proposisjon
Prop. 1 S (2026–2027); Innst. 16 S (2026-2027) · 2026-2027
Statsbudsjettet 2027 (kapitler fordelt til kommunal- og forvaltningskomiteen)
Statsbudsjett 2027
- Status
- Mottatt av Stortinget
- Type
- KForslag fra Regjeringen
- Sist endret hos Stortinget
- 13.10.2026
Dokumentgrunnlag
Dokumenter i saken
proposisjon
Prop. 1 S (2026-2027) (DFD)
proposisjon
Prop. 1 S (2026-2027) (FIN)
proposisjon
Prop. 1 S (2026-2027) (JD)
proposisjon
Prop. 1 S (2026-2027) (AID)
storting
Stortingsreferat 13.10.2026
refs-202627-10-13
Offisielt dokument
Tekst fra regjeringen.no
Første publiserte kapittel
Prop. 1 S (2026–2027)
Dokumenttekst
Del 1 Innleiande del
1 Satsingsområde
1.1 130 000 nye bustader
Ein trygg bustadsituasjon er grunnlaget for eit godt liv. For regjeringa er det eit mål at fleire skal få moglegheit til å eige eigen bustad, og at bustadpolitikken bidrar til å jamne ut økonomiske, sosiale og geografiske forskjellar. Regjeringa si bustadpolitikk har som eit viktig mål å gjere det enklare å komme seg inn på bustadmarknaden.
Regjeringa sitt mål om 130 000 igangsette bustader innan 2030 er forankra i Regjeringens plan for Norge. Regjeringa jobbar med tiltak som på ulike måtar bidrar til bustadbygging på kort og lengre sikt. Dette inneber òg tiltak som bidrar til å betre rammevilkåra, få ned reguleringstrykket og redusere byggekostnadane. Målet inneber at regjeringa løftar og revitaliserer bustadpolitikken. Arbeidet er operasjonalisert i tre delmål: å legge til rette for bustadbygging, ta betre i bruk eksisterande bygg og bidra til ein velfungerande leigemarknad.
For å styrkje bustad- og bygningspolitikken opprettar regjeringa frå 1. januar 2027 eit nytt bustad- og bygningsdirektorat ved å slå saman Husbanken og Direktoratet for byggkvalitet (DiBK), med nytt namn Husbanken – Bustad- og bygningsdirektoratet. Dette vil bidra til å sjå bustad- og bygningspolitikken i samanheng, noko som òg bidrar til å underbygge målet om igangsetting av 130 000 bustader. Det nye direktoratet får ei nasjonal kunnskapsrolle på temaet bustadbygging. Bustadpolitikken kan ikkje overlatast til marknaden åleine, og han kan ikkje bli sett isolert frå andre delar av samfunnsutviklinga. Framover må vi bruke dei verkemidla vi har, og skape nye. Stat og kommune må ta eit større ansvar for å ivareta ein heilskapleg bustadpolitikk for å sikre folk ein høveleg bustad.
Tidsbruken i plan- og byggesaksprosessar må ned. I 2027 foreslår regjeringa ei ytterlegare satsing for å styrkje det nye bustad- og bygningsdirektoratet sitt arbeid med forenkling og digitalisering. Effektive plan- og byggesaksprosessar kan redusere tidsbruk og kostnadar i byggeprosjekt, og vil gjere prosessane meir føreseielege for både utbyggarar og kommunar. Departementet forbereder lov- og forskriftsendringar som skal bidra til færre byggesøknadar med manglar, meir føreseieleg tidsfristberekning og meir effektiv byggesaksbehandling. Regjeringa har sett i gang eit større arbeid med å forenkle og modernisere byggteknisk forskrift.
I 2027 vil departementet òg opprette eit nytt forskingssenter for produktivitet i byggenæringa under Noregs forskingsråd. Departementet har sett i gang ei kartlegging av kva som er drivarane for veksten i byggekostnadar. Vidare skal det gjerast ein gjennomgang av korleis regelverk, standardar og bransjenormer blir forstått og praktisert. Departementet vil ta initiativ til eit nærare samarbeid med næringa og kommunesektoren om bustad- og bygningspolitikken.
Regjeringa har styrkt låneramma til Husbanken ein rekke gonger, og foreslår å vidareføre låneramma til det nye bustad- og bygningsdirektoratet på 34 mrd. kroner i 2027. Låna bidrar til fleire eigna bustader i heile landet.
Omfattande og uklare reglar om tilsyn, kontroll og kvalifikasjonar i byggesaker forseinkar og fordyrar byggeprosjekta. Samstundes er det ikkje sikkert at alle reglane er nødvendige bidrag til trygge byggverk. Det er òg meir omfattande regulering i Noreg enn i andre land, utan at omfanget av byggfeil ser ut til å vere lågare i Noreg. Samstundes gjer mangel på arbeidskraft framover at vi må prioritere korleis vi brukar ressursane best mogleg. Departementet tar sikte på å sende forslag til endringar på høyring i 2027.
For å legge til rette for raskare planprosessar vurderer regjeringa å innføre fristar for å auke framdrifta i reguleringsplansaker. Departementet har òg etablert eit motsegnsprosjekt som skal sjå på praktiseringa av statlege motsegner og korleis planprosessane kan bli betre. I prosjektet vil ein òg forsøke å samordne dei statlege styringssignala i arealpolitikken betre. Gjennom god dialog og tydeleg rettleiing vil departementet bidra til at nasjonale interesser blir ivaretekne, samstundes som prosessane blir meir effektive.
Betre bruk av bygningsmassen kan bidra til å støtte opp under regjeringa sitt mål om 130 000 nye bustader, samstundes som det blir teke omsyn til klima, energibruk og redusert nedbygging av natur. Departementet har sendt forslag til endringar i lån til bustadkvalitet på høyring, for mellom anna å bidra til transformasjon av bygg til bustader og oppgradering som gir fleire energieffektive bustader. Departementet arbeider òg med forslag til krav i byggteknisk forskrift som kan redusere klimafotavtrykket frå bygging og legge til rette for auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon, som har vore på høyring i 2026. Første kvartal 2026 sette regjeringa i gang eit samarbeid mellom Husbanken og Direktoratet for byggkvalitet, slik at dei saman kan legge til rette for betre bruk av bygga vi allereie har. Arbeidet blir styrkt gjennom samanslåinga av etatane.
Ein velfungerande leigemarknad er viktig for å sikre trygge og gode leigeforhold, ein fleksibel arbeidsmarknad og for den økonomiske stabiliteten i landet. Det er sett i gang ei rekke tiltak for å sikre ein meir velfungerande leigemarknad. Departementet utarbeider mellom anna ei ny bustadleigelov, er i gang med eit lovarbeid for å gi kommunane betre verktøy for å regulere korttidsutleige lokalt og har gitt Husbanken i oppdrag å greie ut modellar for leige. Regjeringa har òg sett ned eit utval som vurderer kva rolle og føremål bustøtta bør ha framover og vil vurdere utvalet sine vurderingar i 2027.
Regjeringa fortset å satse på bygging av studentbustader gjennom lån og tilskot frå Husbanken – Bustad- og bygningsdirektoratet. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Kunnskapsdepartementet.
Dei siste åra har talet på bustadlause og husstandar som oppheld seg i mellombelse butilbod auka, etter ein lengre periode med nedgang. I 2020 var det 4 500 husstandar i mellombelse butilbod, medan talet steig til 7 335 i 2025. I 2025 var 4 197 registrert bustadslause. Dette er 872 fleire enn i 2020 og ein auke på 26 pst. Auka var særleg stor blant barnefamiliar. Departementet har invitert storbyane til eit samarbeid om å snu utviklinga. For å bidra til tilgang på fleire trygge, rimelege bustader og gode bumiljø for barnefamiliar, vart det òg vedtatt i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026 å innføre eit eittårig tilskot til kommunale kjøp av burettslagsbustader. Alle kommunar får tilbod om å ta i bruk Husbanken sitt system Kobo, som gjer det enklare å tildele og forvalte kommunale utleigebustader.
Kommunane har eit stort bustadpolitisk ansvar. Dei skal drive heilskapleg bustadplanlegging, legge til rette for at det blir bygd nok bustader og at fleire eldre skal kunne bu lengre heime. Regjeringa vil bidra til at kommunane har dei føresetnadene og rammevilkåra dei treng for å kunne ta ei aktiv bustadpolitisk rolle ut frå lokale forhold, prioriteringar og nasjonale mål. Bustadbehovsanalysar gir kunnskap om forventa bustadbehov dei neste åra. Regjeringa vil legge til rette for meir bruk av bustadbehovsanalysar i kommunane.
