnevernet, og til at rettstryggleiken til barn og foreldre blir handsama på godt vis. Det blir gjort mykje godt arbeid i barnevernet, og mange tilsette i både kommunalt og statleg barnevern opplever arbeidet som meiningsfullt, men òg krevjande. Sjølv om mange barn og foreldre er nøgde med hjelpa dei får, er det kvalitetsutfordringar og systemutfordringar i både statleg og kommunalt barnevern. Utviklinga i barne- og ungdomskriminaliteten reiser nye utfordringar for barnevernet. For å møte utfordringane har det dei siste åra blitt sett i gang fleire tiltak og endringsprosessar. Regjeringa arbeider for at barn og ungdom som treng omsorg og støtte frå barnevernet, skal få hjelpa dei treng, når dei treng ho.
Dette har vore dei viktigaste tiltaka på barnevernsområdet i 2025 og fyrste halvår 2026:
- Eit kvalitetsløft for heile barnevernet: Det er lagt frem ein lovproposisjon med meldingsdel om kvalitetsløftet i barnevernet som dannar grunnlaget for det vidare arbeidet i barnevernet. Dei fleste lovendringane tok til å gjelde frå 1. januar 2026.
- Det er lagt frem ein lovproposisjon med meldingsdel om kvalitetsløftet i barnevernet som dannar grunnlaget for det vidare arbeidet i barnevernet. Dei fleste lovendringane tok til å gjelde frå 1. januar 2026.
- Betre rammer og oppfølging i fosterheimar: Det har vore ei prioritert oppgåve å følgje opp tiltak frå Fosterheimsmeldinga (Meld. St. 29 (2023–2024)). Frå 2025 vart det løyvd 50 mill. kroner til å styrkje fag- og tiltaksstøtta til kommunane i fosterheimsarbeidet. Dette omfattar mellom anna ei styrking av Bufetat som andrelinjeteneste i fosterheimsarbeidet. Tilbodet frå Bufetat vart gjort tilgjengeleg nasjonalt frå og med 1. januar 2026. Lovendringar på fosterheimsområdet vart lagde fram som ein del av kvalitetsløftet. Desse tok til å gjelde 1. januar 2026. Det vart mellom anna lovfesta at fosterforeldre som er frikjøpte frå jobb i periodar, skal kompenserast for manglande opptening av tenestepensjon. Det er løyvd 131,4 mill. kroner til dette frå 2026.
- Det har vore ei prioritert oppgåve å følgje opp tiltak frå Fosterheimsmeldinga (Meld. St. 29 (2023–2024)). Frå 2025 vart det løyvd 50 mill. kroner til å styrkje fag- og tiltaksstøtta til kommunane i fosterheimsarbeidet. Dette omfattar mellom anna ei styrking av Bufetat som andrelinjeteneste i fosterheimsarbeidet. Tilbodet frå Bufetat vart gjort tilgjengeleg nasjonalt frå og med 1. januar 2026.
- Lovendringar på fosterheimsområdet vart lagde fram som ein del av kvalitetsløftet. Desse tok til å gjelde 1. januar 2026. Det vart mellom anna lovfesta at fosterforeldre som er frikjøpte frå jobb i periodar, skal kompenserast for manglande opptening av tenestepensjon. Det er løyvd 131,4 mill. kroner til dette frå 2026.
- Styrking av institusjonsbarnevernet: Det vart løyvd 119 mill. i 2025 til fleire statlege institusjonsplassar. Som følgje av denne løyvinga har Bufetat etablert 13 nye plassar i 2025 og 2026. Det er sett i gang utprøving av ei ny innretning for institusjonstilbodet fire stader i landet i tråd med kvalitetsløftet. Det er løyvd 75 mill. kroner til dette i 2026. I 2026 vart det løyvd 534 mill. kroner til å auke den fleksible kapasiteten i institusjonsbarnevernet, grunna fleire barn og auka prisar. Det har vore ei prioritert oppgåve å følgje opp områdegjennomgangen av det statlege institusjonsbarnevernet. Rapporten «Omsorg og ansvar – styring og organisering til barnas beste», frå ekspertutvalet om organisering og styring av statleg barnevern vart motteken i oktober 2025, og har vore på høyring.