1.2 Eit sterkt og velfungerande kommunesystem
Eit sterkt og velfungerande kommunesystem er avgjerande for å sikre gode tenester, små forskjellar og like moglegheiter i heile landet. Når kommunane har kapasitet til å møte nye behov, styrkjer ein fellesskapet og tilliten i samfunnet. I ei tid med behov for store omstillingar – som følgje av endringar i demografi, klima og teknologi – må vi sørgje for at kommunane står godt rusta. Det handlar både om sikkerheit for folk i kvardagen og om å gi framtidstru gjennom gode velferdstilbod, ansvarleg økonomistyring og lokal utviklingskraft.
Omstillingsbehov som følgje av mangel på arbeidskraft og demografiendringar treffer alle kommunar, men nokre meir enn andre. Ulike kommunar har ulike føresetnadar for å møte desse utfordringane. Regjeringa vil bevare eit sterkt lokaldemokrati og eit kommunesystem basert på generalistkommuneprinsippet som leverer likeverdige tenester til innbyggarane i heile landet. Staten må sørgje for rammeføresetnadar som legg til rette for at kommunane kan møte utfordringane. Kommunane har sjølv ansvaret for omstilling, og for å finne lokale løysingar på korleis utfordringane best kan møtast.
Det kommunale sjølvstyret gir rom for skreddarsydde løysingar for kvart einskilt lokalsamfunn, tilpassa dei utfordringane dei står overfor. Derfor skal kommunesektoren i all hovudsak vere rammefinansiert, hovudsakeleg gjennom frie midlar. Øyremerkte tilskot skal som hovudregel berre gå til viktige nasjonale prioriteringsområde i ein oppstartsfase og med ein plan for eventuell innlemming i rammetilskotet, eller til finansiering av oppgåver som få kommunar har ansvar for. I Regjeringens plan Norge går det fram at regjeringa vil styrkje den tillitsbaserte styringa, som omfattar mindre detaljstyring og auka lokalt handlingsrom for kommunane. Inntektssystemet er viktig for å sikre eit likeverdig tenestetilbod i heile landet. Det nye inntektssystemet for kommunane, som vart innført i 2025, sikrar ei jamnare fordeling av inntekter mellom kommunane.
Regjeringa sette i mai 2025 ned Kommunekommisjonen, som skal foreslå endringar i den statlege styringa av kommunesektoren som legg til rette for god ressursbruk, fleksibel bruk av personell og effektiv oppgåveløysing i kommunesektoren. Kommisjonen skal òg vurdere og foreslå tiltak om det er andre forhold som bind kompetanse unødvendig, bidrar til unødvendig høge kostnadar eller lite effektiv oppgåveløysing i kommunar og fylkeskommunar.
Den første delrapporten frå kommisjonen vart lagt fram i januar i år, jf. NOU 2026: 1 En bærekraftig kommunesektor, og sendt ut på høyring. Den andre rapporten skal kome i løpet av 2026. Kommisjonen peiker på at aldring av befolkninga og mangel på arbeidskraft utfordrar evna kommunane har til å løyse grunnleggande oppgåver og levere tenester til innbyggarane. Utfordringane gir behov for omstilling. Statleg detaljstyring kan vere til hinder for kommunane i å utnytte ressursane best mogleg, ut frå lokale føresetnader og behov. I rapporten foreslår fleirtalet i kommisjonen fleire endringar i den juridiske og økonomiske styringa av kommunesektoren.
Regjeringa tar fleire grep for å følgje opp anbefalingane til kommisjonen, som varsla i kommuneproposisjonen for 2027. Allereie i statsbudsjettet for 2026 vart det innlemma øyremerkte tilskot som totalt utgjorde 1,6 mrd. kroner. I statsbudsjettet for 2027 foreslår regjeringa å innlemme fleire tilskot i rammetilskotet til kommunesektoren. Grensa for når kommunar og fylkeskommunar som hovudregel ikkje skal rapportere på øyremerkte tilskot vart heva frå 100 000 kroner til 1 mill. kroner frå 1. januar 2026. Regjeringa foreslår òg å slå saman fleire øyremerkte tilskot, som vil bidra til forenkling og å redusere talet på øyremerkte tilskot. Helse- og omsorgsdepartementet skal sende på høyring eit forslag om å oppheve krava i helse- og omsorgstenesteloven om kva for profesjonar kommunane som minimum må ha knytte til seg. Regjeringa vil vidare redusere dei detaljerte forskriftskrava for tilsetting i lærarstilling på ulike trinn, med sikte på å gi kommunar og fylkeskommunar auka fleksibilitet ved rekruttering og disponering av lærarressursar.
Regjeringa er positiv til kommunar som ønskjer å slå seg saman med ein eller fleire nabokommunar for ei meir framtidsretta organisering. Større kommunar vil i dei fleste tilfelle ha betre føresetnader for mellom anna å handtere utfordringar knytte til mangel på arbeidskraft og sårbare fagmiljø. Det er krevjande å gjennomføre ei samanslåing, og det beste utgangspunktet for å bygge ein ny kommune er lokale ønske og initiativ. Regjeringa legg derfor til grunn at samanslåing av kommunar bør vere frivillig. I statsbudsjettet for 2027 foreslår regjeringa å etablere nye økonomiske verkemiddel for kommunar som vurderer å slå seg saman. Verkemidla skal vere meir føreseielege for kommunane og legge betre til rette for gode samanslåingsprosessar.
Regjeringa meiner at interkommunalt samarbeid er heilt nødvendig for at mange kommunar skal kunne løyse oppgåvene sine. For å handtere utfordringar med mangel på arbeidskraft og sårbare fagmiljø, vil mange kommunar ha behov for å samarbeide om fleire oppgåver og tenester framover. Derfor er det viktig at kommunane har tilgang til samarbeidsmodellar som treffer behova dei har. Departementet har hatt på høyring eit forslag til endringar i reglane om interkommunalt samarbeid, som vil kunne legge til rette for mindre fragmentert og meir framtidsretta interkommunalt samarbeid.
Nokre enkeltkommunar kan over tid stå i ein særleg krevjande økonomisk situasjon og ha langvarige styringsutfordringar. Generalistkommuneutvalet tilrådde at det blir greidd ut ei særskild oppfølgingsordning for kommunar med store og vedvarande utfordringar, jf. NOU 2023: 9. Regjeringa tar sikte på å sende forslag til nye reglar om særskilt oppfølging av kommunar med vesentlege manglar eller svikt i styring og kontroll av kommunen på høyring hausten 2026. Målet er at dei kommunane som har store utfordringar, skal setjast betre i stand til sjølv å løyse utfordringane dei har, og at staten skal få fleire verkemeddel til å følgje opp desse kommunane.
Regjeringa foreslår ein vekst i frie inntekter i 2027 på 3,2 mrd. kroner. Dette kjem på toppen av ein historisk høg vekst i 2025 og 2026. Veksten blir fordelt med 2,6 mrd. kroner til kommunane og 0,6 mrd. kroner til fylkeskommunane. Kommunal etterspørsel står for om lag 16 pst. av BNP for fastlands-Noreg. Om lag kvar femte sysselsette i landet er tilsett i kommunal sektor. Storleiken på kommunesektoren inneber at utviklinga i sektoren har stor betyding for utviklinga i norsk økonomi, og sektoren sin samla ressursbruk har stor verknad på heilskapen i økonomien. Det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2027 er omtalt i kapittel 2.
1.3 Ein heilskapleg nordområdepolitikk
Nordområda er Noreg sitt viktigaste strategiske satsingsområde og regjeringa vil bidra til auka busetnad i nord. Dei siste åra har vore prega av geopolitiske omveltingar som tydeleggjer behovet for ein styrka og samordna nordområdepolitikk. Kommunal- og distriktsdepartementet har hovudansvar for å koordinere nordområdepolitikken, i samarbeid med Utanriksdepartementet. I 2025 la regjeringa fram Norge i nord – Nordområdepolitikken i en ny virkelighet, med mål om at «Nord-Noreg skal ha livskraftige lokalsamfunn der folk ønskjer å bu, og som bidreg til sikkerheit og beredskap». Sterke kommunar er avgjerande for utviklinga i nord. Regjeringa vil støtte opp om kommunane si evne til å handtere demografiske endringar og levere gode tenester til innbyggarane. Samstundes skal ein legge til rette for at satsinga på Forsvaret gir positive ringverknader for lokalsamfunna, gjennom auka aktivitet, arbeidsplassar og utvikling av bustader og tenester. Dei naturgitte føresetnadene i nord gir store moglegheiter for næringsutvikling og verdiskaping, og regjeringa vil bidra til å utvikle attraktive lokalsamfunn med eit rikt kultur- og samfunnsliv.
Innsatssona omfattar Finnmark og Nord-Troms, og gir særskilde økonomiske verkemiddel til personar og verksemder. Frå 2021 er verkemidla styrkte med vel 2 mrd. kroner. I 2026 vart dei auka med om lag 350 mill. kroner, og samla utgjer verkemidla om lag 7 mrd. kroner. Gjennom innsatssonekalkulatoren kan den enkelte berekne kor mykje ein kan spare ved å busette seg i innsatssona. Bustader tilpassa innbyggarane sine behov er viktig for å styrkje attraktiviteten i Nord-Noreg. Husbanken – Bustad- og bygningsdirektoratet har fått 9 mill. kroner i 2026 for å styrkje nærværet og bistanden til kommunane. Midlane skal mellom anna fremje samhandling mellom kommunane, statlege aktørar og næringslivet for å stimulere til bustadutvikling lokalt. Eit døme er nettverket By i Nord, som styrkjer samarbeidet om bustadutvikling i Troms og Finnmark. Regjeringa ønskjer òg å styrkje arealplankapasiteten i dei tre nordlegaste fylka. Dette for å gi fylkeskommunane auka kapasitet og tilgang på spesialiserte arbeidskraftressursar for å utarbeide planar til prosjekt av stor samfunnsmessig betyding, men òg avlaste kommunane med planvask.
Forsvaret satsar tungt i Nord-Noreg. Regjeringa har mellom anna framskunda ferdigstillinga av Finnmarksbrigaden, noko som styrkjer landmilitær evne i nordområda. Regjeringa vil styrkje samarbeidet mellom kommunane og forsvarssektoren for å legge til rette for busetting og attraktive lokalsamfunn. I 2026 vart det òg innført nye ordningar for leverandørutvikling til Forsvaret. Målet er at lokale og regionale leverandørar får levere til Forsvaret og at Forsvaret sin vekst styrkjer både beredskap og næringsutvikling. Dei fire bygdevekstavtalane i Nord-Noreg legg òg til rette for nye samarbeidsformer. I Midt-Finnmark har bygdevekstpiloten bidrege til å etablere ei forsvarslinje med studiespesialisering ved den vidaregåande skulen i Porsanger.
Det går føre seg eit kontinuerleg arbeid for å styrkje beredskap og tryggleik i nordområda, både nasjonalt og i samarbeid med nabolanda. Gjennom Platform North er det etablert eit tett nordisk samarbeid om militær mobilitet, motstandskraft og beredskap i transportsektoren. Styrkt beredskap i nord er avgjerande for både lokal og nasjonal sikkerheit. Samstundes er ei nasjonal tiltakssone for beredskap i Troms og Finnmark under utvikling, og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) etablerte i 2026 Senter for motstandskraft i nord som eit statleg knutepunkt i Kirkenes. Senteret skal støtte statsforvaltaren i arbeidet med å styrkje den kommunale beredskapen og sørgje for god koordinering av statleg bidrag til beredskap i Finnmark. Senteret skal vere ein sentral arena for kunnskapsdeling, øvingar og samarbeid om motstandskraft i samfunn og på tvers av sektorar og landegrenser. Regjeringa foreslår å styrke DSB sitt budsjett med 15 mill. kroner i samband med dette.
For å møte dei særskilde utfordringane i transportsystemet i Nord-Noreg blir det investert i veg-, bane-, luftfarts- og digital infrastruktur. E6 Megården–Mørsvikbotn i Fauske og Sørfold og E10/riksveg 85 mellom Tjeldsund og Gullesfjordbotn (Hålogalandsvegen) er to av dei største samferdsleutbyggingane i Nord-Noreg nokon gong. På E8 inn mot Tromsø blir det bygd ny veg mellom Sørbotn og Laukslett for å betre framkome og trafikktryggleik. Det går òg føre seg utbetring av E45 Kløfta i Finnmark, ei strekning med stor skredfare som er særleg krevjande om vinteren og utgjer ein flaskehals for tungtransporten. Kapasiteten på Ofotbanen blir styrkt gjennom nye kryssingsspor, medan vedlikehald og fornying av mellom anna Nordlandsbanen blir følgd opp. Samstundes går det føre seg lufthamnutbyggingar i Bodø og Mo i Rana, og arbeidet med framtidige FOT-ruteavtalar skal bidra til eit godt flyrutetilbod i landsdelen.
Det blir òg investert i digital infrastruktur og fiskerihamner for å styrkje samfunnstryggleik, næringsutvikling og regional samanhengskraft. Nord-Noreg står òg sentralt i utviklinga av romverksemd, med Andøya Spaceport som eit viktig knutepunkt for satellittbaserte tenester og infrastruktur
Nord-Noreg treng eit konkurransedyktig og mangfaldig næringsliv som bidreg til busetjing, verdiskaping og tryggleik. Utbygging av kraftinfrastruktur i Finnmark skal legge til rette for auka aktivitet i regionen gjennom kraftløftet i Finnmark. Havområda i nord er sentrale for vidare utvikling av petroleumsverksemda, og regjeringa vil legge til rette for lønnsam olje- og gassproduksjon i eit langsiktig perspektiv. Samstundes blir det arbeidd med å utvikle mineralnæringa. Ei ny minerallov skal gjere det enklare å realisere prosjekt, samstundes som samiske rettar blir ivaretekne. Utbygging av energi, næringsverksemd og infrastruktur er viktig for å utvikle livskraftige lokalsamfunn i nord, men må skje med omsyn til natur, samiske interesser og anna arealbruk. Tiltakspakka for reindrift og energi skal styrkje medverknad, betre kunnskapsgrunnlaget og bidra til å handtere ulemper ved utbygging.
Sjømat er ryggrada i nordnorsk eksport og verdiskaping. For å møte utfordringar, som kvotenedgang og sesongvariasjonar, blir det satsa på omstilling, innovasjon og betre utnytting av marine ressursar. Samstundes blir det arbeidd for høgare råstoffkvalitet og berekraftig sameksistens mellom ulike havnæringar. Reiselivsnæringa i nord veks raskt og gir grunnlag for lokal verdiskaping. Besøksbidragslova gir kommunar med høg turistbelastning høve til å innføre overnattingsavgift for å finansiere infrastruktur og fellestenester.
Samarbeidet i nord har fått auka betydning etter at Finland og Sverige vart med i NATO. Gjennom samarbeid mellom landa, regionar og lokalsamfunn blir beredskap, samfunnsutvikling og kontakten over grensene styrkt. Samarbeidsprogramma Interreg og Nordisk Atlantsamarbeid (NORA) er viktige verkemiddel i dette arbeidet. Det norske Barentssekretariatet forvaltar ordningar som støttar nordisk samarbeid, mellom anna med svenske og finske regionar, og i Sápmi. Noreg er samstundes ein leiande polarnasjon med sterk forskingsaktivitet i Arktis. Regjeringa har styrkt norsk forsking i arktiske havområde og støttar forskingsprosjektet Polhavet 2050 med 1 mrd. kroner over ti år. Arktisk råd er framleis den viktigaste arenaen for arktisk samarbeid basert på folkeretten.
1.4 Betre og meir effektive arealprosessar
Arealplanlegging er eit av dei viktigaste styringsverktøya vi har for å løyse fleire samfunnsutfordringar på ein gang. Planlegging etter plan- og bygningslova er òg eit sentralt verkemiddel for korleis Noreg skal lykkast med å nå berekraftsmåla. Samfunnssikkerheit og beredskap, forsvarsformål, samfunnskritisk digital infrastruktur og behov for næringsutvikling, bustadbygging, fornybar energi og nett skal vektleggast i samfunns- og arealplanlegginga. Plansystemet skal sikre heilskap, langsiktige perspektiv og samordning på tvers av sektorar og forvaltingsnivå. Kommunar og fylkeskommunar har rolla som samfunnsutviklar og er planmyndigheit med ansvar for arealforvaltinga. Samspelet mellom dei ulike forvaltingsnivåa og dei ulike sektormyndigheitene er avgjerande for å lykkast med regjeringa si satsing på betre og meir effektive arealprosessar.
Lange, uføreseielege planprosessar kan forsinke samfunnsutvikling, bustadbygging og grøn omstilling, auke kostnadar og skape konflikt mellom ulike forvaltingsnivå og sektorar. Regjeringa ønskjer betre og meir effektive arealprosessar og har sett i gang fleire tiltak for å oppnå dette.