- Det vart løyvd 119 mill. i 2025 til fleire statlege institusjonsplassar. Som følgje av denne løyvinga har Bufetat etablert 13 nye plassar i 2025 og 2026.
- Det er sett i gang utprøving av ei ny innretning for institusjonstilbodet fire stader i landet i tråd med kvalitetsløftet. Det er løyvd 75 mill. kroner til dette i 2026.
- I 2026 vart det løyvd 534 mill. kroner til å auke den fleksible kapasiteten i institusjonsbarnevernet, grunna fleire barn og auka prisar.
- Det har vore ei prioritert oppgåve å følgje opp områdegjennomgangen av det statlege institusjonsbarnevernet.
- Rapporten «Omsorg og ansvar – styring og organisering til barnas beste», frå ekspertutvalet om organisering og styring av statleg barnevern vart motteken i oktober 2025, og har vore på høyring.
- Styrkt innsats mot barne- og ungdomskriminalitet i barnevernet: I 2025 vart det løyvd 20 mill. kroner til utprøving av eit forsterka institusjonstilbod for barn som utset utviklinga si for fare, særleg gjennom gjentakande eller alvorleg kriminalitet. Det vart prioritert 26 mill. kroner til multisystemisk terapi (MST) og ei rekkje andre førebyggjande tiltak. Sjå nærare omtale under Familie og oppvekst. Prop. 86 L (2025–2026) Endringer i barnevernsloven (bedre beskyttelse av barn på institusjon) vart behandla i Stortinget våren 2026 og skal setje institusjonane i betre stand til å gi forsvarleg omsorg og vern til barn på barnevernsinstitusjon.
- I 2025 vart det løyvd 20 mill. kroner til utprøving av eit forsterka institusjonstilbod for barn som utset utviklinga si for fare, særleg gjennom gjentakande eller alvorleg kriminalitet.
- Det vart prioritert 26 mill. kroner til multisystemisk terapi (MST) og ei rekkje andre førebyggjande tiltak. Sjå nærare omtale under Familie og oppvekst.
- Prop. 86 L (2025–2026) Endringer i barnevernsloven (bedre beskyttelse av barn på institusjon) vart behandla i Stortinget våren 2026 og skal setje institusjonane i betre stand til å gi forsvarleg omsorg og vern til barn på barnevernsinstitusjon.
Hovudprioriteringar i 2027
Departementet vil i 2027 følgje opp allereie påbyrja endringsprosessar og tiltak i kommunalt og statleg barnevern.
I 2027 er auka kapasitet, etterleving av bistandsplikta og god kostnadskontroll hovudprioriteringa på institusjonsområdet. Departementet har over tid jobba for at det statlege barnevernet skal ha eit tilstrekkeleg dimensjonert tiltaksapparat. Det er prioritert midlar til å heve kapasiteten og kvaliteten på institusjonstilbodet, og for å oppfylle bistandsplikta til Bufetat. Regjeringa vil òg i 2027 halde fram med å byggje opp grunnkapasiteten. Både ny og eksisterande kapasitet skal så langt det er mogleg vere i tråd med den nye innretninga for institusjonsbarnevernet som regjeringa varsla i kvalitetsløftet.
Å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet er eit høgt prioritert område for regjeringa, og er omtalt i Regjeringa sin plan for Noreg (2025–2029). Barnevernet har ei sentral rolle i oppfølginga av barn og unge som står bak gjentakande eller alvorleg kriminalitet, eller står i risiko for å gjere det. Barnevernet har eit viktig ansvar for å førebyggje, i tillegg til ansvar for å avdekkje og følgje opp skadelege omsorgsforhold rundt barnet. Arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet held fram i 2027.
Dette er starten på kapittelet. Les hele kapittelet hos regjeringen.no.
Første publiserte kapittel
Prop. 1 S (2026–2027)
Dokumenttekst
Forord
Prop. 1 S (2026–2027) fra Klima- og miljødepartementet består av tre deler:
Del I presenterer hovedutfordringer, resultatområder og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken og hovedprioriteringer innenfor departementets budsjett i 2027. I del I er det også en oversikt over anmodningsvedtakene fra Stortinget.