Eit av oppfølgingspunkta i arkitekturstrategien Rom for kvalitet (2025) var at regjeringa vil legge fram ei stortingsmelding om arealplanlegging og arkitektur. Departementet har starta dette arbeidet, og tar sikte på å legge fram meldinga hausten 2027. Kommunal- og distriktsdepartementet leiar arbeidet med stortingsmeldinga, i tett samarbeid med dei andre departementa. Arbeidet med stortingsmeldinga vil bidra til ein systematisk gjennomgang av plansystemet. Arbeidet skal bidra til å følgje opp regjeringa sin plan for Noreg, der bustadbygging, fornying, forsterking og forbetring av offentleg sektor, klimaomstilling, styrka forsvarsevne og økonomisk tryggleik er blant prioriteringane.
I arbeidet med meldinga vil ein mellom anna sjå på korleis plansystemet kan bidra til betre og meir effektive arealprosessar, betre samordning mellom ulike arealomsyn og korleis vi kan gjere kommunar og offentlege aktørar betre i stand til å handtere ansvaret sitt. Sentrale spørsmål vil vere korleis sikre raskare bustadbygging og kvalitet i det som blir bygd, og korleis samfunnsviktige funksjonar og infrastruktur som forsvar, næring og kraft best kan ivaretakast i arealforvaltinga.
Det tar ofte for lang tid å finne løysingar i plansaker der det er store interessemotsetnader, særleg der det ligg føre motsegner. Regjeringa sitt pågåande motsegnsprosjekt ser nærare på statlege og regionale styresmakter sin bruk av motsegn i plansaker, og om det er grunnlag for å heve terskelen for motsegner òg å unngå overlappande motsegner mellom ulike styresmakter. I prosjektet vil ein og sjå på korleis tidlegare involvering av regionale styresmakter, betre samordning mellom statlege sektorinteresser, og klarare forventingar til kva omsyn som avklarast på ulike plannivå kan gi meir føreseielege planprosessar. Revisjon av Rundskriv H-2/14 Retningslinjer for innsigelser i plansaker etter plan- og bygningsloven er ein viktig del av motsegnsprosjektet. Her vil ein mellom anna sjå nærare på korleis statsforvaltaren si samordningsrolle kan styrkast. Målet er meir effektive og meir føreseielege prosessar, og at terskelen for kva som er regionale og nasjonale interesser ligg på riktig nivå.
Det er eit mål at ein i tildelingsbrevet til statsforvaltarane for 2027 kan oppnå ei betre samordning av styringssignala til statsforvaltarane på planområdet. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til statsforvaltarane for å styrkje sakshandsamingskapasiteten. Auken tilsvara éi stilling i kvart embete.
Dei statlege planretningslinjene skal brukast aktivt i planlegginga og vere ein del av vurderingsgrunnlaget ved utarbeiding av planar og reguleringsforslag. Dei skal sikre at omsynet til både vern og utvikling blir vurdert på ein systematisk og etterprøvbar måte, og at planlegginga skjer i tråd med nasjonale mål og føringar. Regjeringa sine nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging blir oppdatert kvart fjerde år, og leggast neste gang fram våren 2027.
Digitalisering blir brukt aktivt som verkemiddel for å effektivisere planprosessane og betre kvaliteten i planlegginga. Regjeringa har lagt til rette for digital framstilling og kontroll av plankart og forskrift for å redusere sjansen for feil og dobbeltarbeid, gjere planmateriale meir tilgjengeleg og forståeleg, støtte betre samhandling mellom forvaltingsnivå og legge til rette for meir kunnskapsbaserte avgjerder. Ein eksempelkatalog for planforskrift og utvida bruk av tenester for planvarsling er gode døme som er teke i bruk og blir utvida fortløpande. Vidare vil ei rekke løysingar for innsending av forslag og planar, gjennomføring av høyringar og likande lanserast i tida framover.
Betre og enklare tilgang til geodata er viktig for å gjere arbeidet med planprosessane enklare. Regjeringa si satsing på løysingane for forvalting og distribusjon av geodata frå Kartverket gjer at tenestene blir meir stabile, framtidsretta og senkar terskelen for kompetanse for å nytte seg av dei. Kartverket har utvikla ei løysing og spesifikasjon for standardiserte analyser av det offentlege kartgrunnlaget (DOK), altså dei datasetta som skal nyttast i planlegging. Analysen vil gi oversikt over risiko- og verdivurderingar som grunnforureining, flaumfare, mineralressursar og sårbare naturtypar, slik at ein allereie i første del av planprosessen kan forstå kvar utgangpunktet for konflikt med sektorinteresser er. Regjeringa ønskjer å sikre betre kontroll og oversikt over eigarskap til fast eigedom i Noreg, og har sett i gang fleire konseptuavhengige tiltak frå Kartverket si konseptvalutgreiing for eigarskap til fast eigedom. Dette vil mellom anna innebere at elektronisk tinglysing blir mogleg for privatpersonar.
Den gjennomsnittlege sakshandsamingstida for utarbeiding av reguleringsplanar har dei siste åra gått opp, noko som mellom anna skuldast meir komplekse problemstillingar, mange motsegner og klager og tolkingstvil. Regjeringa har sett i gang eit arbeid med endringar i plan- og bygningslova, med tilhøyrande forskrifter, som skal føre til raskare planprosessar, forenklingar og forbetringar. Regjeringa legg opp til ei stegvis og målretta regelverksutvikling for å redusere tolkingstvil og grunnlaget for konfliktar, noko som vil gjere regelverket meir presist. Planen er å sende enkelte forslag på høyring før årsskiftet 2026 –2027, og ytterlegare forslag før sommaren 2027.
Dei bygde omgjevnadene blir utvikla i samspel mellom lokalt sjølvstyre, statlege rammer, private initiativ og investeringar, og medverknad frå innbyggarane. Kompleksiteten i arealplanlegginga aukar når mesteparten av ny utbygging skjer som fortetting og transformasjon. Regjeringa følgjer opp arkitekturstrategien mellom anna gjennom tiltak for betre samordning av statlege sektorar og verkemiddel, utvikling av kompetanse og verktøy for arkitektonisk kvalitet og ved å løfte førebilete og stimulere til nytenking. Målet er at varige kvalitetar i dei fysiske omgjevnadene i byar og tettstader ikkje skal forsinke eller fordyre byggeprosessane.
Byvekstavtalane er eit sentralt verkemiddel for samordna areal- og transportplanlegging i dei største byområda, og fungerer som ein arena for å løfte dei store prinsipielle avvegingane ut av einskildsaker. I nye, reforhandla byvekstavtalar vil regjeringa styrkje avtalane sine bidrag til fortetting og transformasjon, slik at vi bruker dei knappe areala effektivt og det blir utvikla gode byrom og nabolag. Avtalane skal derfor òg kunne tene som ein arena for å prøve ut nye verktøy i plan- og bygningslova.
Mange kommunar, særleg distriktskommunar har utfordringar med å legge til rette for god planlegging etter plan- og bygningslova. Nord-Noreg opplever særskilte utfordringar og fråflytting, samstundes som enkelte kommunar i nord er utsette for vekstsjokk som følgje av forsvarsetableringar eller prosjekt som skal utnytte naturressursar. For å hjelpe kommunane med planprosessar foreslår regjeringa å etablere oppgåveavlastande team med plankompetanse hos fylkeskommunen i dei tre nordlegaste fylka.
1.5 Eit sterkt demokrati – tillit og openheit
Frie og hemmelege val er grunnleggande i demokratiet vårt. Tilliten til val og demokratiet som styreform er høg i Noreg, og det er viktig at den blir oppretthalden.
Stortingsvalet 2025 var det første valet gjennomført med den nye vallova som Stortinget vedtok i juni 2023. Evalueringar av valet viser at det vart godt gjennomført, og at kommunane og fylkeskommunane i stort var nøgde med tenestene frå Valdirektoratet. OSSE sitt kontor for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR) gjennomførte valobservasjon med eit ekspertteam. Rapporten frå ODIHR vurderer at valgjennomføringa var god og profesjonell, men kjem òg med nokre anbefalingar som skal vurderast.
Den tryggingspolitiske situasjonen er meir tilspissa. Det har følgjer òg for val og demokrati, og det blir lagt ned betydeleg innsats mellom anna i å trygge dei elektroniske systema som blir brukt i val. Regjeringa la før valet fram ein tiltaksplan for å styrkje motstandsdyktigheita mot uønskt valpåverknad. Planen hadde 18 tiltak som hadde som mål å auke bevisstheita og styrkje kompetansen hos ulike aktørar som har ei rolle i val, samt auke dei stemmeføre si motstandskraft mot informasjonspåverknad og falske nyheiter retta mot valgjennomføringa.
Erfaringar frå andre land viser at utfordringsbiletet kan endre seg raskt, og ein har sett fleire urovekkjande utviklingstrekk for demokrati globalt, òg i europeiske land. Det er viktig å ha god kunnskap om tilstanden i det norske demokratiet for å ta vare på dei sterke sidene og kunne setje inn tiltak mot nye utfordringar i demokratiet vårt. Det blir gjennomført ein oppdatert tilstandsanalyse av det norske demokratiet som vil vere klar i 2027. Funna frå analysen vil gi eit omfattande fagleg grunnlag for å vidareutvikle ein heilskapleg demokratipolitikk og styrkje innsatsen mot nye utfordringar i ei uroleg verd.
Regjeringa vil arbeide for å halde oppe frie, trygge og opne demokratiske prosessar. Dette inneber mellom anna å styrkje evna kommunane har til å gjennomføre frie, hemmelege og tillitsskapande val, styrkje motstandskrafta mot uønskt utanlandsk påverknad og sikre føreseielege rammer for dei politiske partia.
Regjeringa sette i 2025 ned eit offentleg utval som skal gjennomføre ein heilskapleg gjennomgang av partiloven, og mellom anna vurdere reglane for registrering av politiske parti, partifinansiering og offentleggjering av inntektene til partia. Utvalet skal vidare vurdere om det er behov for å innføre noko form for regulering av valkamp, og om det bør innførast ei grense for kor store beløp partia kan få som bidrag. I tillegg skal utvalet drøfte om det er ønskeleg å regulere valkampanjar frå tredjepartar og anonyme kjelder. Utvalet skal levere si utgreiing innan 1. juni 2027.
Det er alvorleg at tilliten til staten er lågare i mange samiske miljø og blant nasjonale minoritetar enn hos majoritetsbefolkninga. Regjeringa er oppteken av å legge til rette for opne prosessar og god kommunikasjon. Eitt viktig verkemiddel for å bygge tillit mellom den samiske befolkninga og styresmaktene er konsultasjonsreglane i samelova kapittel 4.
Kulturen og språka til samane og dei nasjonale minoritetane er viktige delar av historia og kulturarven i Noreg. Kunnskap om felles historie, kulturarv, verdiar og tradisjonar er viktig for å bygge tillit, tryggleik og inkludering. Å motvirke hets, rasisme og diskriming som råkar samar og nasjonale minoritetar står sentralt i regjeringa sitt arbeid.
Oppmodningsvedtaka frå Stortinget etter handsaminga av rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen blir følgt opp i tråd med omtale i Prop. 1 S (2025–2026), del III kap. 6. Vidare rapportering vil gå fram av dei respektive fagdepartementa sine budsjettproposisjonar.
I mai 2026 la regjeringa fram ein handlingsplan for kvensk språk. Med handlingsplanen ønskjer regjeringa å skape betre vilkår for læring, bruk og utvikling av kvensk språk. Regjeringa har òg sett i gang arbeidet med ein handlingsplan for skogfinsk kultur, der tiltak for språk vil inngå. I tillegg er det sett i gong arbeid med ei stortingsmelding om forsoningspolitikken som skal leggast fram i 2027, i tråd med oppmodingsvedtak 31 frå Stortinget. Stortingsmeldinga vil famne breiare enn oppmodingsvedtaka frå Stortinget og vil i stor grad omhandla tema som er felles for samar og nasjonale minoritetar.
Vidare forsoning er ein prosess som vil ta tid og som involverer ulike aktørar nasjonalt og lokalt. I tillegg vil det vere utstrekt kontakt med Sametinget, og med organisasjonar som representerer kvener/norskfinnar og skogfinnar.
2 Det økonomiske opplegget for kommunesektoren
2.1 Kommunesektoren sine inntekter i 2026
I saldert budsjett for 2026 vart det lagt opp til ein realvekst i dei frie inntektene på 8,4 mrd. kroner rekna frå inntektsnivået i revidert nasjonalbudsjett for 2025. Når ein trekk frå anslåtte meirkostnadar til demografi på 2,9 mrd. kroner, vart det dermed lagt opp til eit handlingsrom på 5,5 mrd. kroner.
Anslaget for skatteinntektene frå inntekt og formue auka med 3,2 mrd. kroner frå saldert budsjett til revidert nasjonalbudsjett for 2026. Frå revidert nasjonalbudsjett for 2026 til no er skatteanslaget redusert med 2,8 mrd. kroner. Samanlikna med saldert budsjett for 2026 til no er dermed anslaget for skatteinntektene auka med 0,4 mrd. kroner.
Anslaget for den kommunale deflatoren var på 3,5 pst. i saldert budsjett for 2026. I revidert nasjonalbudsjett for 2026 ble anslaget endra til 4,1 pst. Anslaget er no endra til 4,0 pst. Dette trekk isolert sett inntektsveksten opp med om lag 0,6 mrd. kroner frå revidert nasjonalbudsjett for 2026 til no.
2.2 Kommunesektoren sine inntekter i 2027
Signal i kommuneproposisjonen
I kommuneproposisjonen for 2027 la regjeringa opp til ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter i intervallet 3,5–4 mrd. kroner. Med det anslaget ein då la til grunn for demografikostnadane, ville den føreslåtte veksten gi eit handlingsrom på 0,5 til 1 mrd. kroner ut over meirkostnadane til demografi. Regjeringa foreslo at kommunane skulle få 80 pst. av handlingsrommet ut over meirkostnadar til demografi, medan fylkeskommunane skulle få 20 pst. av handlingsrommet. Det vart vidare varsla at dersom det skulle kome vesentleg ny informasjon om den økonomiske situasjonen i kommunesektoren, kunne den føreslåtte veksten bli endra i forslaget til statsbudsjettet for 2027.
Demografi
I kommuneproposisjonen for 2027 vart det anslått ein vekst i kommunesektoren sine demografikostnadar på om lag 3,7 mrd. 2027-kroner. Av dette var om lag 3 mrd. kroner knytt til tenester som blir finansiert av dei frie inntektene.
Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) oppdaterte anslaget for demografikostnadar i juni 2026. I det oppdaterte anslaget er demografikostnadane som må dekkast av dei frie inntektene redusert til 2,7 mrd. kroner. Dette er 0,3 mrd. kroner lågare enn anslaget i kommuneproposisjonen for 2027. Auken i demografikostnadane er fordelt med 2,2 mrd. kroner på kommunane og 0,5 mrd. kroner på fylkeskommunane.
Pensjon
I kommuneproposisjonen for 2026 vart det varsla at departementet tar sikte på ei gradvis justering av berekningsføresetnadar for pensjonskostnadane i åra framover. Målet er at pensjonskostnadane, gjennom forventningsrette anslag, over tid skal reflektere nivået på pensjonspremiane. Det er særleg forholdet mellom diskonteringsrenta og lønsvekst som har betyding for nivået på pensjonskostnadane. For 2026 er forholdstallet redusert frå 1 til 0,88.
I juni sendte departementet ut Rundskriv H-2/26 Beregningsforutsetninger for pensjonskostnadene regnskapsåret 2027. I rundskrivet fastsette departementet at det såkalla forholdstalet mellom diskonteringsrente og lønsvekst blir redusert frå 0,88 til 0,75. Dette vil isolert sett innebere ein auke i dei rekneskapsmessige pensjonskostnadane. Denne auken er det tatt omsyn til i anslaget på den kommunale deflatoren for 2027.
Vekst i frie inntekter
Tabell 2.1 viser den foreslåtte veksten i frie inntekter og handlingsrommet i 2027. Regjeringa foreslår ein realvekst i sektoren sine frie inntekter på 3,2 mrd. kroner, noko som svarer til ein realvekst på om lag 0,5 pst. Realvekst er vekst ut over anslått prisvekst på varer og tenester, lønsvekst og vekst i pensjonskostnadar. Ved berekning av realveksten er det lagt til grunn ein kommunal deflator på 3,8 pst. Realveksten på 3,2 mrd. kroner kjem derfor i tillegg til dekking av forventa pris- og lønsvekst på om lag 22,2 mrd. kroner.
Inntektsveksten er rekna frå inntektsnivået i 2026 slik det vart anslått etter stortingsbehandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2026. Ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2026 vedtok Stortinget ein auke i løyvingane til fylkeskommunane på 1,45 mrd. kroner. Av dette var 1 mrd. kroner ei mellombels styrking i 2026 knytt til vedlikehald og mindre investeringar på fylkesvegar, medan 450 mill. kroner var ei varig styrking av inntektene til fylkeskommunane. Veksten i frie inntekter i 2027 blir rekna frå eit nivå som er 450 mill. kroner høgare enn lagt til grunn då regjeringa la fram sitt forslag i kommuneproposisjonen.
Veksten i frie inntekter på 3,2 mrd. kroner gir kommunesektoren eit anslått handlingsrom ut over meirkostnadar til demografi på 0,5 mrd. kroner. Regjeringa følgjer då opp lovnadene som vart gitt i kommuneproposisjonen. Det er tatt omsyn til at anslaget for demografikostnadar er nedjustert frå 3,0 til 2,7 mrd. kroner etter at kommuneproposisjonen vart behandla i Stortinget.