Del II inneholder budsjettforslaget fra Klima- og miljødepartementet fordelt på programkategorier, kapitler og poster. I tillegg redegjøres det for politikken for å nå de nasjonale målene.
Klima- og miljødepartementet er et sektorovergripende departement med ansvar for å samordne klima- og miljøpolitikken til regjeringen. Del III har en samlet vurdering av klimaeffekten av fremlagt budsjett, Klima- og miljødepartementets rapportering på FNs bærekraftsmål, en oversikt over Klima- og miljøforskning i departementene, naturmangfold, en omtale av miljøforvaltningens arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap, og likestilling.
Særskilt vedlegg inneholder Regjeringens klimastatus og -plan for 2027 («Grønn bok»). Grønn bok er regjeringens oppfyllelse av klimaloven § 7 og viser status og fremdrift i klimapolitikken, hvordan Norge ligger an til å oppfylle klimamålene for 2030, 2035 og 2050, og regjeringens planer for å nå disse målene.
Første publiserte kapittel
Prop. 1 S (2026–2027)
Dokumenttekst
Del 1 Innledning
1 Regjeringens kultur- og likestillingspolitikk
1.1 Hovedmål for kultur- og likestillingspolitikken
Kultur, kunst, idrett og frivillighet bidrar til å samle Norge som fellesskap og er en viktig del av den demokratiske infrastrukturen, ytringsfriheten og den sivile motstandskraften. Deltakelse, trygghet, inkludering og mangfold er forutsetninger for et likestilt og demokratisk samfunn.
I Regjeringens plan for Norge – «Kultur for alle», vil vi at alle skal ha tilgang til kultur av høy kvalitet. Kulturens egenverdi er grunnleggende for dette.
Vi lever i en tid preget av internasjonal uro, økt polarisering og raske teknologiske endringer. Da er det viktigere enn noen gang å styrke fellesskapene som holder oss sammen. Åpenhet, tillit, likestilling og bred deltakelse er grunnleggende forutsetninger for et velfungerende demokrati. Et samfunn der alle kan ytre seg fritt, og delta på like vilkår, er et sunt samfunn.
Kulturinstitusjoner, biblioteker, museer, frivillige organisasjoner og idretten skaper møteplasser for deltakelse, refleksjon og fellesskap. Sammen styrker de den offentlige opplyste samtalen, tilliten og den demokratiske motstandskraften som det norske samfunnet bygger på. Frie og uavhengige medier gir redaksjonelt innhold og arenaer for offentlig debatt.
Vi trenger et mangfold av redaktørstyrte medier som folk bruker og har tillit til. Det er med på å sikre en velfungerende offentlighet og det styrker vår motstandskraft mot desinformasjon.
Unges tilgang til kvalitetsjournalistikk er viktig for deres mulighet til å delta i og forstå demokratiet, og regjeringen vil styrke den demokratiske beredskapen ved å bidra til økt bruk av redaktørstyrte medier blant unge. Samtidig er lokalmediene avgjørende for levende lokaldemokratier og gode lokalsamfunn. Redaksjonell utvikling i lokale medier er derfor en prioritering for regjeringen.
På samme måte er et fritt og levende kulturliv en forutsetning for et åpent og demokratisk samfunn. Kunstens egenverdi og den kunstneriske friheten er grunnleggende for regjeringens kulturpolitikk. Et mangfoldig kunstliv, med sterke institusjoner og et levende fritt felt, er viktig for ytringsfriheten og den åpne samfunnssamtalen.
Kunst og kultur kan utfordre, berøre og skape nye perspektiver, og bidra til refleksjon, innsikt og mening. Regjeringen vil legge til rette for at slike opplevelser er tilgjengelige for mennesker i hele landet.