I tråd med signala i kommuneproposisjonen foreslår regjeringa at handlingsrommet på 0,5 mrd. kroner blir fordelt med 80 pst. på kommunane og 20 pst. på fylkeskommunane. Kommunane vil da få ein vekst i frie inntekter på 2,6 mrd. kroner, medan fylkeskommunane får ein vekst på 0,6 mrd. kroner, rekna frå inntektsnivået i 2026 etter stortingsbehandlinga av revidert nasjonalbudsjett. Innanfor handlingsrommet til kommunane er 80 mill. kroner grunngjeve med opptrappingsplanen for psykisk helse.
Mange kommunar og fylkeskommunar opplever den økonomiske situasjonen som utfordrande. Særleg var 2024 eit krevjande år for kommunesektoren. Den økonomiske situasjonen for kommunesektoren vart vesentleg betra i 2025 samanlikna med 2024. Inntektsveksten i 2025 var historisk høg. Realveksten i dei frie inntektene frå 2024 til 2025, utover meirkostnader til demografi og pensjon, er no anslått til om lag 18 mrd. 2026-kroner målt frå rekneskapen.
Auken i realinntektene i 2025 kjem av betydelege løyvingar til kommunesektoren, høgare skatteinngang enn venta i 2025 og at skattesvikten i 2024 var mellombels. Netto driftsresultat for kommunesektoren i 2025 vart på 2,6 pst. av inntektene. Dette er over tilrådinga frå Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) på 2 pst. over tid, og ei klar forbetring frå det låge nivået på 0,1 pst. i 2024. Det er likevel store forskjellar i resultat mellom kommunane.
TBU vurderer at dei gode resultata i 2025 må sjåast i samanheng med sterk realvekst i dei frie inntektene i 2025, og med omstillingar og innsparingar i mange kommunar og fylkeskommunar.
Regjeringa vil understreke at kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å tilpasse aktivitetsnivået til inntektene dei har gjennom kloke prioriteringar, nødvendige omstillingstiltak og god økonomistyring, slik at drifta er berekraftig over tid. Kommunane og fylkeskommunane kan ut frå lokale behov og vurderingar bruke handlingsrommet til å betre den økonomiske balansen eller betre tenestetilbodet. Styrkinga av inntektsrammene dei siste åra legg til rette for gode velferdstenester ute i kommunane.
Tabell 2.1 Auka handlingsrom for kommunesektoren i 2027
Kommunar
Fylkes-
kommunar
Kommune-
sektoren
Vekst i frie inntekter1
2,6
0,6
3,2
- Merkostnader til demografi
2,2
0,5
2,7
= Handlingsrom etter meirkostnadar til demografi2
0,4
0,1
0,5
1 Vekst i frie inntekter er berekna frå anslått nivå på inntektene i 2026 etter Stortinget si behandling av revidert nasjonalbudsjett for 2026. Ved berekning av realveksten er det lagt til grunn ein kommunal deflator på 3,8 pst. frå 2026 til 2027. Frå og med 2026 inngår meirkostnader til pensjon i anslått deflator. Anslaget på den kommunale deflatoren er 3,5 pst. fra 2026 til 2027 utan meirkostnader til pensjon. Midlertidige løyvingar blir halde utanfor berekningsgrunnlaget.
2 Innanfor handlingsrommet til kommunane er 80 mill. kroner grunngjeve med opptrappingsplanen for psykisk helse.
Nærare om realveksten i samla inntekter
I tabell 2.2 er realveksten i kommunesektoren sine samla inntekter på 4,6 mrd. kroner dekomponert.
Ved pålegg om nye eller utvida oppgåver for kommunesektoren, avvikling av oppgåver eller regelendringar som har økonomiske konsekvensar, blir kommunesektoren kompensert eller trekt i frie inntekter basert på endring i økonomisk belastning. Desse endringane blir haldne utanom berekna vekst i frie inntekter, men inngår i veksten i samla inntekter. For 2027 utgjer desse endringane i løyvingane samla sett ein reduksjon på 0,1 mrd. kroner.
Realveksten i øyremerkte tilskot er anslått til 1 mrd. kroner.
Tabell 2.2 Realvekst i kommunesektoren sine samla inntekter i 2027
Mrd. 2027-kroner
Frie inntekter
3,2
Frie inntekter knytt til endringar i oppgåver1
-0,1
Øyremerkte tilskot
1,0
Gebyrinntekter
0,5
Dette er starten på kapittelet. Les hele kapittelet hos regjeringen.no.
Første publiserte kapittel
Prop. 1 S (2026–2027)
Dokumenttekst
Del 1 Innleiande del
1 Hovudoppgåver og organisering
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet skal sikre eit høgt tempo på digitalisering i Noreg og bidra til å styrkje staten og samfunnet si evne til å utnytte potensialet og handtere utfordringane som digital teknologi skapar. Departementet har eit pådrivaransvar og ei samordningsrolle i dette arbeidet. Befolkninga si tillit til bruken av digitale løysingar i det offentlege er avgjerande, og departementet skal arbeide målretta for å sikre at alle skal med, òg digitalt.
Departementet skal gjennom forvaltningspolitikken bidra til god og effektiv styring av fellesskapet sine ressursar og ein betre offentleg sektor til fordel for befolkninga, næringslivet og frivillig sektor. Departementet skal bidra til vidareutvikling av ein effektiv og høgt kompetent statleg sektor.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for fornying av offentleg sektor, digitaliseringspolitikk, elektronisk kommunikasjon og digital infrastruktur, nytt nødnett, oppfølging av berekraftsmåla, personvern, statleg arbeidsgivarpolitikk, sikkerheit og fellestenester for departementa, overordna ansvar for statlege bygg og statsforvaltarane og budsjettet for Kongehuset.
Departementet har etatsstyringsansvaret for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Digitaliseringsdirektoratet, Datatilsynet, Statsbygg, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, Digitaliseringsorganisasjonen til departementa, Statsforvaltaren og Statsforvaltarens fellestenester. I tillegg har departementet ansvaret for eigarstyringa av Norid AS, styring og forvaltning av departementet sine løyvingar til Noregs forskingsråd og det administrative ansvaret for Personvernnemnda. Vidare får Direktoratet for forvaltning og økonomistyring og Statens pensjonskasse oppdrag frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets organisering:
Figur 1.1 Organisasjonskart for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet med underliggande etatar og tilknytte verksemder
2 Hovudprioriteringar
2.1 Ein fornya, forsterka og forbetra offentleg sektor
Regjeringa skal fornye, forsterke og forbetre offentleg sektor. Innbyggarane skal møte ei effektiv, open og digitalisert forvaltning som bidrar til norsk konkurransekraft. Regjeringa vil sikre best mogleg bruk av samfunnet sine ressursar, og legge til rette for auka produktivitet, sterkare velferd og betre og meir berekraftige tenester. Det inneber å redusere unødvendig byråkrati, styrkje lokal fridom og sikre at ressursane blir brukt der behovet og effekten er størst. Den norske modellen, med sterk kompetanse, medråderett og tillitsbasert styring og leiing, skal ligge til grunn.
I Meld. St. 31 (2023–2024) Perspektivmeldingen 2024 blir kamp om arbeidskraft og behov for omstilling løfta fram som viktige samfunnsutfordringar. Ei aldrande befolkning aukar etterspørselen etter helse- og omsorgstenester fram mot 2060, samstundes som veksten i tal på personar i arbeidsfør alder stoppar opp. Vi har auka forventningar til kvalitet og tilgjengelegheit i velferdstenestene, aukande press innan helse og omsorg, fallande resultat i skulen og rekrutteringsutfordringar i barnehage. I tillegg møter tilsette og leiarar auka forventningar, raskare omstillingstakt og høgare krav til kompetanse, særleg innan digitalisering og tverrfagleg samhandling.
Offentleg sektor sysselset om lag ein tredel av arbeidstakarane i Noreg. Det er nesten dobbelt så mange som gjennomsnittet i OECD. Når så store delar av arbeidskrafta og dei andre ressursane i økonomien blir nytta av stat og kommunar, får ressursbruken i offentleg sektor stor betyding både for økonomisk utvikling, produktivitet og velferd. Det blir dermed avgjerande at vi klarar å flytte ressursar dit behovet er størst.
OECD peikar på tillit både som ei drivkraft for ei effektiv forvaltning og som eit mål på kor godt offentleg sektor lykkast. Når befolkninga har høg tillit til forvaltninga, til dømes til at sensitive data blir behandla forsvarleg, er det enklare å levere effektive og brukarretta tenester. Samstundes blir innbyggarane sin tillit til styresmaktene påverka både av kor godt dei offentlege tenestene fungerer i kvardagen og av kor godt politikarane evnar å løyse store samfunnsutfordringar. For at innbyggarane skal ha tillit til forvaltninga, må dei òg kunne vente at forvaltninga opptrer med integritet gjennom saklege avgjerder, open og etterprøvbar forvaltning og ansvarleg bruk av makt og ressursar til det beste for fellesskapet.
Innbyggarundersøkinga 2026 viste at tilliten til offentlege styresmakter framleis er på eit høgt nivå i Noreg, sjølv om den har gått noko ned for andre gong sidan 2021. Ser ein bort frå pandemiåret, ligg delen av befolkninga med høg tillit nokså stabil. Dette blir òg støtta av andre tillitsundersøkingar, som Statistisk sentralbyrå si lokalvalsundersøking, ifølgje Direktoratet for forvaltning og økonomistyring.
I 2025 oppdaterte Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet dei etiske retningslinjene for statstenesta. Omtalen av ytringsfridom er løfta fram, i tråd med Ytringsfrihetskommisjonen sine anbefalingar. Vidare er retningslinjene oppdaterte i tråd med endringane i arbeidsmiljølova sine reglar om varslingsrutinar, statstilsettelova sine reglar om registrering av statstilsette og embetsmenn sine verv og økonomiske interesser, rettleiar om gåver i tenesta og forbodet i straffelova mot kjøp av seksuelle tenester. I 2026 har departementet publisert refleksjonsmateriale til dei etiske retningslinjene. Ei dilemmasamling er tenkt som eit praktisk verktøy for å øve på ulike etiske dilemma statstilsette kan kome i.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet er pådrivar og samordnar for arbeidet med openheit i forvaltninga, som er ein viktig føresetnad for ein ansvarleg, effektiv og tillitsskapande offentleg sektor. Ei open forvaltning legg til rette for innsyn, medverknad og betre offentlege avgjerder, og styrkjer dermed både legitimiteten og omstillingsevna i offentleg sektor. Handlingsplanen Ei open forvaltning – Noregs handlingsplan 5 – Open Government Partnership (OGP) 2024–2027 gir retning for arbeidet med mellom anna openheit om offentlege innkjøp, antikorrupsjon, digital inkludering og innsyn i offentlege dokument.
Regjeringa vil fortsette arbeidet med å styrkje den tillitsbaserte styringa og leiinga og styrkje partssamarbeidet i omstillinga. Arbeidet har eit langsiktig perspektiv og inneber ein ny måte å tenkje styring og leiing på i offentleg sektor, noko som er høgt prioritert i Regjeringens plan for Norge 2025–2029. Ei rekke tiltak er iverksett, slik som forsøksordninga, ventetidsløftet og arbeidet med eit enklare NAV. Forsøksordninga bidrar til å teste ut fritak frå regelverk og smartare organisering av kommunane sine oppgåver og verksemd. Status for forsøksordninga er nærare omtalt i Kommuneproposisjonen 2026.
Det er dei enkelte departementa som skal sørgje for at arbeidet med tillitsbasert styring og leiing blir følgt opp i praksis i sektorane sine. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for å sette rammene og vere pådrivar i arbeidet.
Framover vil regjeringa, med bakgrunn i erfaringane frå arbeidet så langt, utvikle ei ny plattform for arbeidet med tillitsbasert styring og leiing. Partssamarbeidet må framleis ha ei sterk kopling til digitaliserings- og effektiviseringsarbeidet.
I arbeidet er regjeringa oppteken av utvikling nedanfrå gjennom å bruke kompetansen til medarbeidarane. Ved å utvikle nye modellar for styring, finansiering, leiing og samordning, vil offentleg sektor kunne omstille seg og innovere raskare. I dette arbeidet bidrar Digitaliseringsdirektoratet, Direktoratet for forvaltning og økonomistyring og Design og arkitektur Norge med innsikt, kompetanseheving og verkemiddel for innovasjon. Regjeringa har òg inngått ei innovasjons- og berekraftsavtale med KS kor felles utfordringar og tiltak blir drøfta.
At offentleg sektor klarer å utnytte potensialet som ligg i innovasjon, digitalisering og kunstig intelligens (KI) er avgjerande for å realisere moglegheiter for auka produktivitet og verdiskaping. Utviklinga av KI går svært raskt, og kan føre til store endringar i arbeidslivet. Men det er viktig at KI blir innført og brukt forsvarleg. For å unngå utanforskap, kompetansetap og uønskt kontroll av arbeidstakarar, og for å bidra til effektivitet og betre tenester, er det viktig med godt samarbeid med tillitsvalde. Som del av den statlege arbeidsgivarpolitikken blir KI sett på dagsorden jamleg. Departementet innhentar regelmessig kunnskap om bruk av KI i staten.
Staten har viktige og komplekse samfunnsoppdrag. Statlege verksemder må klare å levere på samfunnsoppdraga, gjennomføre store og krevjande omstillingstiltak, ta i bruk KI og gjennomføre digitalisering, og òg i framtida levere tenester med høg kvalitet. Staten må derfor ha evne til å halde på, utvikle og rekruttere dyktige leiarar og medarbeidarar, og må ha løns- og arbeidsvilkår som legg til rette for og understøttar dette målet.
Verksemdene må møte kompetansebehova for framtida. Kompetanseutvikling for både leiarar og yngre og eldre arbeidstakarar er sentralt. God tenesteproduksjon og vellykka omstillingstiltak i dei statlege verksemdene må derfor sjåast i nær samanheng med vidare utvikling av den statlege arbeidsgivarpolitikken.
Staten skal ha leiarar som er tydelege i utøvinga av arbeidsgivarrolla. Leiarane må òg legge til rette for godt partssamarbeid, tillitsbasert leiing og medverknad for dei tilsette. For å lykkast med dei store omstillingsutfordringane som statlege verksemder står ovanfor i åra framover, er det svært viktig at verksemdene har dyktige tillitsvalde og arbeidsgivarar som kjenner rollene sine og handlingsrommet sitt. Staten og hovudsamanslutningane arrangerer årlege samarbeidskonferansar for leiarar og tillitsvalde i statlege verksemder. Målet er mellom anna å styrkje partssamarbeidet og formidle kunnskap om sentrale forvaltningsspørsmål.
Som ansvarleg for den sektorovergripande arbeidsgivarpolitikken har departementet utarbeidd fire overordna og retningsgivande dokument for statlege arbeidsgivarar: Grunnlag for god ledelse i staten, Arbeidsgivarstrategien (2024–2027), Tverrgåande kompetansemål og Lærlingestrategien (2026–2029). I sum skal desse bidra til at statlege verksemder leverer på sine samfunnsoppdrag gjennom gode leiarar, tydelege arbeidsgivarar og strategisk kompetansestyring.
Regjeringa arbeider for at alle som kan og vil jobbe skal få høve til det. Dei statlege verksemdene må ta sin del av ansvaret for å legge til rette for arbeidsinkludering, og aktivt arbeide med å gjere seg nytte av den arbeidskrafta som er tilgjengeleg i samfunnet. Knappare tilgang på arbeidskraft i åra framover gjer at inkludering blir viktigare. Departementet arbeider kontinuerleg med å skaffe auka innsikt i tema som mellom anna inkludering, seniorpolitikk, sjukefråvær og KI, ofte i samarbeid med hovudsamanslutningane i staten. Departementet innhentar òg regelmessig kunnskap om mange andre tema som er relevante for utvikling av arbeidsgivarpolitikken i staten. Dette blir mellom anna gjort ved hjelp av arbeidsgivarbarometeret og Arbeidsgivarrådet.
I det offentlege er ein stor del av innkjøp spreidde på statlege verksemder, fylkeskommunar og kommunar. Det er store gevinstar ved å samordne innkjøpa. Då kan det offentlege oppnå lågare prisar, frigjere administrative ressursar og sikre betre etterleving av regelverket. Oslo Economics har på oppdrag frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet evaluert Statens innkjøpssenter i Direktoratet for forvaltning og økonomistyring. Senteret inngår og forvaltar felles innkjøpsavtaler på vegne av om lag 190 statlege verksemder. Ved utgangen av 2025 forvalta innkjøpssenteret 1 980 felles innkjøpsavtaler for staten innan 19 avtaleområde. Dei legg til rette for at staten reduserer innkjøpskostnadar med om lag 411 mill. kroner i året. Med relativt avgrensa ressursar har innkjøpssenteret bidratt til betydeleg reduserte transaksjonskostnader, både i statlege verksemder og hos leverandørar, og gode avtaleføresegner som reduserer statens innkjøpskostnadar. I tillegg viser evalueringa positive verknader når det gjeld etterleving av regelverket, berekraft og andre samfunnsomsyn samt handtering av leverandørrisiko. Verknaden på langsiktig konkurranse er ubetydeleg eller fråverande.