Et rikt og mangfoldig kultur-, idretts- og frivillighetsliv må bygge på lokale forutsetninger og være tilgjengelig for mennesker i ulike livsfaser og med ulike interesser. Regjeringen vil legge til rette for bred deltakelse gjennom en sterk demokratisk infrastruktur, gode rammevilkår for frivilligheten og brede ordninger som når mange. Gode og tilgjengelige kulturarenaer er en viktig del av denne infrastrukturen. Mange kulturaktører mangler i dag tilpassede lokaler, samtidig som mange bygg står tomme eller er lite brukt. Regjeringen arbeider derfor med en nasjonal kulturarenastrategi som skal styrke utvikling, bruk og tilgang til kulturlokaler i hele landet.
Målet er å gi flere mulighet til å oppleve, skape og delta i kultur- og samfunnslivet, uavhengig av bakgrunn og bosted. Her spiller blant annet bibliotekene en nøkkelrolle.
Et mangfoldig litteraturtilbud og god litteraturformidling er en viktig del av den demokratiske infrastrukturen og legger til rette for leselyst, kunnskap og tilgang til kunst- og kulturopplevelser. I Regjeringens plan for Norge er et leseløft en viktig prioritering, og vi har startet arbeidet med en leselyststrategi for voksne med mål om å legge til rette for en sterkere kultur for lesing i hele befolkningen.
Regjeringen vil føre en aktiv og målrettet likestillingspolitikk som gjør at alle inkluderes i samfunnet på like vilkår. Vi vil fjerne hindre for deltakelse og styrke arbeidet mot diskriminering.
Kultur, idrett og frivillighet spiller en viktig rolle for at Norge skal nå FNs bærekraftsmål. Likestilling mellom kjønnene er både et eget mål og en forutsetning for å nå flere av bærekraftsmålene, herunder mål om helse, utdanning, arbeid, redusert ulikhet og demokratisk deltakelse. Deltakelse i kultur- og fritidsaktiviteter bidrar til sosial utjevning, inkludering og livskvalitet, og kulturlivet tilbyr arenaer for fellesskap, mestring og tilhørighet. Regjeringen vil legge til rette for at kulturen, idretten og frivilligheten fortsatt kan spille en viktig rolle i dette arbeidet.
1.2 Budsjettforslaget for 2027
Regjeringens budsjettforslag for Kultur- og likestillingsdepartementet i 2027 er på til sammen 28,1 mrd. kroner. Det er en økning på om lag 946 mill. kroner fra saldert budsjett 2026, eller tilsvarende 3,5 pst.
Forslaget til utgiftsbevilgninger favner en bredde av virkemidler og tiltak, som både omfatter driftsbevilgninger til statlige virksomheter og statlig eide selskap, samt driftstilskudd til en rekke kulturinstitusjoner, frivillige organisasjoner, medievirksomheter og aktører som bidrar til å fremme arbeidet med likestilling. I tillegg kommer stipend-, vederlags- og tilskuddsordninger som er innrettet mot bredden av kunst- og kulturlivet. Med få unntak foreslås bevilgningene videreført i forslaget til statsbudsjett for 2027.
I Regjeringens plan for Norge er det satt som mål at alle skal ha tilgang på kultur av høy kvalitet. Kultur, kunst, idrett og frivillighet bidrar til å samle Norge som fellesskap og er en viktig del av den demokratiske ytringsfriheten og den sivile motstandskraften. I denne perioden er det fem mål som vil ha særlig prioritet. Budsjettforslaget for 2027 er basert på disse målene.
Ytringsfrihet og et mangfold av redaktørstyrte medier:
Regjeringen vil sikre en velfungerende offentlighet ved å styrke motstandskraften mot desinformasjon, som er avgjørende for den demokratiske beredskapen i Norge. Regjeringen vil sikre unges tilgang til kvalitetsjournalistikk og styrke lokalmedienes mulighet til å utvikle journalistikk og formater som treffer yngre målgrupper bedre.
Regjeringen foreslår i statsbudsjettet for 2027:
- å styrke mediestøtteordningene med 40 mill. kroner, hvorav 30 mill. til produksjonstilskuddet for nyhets- og aktualitetsmedier og 10 mill. kroner til innovasjons- og utviklingstiltak som kan bidra til å øke unges nyhetskonsum,
- å sette av 10 mill. kroner til drift av nytt Senter for forsking på det offentlige ordskiftet,
- å videreføre tilskuddet på 20 mill. kroner til Tenk – et nytt uavhengig senter med formål å øke kildebevisstheten og motstandskraften mot desinformasjon blant unge,
- å videreføre tilskuddet til NRK med 8 mrd. kroner.
Regjeringen vil sikre økonomisk forutsigbarhet gjennom fireårige styringssignaler for NRK og mediestøtten, og vil i løpet av styringssignalperioden følge utviklingen i mediemarkedet og eventuelt foreslå justeringer for å styrke mediemangfoldet og medienes mulighet til å utvikle attraktive nyhetstilbud for unge.
Det frie kunst- og kulturfeltet
Regjeringen vil ivareta kunst- og kulturinstitusjoner over hele landet og særlig prioritere de sentrale ordningene som er innrettet mot det frie, uavhengige kunst og kulturfeltet.
Regjeringen foreslår:
- å styrke filmfeltet med 45 mill. kroner, fordelt med 25 mill. kroner til styrking av Filmfondet, 15 mill. kroner til videre opptrapping av filminsentivordningen og 5 mill. kroner til en ny tilskuddsordning for oppgradering av digitalt kinoutstyr,
- å styrke dans som kunstform gjennom å trappe videre opp tilskuddene på dansefeltet med 10 mill. kroner,
- å bevilge til sammen 1 068 mill. kroner til Norsk kulturfond, en økning på 36 mill. kroner fra saldert budsjett 2026,
- å fordele totalt 550 mill. kroner gjennom kunstnerstipendordningene,
- å fordele om lag 6,5 mrd. kroner i driftstilskudd til musikk- og scenekunstinstitusjoner og museer i 2027,
- å videreføre bevilgningen til ordningen for tilskudd til nasjonale kulturbygg med 374,2 mill. kroner. I dette inngår blant annet nye tilsagn om tilskudd på 68 mill. kroner til Museene i Sør-Trøndelag (nytt bevaringssenter), 64,6 mill. kroner til rehabilitering av Kunstnernes Hus i Oslo, 23,5 mill. kroner til nødvendige oppgraderinger ved Det Norske Teatret, 10 mill. kroner til Fjaler kommune (Samvirket visningsrom for scenekunst) og 9 mill. kroner til Nordlandsmuseet (Hamsunsenteret).
Frivillighet og deltakelse
Regjeringen vil prioritere å gi frivilligheten gode rammevilkår til å utøve sin rolle i samfunnsbyggingen, og sikre at alle har mulighet til å delta i idretts-, kultur- og fritidsaktiviteter.
Regjeringen foreslår:
- å øke bevilgningen til ordningen for merverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjoner med 171 mill. kroner. Den samlede bevilgningen til ordningen vil da være på 3 250 mill. kroner, som gir grunnlag for at det kan innvilges full kompensasjon til alle godkjente søknader i 2027,
- å gi Norges idrettsforbund tilsagn om statlige bidrag fra statsbudsjettet og spillemidler til nytt toppidrettssenter på Sognsvann. Regjeringen foreslår et samlet statlig bidrag som utgjør inntil 90 pst. av prosjektets styringsramme, hvorav til sammen 518 mill. kroner (40 pst. av styringsrammen) bevilges over statsbudsjettet.
- å videreføre ordningen for merverdiavgiftskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg med 416 mill. kroner,
- å fordele 296 mill. kroner i tilskudd til frivilligsentralene i kommunene,
- å videreføre strømstøtteordningen for frivillige organisasjoner med 165 mill. kroner.
Leselyst
Regjeringen ser på lesing som en forutsetning for demokratiet vårt og mener at god lesekultur er viktig for motstandskraften i befolkningen.
Regjeringen lanserte i 2024 strategien Sammen om lesing, en strategi for å fremme leselyst og leseferdigheter blant barn og unge. Som ledd i oppfølgingen av strategien har regjeringen styrket skolebibliotekordningen og andre innkjøpsordninger under Norsk kulturfond som er innrettet mot barn og unge. I tillegg er strategien fulgt opp gjennom målrettede tiltak i Den kulturelle skolesekken og Nasjonalbiblioteket.
Regjeringen arbeider nå med en leselyststrategi for voksne. Strategien skal løfte betydningen av lesing, både for den enkelte og for samfunnet. I budsjettforslaget for 2027 er det foreslått satt av 6 mill. kroner for å styrke innkjøpsordningene under Norsk kulturfond.
Et likestilt og mangfoldig samfunn
Regjeringen vil styrke arbeidet for et likestilt og mangfoldig samfunn, og vil i perioden prioritere tiltak for at personer med funksjonsnedsettelse får like muligheter i arbeidslivet og samfunnslivet.
Regjeringen har utarbeidet Strategi for likestilling av personer med funksjonsnedsettelse 2026-2032. Strategien skal sikre helhet og sammenheng i den nasjonale politikken for å fremme likestilling og hindre diskriminering. Det overordnede målet er et samfunn der alle kan delta, bidra og bli hørt.
Regjeringen foreslår å bevilge til sammen 388 mill. kroner på området funksjonsnedsettelse (kap. 352).
Regjeringen mener at en bredere og mer helhetlig likestillingspolitikk, som i større grad omfatter gutter og menn, vil styrke samfunnsutviklingen videre og legger derfor høsten 2026 fram en stortingsmelding om gutter og menns likestillingsutfordringer.
Hatytringer har negative konsekvenser for demokratisk deltakelse og likestilling. Regjeringen har iverksatt mange tiltak mot hatytringer, hatkriminalitet og hets og tar nå sikte på å utarbeide en egen strategi mot hatytringer. Strategien skal ha som mål å motvirke hatytringer og hets i bredt, og ikke begrense seg til de ytringene som er ulovlige. Mange skeive opplever å bli møtt med fordommer, forskjellsbehandling og hat. Regjeringen tar sikte på å legge fram en egen strategi for kjønns- og seksualitetsmangfold i 2027.
Regjeringen foreslår å bevilge 188 mill. kroner på området likestilling (kap. 351).
2 Oversikt over budsjettforslaget for 2027
Utgifter fordelt på kapitler
(i 1 000 kr)
Kap.
Betegnelse
Regnskap 2025
Saldert budsjett 2026
Forslag 2027
Endring i pst.
Administrasjon
300
Kultur- og likestillingsdepartementet
248 747
227 744
210 854
-7,4
Sum kategori 08.10
248 747
227 744
210 854
-7,4
Frivillighetsformål
315
Frivillighetsformål
3 794 936
4 137 902
4 439 497
7,3
Sum kategori 08.15
3 794 936
4 137 902
4 439 497
7,3
Kulturformål
320
Kulturdirektoratet og Kulturrådet m.m.
2 578 871
2 678 751
2 778 249
3,7
322
Bygg og offentlige rom
719 074
609 096
464 994
-23,7
323
Musikk og scenekunst
3 311 875
3 472 803
3 580 746
3,1
325
Allmenne kulturformål
443 679
424 628
442 005
4,1
326
Språk- og bibliotekformål
1 227 861
1 173 729
1 167 114
-0,6
Dette er starten på kapittelet. Les hele kapittelet hos regjeringen.no.
Fra forslag til vedtak
Saksgang
Forslag
Sak registrert
Dato ikke publisert
Forslag
Saken fremmet
Komitebehandling
Sendt til komité
Komitebehandling
Komitébehandling
Dato ikke publisert
Komitebehandling
Frist for innstilling
Debatt og vedtak
PLBEHS
Sammenheng
Relaterte saker
Medvirkning
Høringer
Familie- og kulturkomiteen · Skriftlig
skriftlig
Se program og innspillFamilie- og kulturkomiteen · Muntlig
Stortingets komitéhus, Akersgt. 18 Høringssal 1
Se program og innspillBeslutninger
Voteringer
Ingen voteringer importert
Voteringer kan komme senere i saksbehandlingen eller ved neste import.
Kilde: Stortingets åpne data – sak. Dokumenter og hendelser gjengis med lenker til originalkildene.
Tilbake til alle saker