Offentlege innkjøp utgjorde 835 mrd. kroner i 2024. Sjølv små forbetringar i måten innkjøp blir gjennomførte på, kan derfor gi store gevinstar for samfunnet. Nasjonal samordning av offentlege innkjøp er eit program i regi av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring som skal bidra til enklare, meir effektive og meir samordna innkjøp i offentleg sektor. Programmet vil gjere offentleg sektor til ein meir samla, kompetent og profesjonell kunde, redusere dobbeltarbeid, gi betre utnytting av offentlege midlar og frigjere ressursar som kan bli brukt på tenester retta mot innbyggarane. I tillegg skal kommunane kunne delta frivillig i fellesavtalene. Dette gir særleg mindre kommunar tilgang til sterke innkjøpsmiljø og betre avtaler, samstundes som det lokale handlingsrommet blir tatt vare på. Regjeringa foreslår 30 mill. kroner til satsinga på nasjonal samordning av offentlege innkjøp, sjå omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Finansdepartementet kap. 1605, post 01.
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring har òg etablert marknadsplassen for skytenester som eit tiltak for å forenkle anskaffingar av skytenester, støtte digital omstilling, auke sikkerheita og styrkje etterlevinga av regelverk. Marknadsplassen forhandlar fram skybaserte tenester som skal vere tilgjengelege for innkjøparar i offentleg sektor. I 2025 og 2026 blei det inngått kontraktar for skybaserte infrastruktur- og plattformtenester, avtaler for strategisk rådgiving og analyse, opplæring og bevisstgjering innan cybersikkerheit og personvern, handtering av tredjeparts personvern og skybasert trusseletterretning. Marknadsplassen har òg publisert ei rettleiing om anskaffing og bruk av KI. Det har vore stor etterspurnad etter tenestene frå marknadsplassen med over 400 tilslutta offentlege verksemder frå stat, fylkeskommunar og kommunar. Prosessane som marknadsplassen gjennomfører, fører til høgare kvalitet og betre kontraktsvilkår, samstundes som konkurransesituasjonen i marknaden blir styrkt. Marknadsplassen vil vere eit viktig verkemiddel for å avgrense ein venta sterk auke i offentlege kostnadar knytte til skytenester og programvare.
Noreg har forplikta seg til å jobbe målretta for å nå berekraftsmåla innan 2030. Regjeringa følgjer opp ved å integrere måla i den ordinære politikkutviklinga. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet koordinerer den nasjonale oppfølginga, og la i juni 2025 fram Meld. St. 35 (2024–2025) Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre. Meldinga løftar fram område der Noreg har størst forbetringspotensial, og viser til pågåande arbeid og prosessar regjeringa gjer for å betre måloppnåinga.
Noreg har eit solid utgangspunkt for å nå berekraftsmåla, særleg innan infrastruktur, energi, utdanning, likestilling og velfungerande institusjonar. Samstundes skapar høg levestandard og omfattande forbruk utfordringar for ei berekraftig utvikling. Dette gjeld særleg delmål knytte til ernæring, ressursbruk, avfall, klima, natur og samspelet mellom økonomisk vekst og miljøøydeleggingar.
Regjeringa sin årlege rapport til Stortinget om oppfølginga av berekraftsmåla i Noreg følgjer som eit digitalt vedlegg til denne proposisjonen. I rapporten vurderer regjeringa alle dei 169 delmåla under berekraftsmåla. Vurderinga viser at Noreg har nådd 98 delmål, medan det trengst ytterlegare innsats for dei resterande 71. Dei fleste av desse delmåla er nær ved å bli oppfylte, men seks delmål krev vesentleg betring. Samla sett peikar vurderinga av måla på ei positiv utvikling. Utviklinga er positiv for 85 delmål, medan framgangen for ytterlegare 76 delmål er vurdert som stagnert, noko som tyder på at utviklinga blir halden ved lag. Berre åtte delmål viser ei negativ utvikling. Dette understrekar at dei fleste områda anten er i framgang eller held seg stabile.
Statsforvaltarane skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgde opp, og rettleie kommunar og fylkeskommunar. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har sett i gang eit arbeid for meir heilskapleg styring av statsforvaltaren og betre balansen mellom statsforvaltarane sine oppgåver og ressursar for å legge til rette for at dei kan levere effektivt på samfunnsoppdraga sine. Dei ulike departementa som styrer statsforvaltarane, skal sette færre og meir overordna krav til styring og rapportering, og gi fleire felles oppdrag og meir lik og felles utforming av styringskrava. Departementa må òg sjå til at omfanget av oppgåvene er i samsvar med løyvingane på fagområda sine.
Regjeringa ønskjer ei meir effektiv utnytting av staten sine lokale. Etter løn er kostnadane til husleige blant dei største driftskostnadane i staten. I 2025 brukte staten om lag 19 mrd. kroner på lokale, ein nedgang frå 20,6 mrd. kroner i 2019 (2025-kroner). Utgiftene staten har til kontorlokale leigd i marknaden, utgjer i dag om lag 4,6 mrd. kroner årleg. Det er eit mål å redusere desse utgiftene med 15 pst. frå 2020 til 2029. Bruk av Statsbygg som obligatorisk rådgivar, og koordinering og standardisering av leigeforholda til staten, har gitt store reduksjonar i leigeutgiftene. I 2025 passerte staten ei innsparing på over 3 mrd. kroner over samla leigeperiode for kontraktar inngåtte i den private marknaden, der rådgivingstenesta til Statsbygg har medverka.
I dag blir lokalbehov i hovudsak løyst for den enkelte verksemd aleine. Det største effektiviseringspotensialet framover ligg i å sjå meir til det samla behovet til staten framfor å sjå kvar verksemd for seg. Ei betre utnytting av bygningsmassen kan redusere behovet for nybygg og bidra til lågare klimaavtrykk og ressursbruk. Statsbygg arbeider òg målretta med å redusere kompleksitet, arealbruk og kvadratmeterprisar i byggeprosjekt.
Statsministerens kontor og seks departement flytta våren 2026 inn i første byggetrinn i nytt regjeringskvartal. Samlokalisering av departementa i det nye regjeringskvartalet legg til rette for nye arbeidsformer og tettare samspel mellom einingar og departement, samstundes som det nye kvartalet gir dei innflyttande departementa forsvarleg sikkerheit. Lokala skal bidra til trivsel, effektivitet og produktivitet for medarbeidarane. Det nye regjeringskvartalet styrkjer departementsfellesskapet si evne til å samarbeidet på tvers for å løyse komplekse samfunnsoppdrag. Når dei fire neste departementa tar første del av byggetrinn 2 i bruk i 2030, blir dette enda tydelegare.
For å utløyse potensialet i det nye regjeringskvartalet er det viktig med framtidsretta, sikre og effektive fellestenester og fellesfunksjonar. Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa leverer fleire nye tenester innan service og sikkerheit i det nye regjeringskvartalet, mellom anna servicetorg, eksternt kontrollsenter for post og varer på Mastemyr og sikker teknisk infrastruktur. Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa legg òg til rette for felles kompetanseutvikling og faglege møteplassar for alle departementstilsette.
Digitaliseringsorganisasjonen til departementa etablerer gjennom arbeidet i program for felles IKT-tenester ein felles sikker, funksjonell, kostnadseffektiv og moderne IKT-løysing, for behandling og deling av informasjon for Statsministerens kontor, alle departementa, Noregs utanriksstasjonar og Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa. Digitaliseringsorganisasjonen til departementa leverer nye digitale fellestenester i det nye regjeringskvartalet og utviklar seg til i endå større grad å bli ein strategisk digitaliseringspartnar for departementsfellesskapet.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet jobbar med å følgje opp avgjerdene til regjeringa om å etablere fleire fellestenester for departementa innan fagområda kontorstøtte og servicetenester, HR, førebyggande sikkerheitsarbeid og informasjonsforvaltning, og samle ansvaret for regjeringa sitt representasjonsanlegg (dagens representasjonsanlegg og lokala i nytt regjeringskvartal) i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Det er foreløpig etablert nye fellestenester på kontorstøtte og service, og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har fått det samla ansvaret for regjeringa sitt representasjonsanlegg. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet held fram med å følgje opp regjeringa sine avgjerder om fellestenester på HR, førebyggande sikkerheitsarbeid og informasjonsforvaltning.
Regjeringa har gjort det klart at bruken av konsulentar i staten skal reduserast på område der det ligg til rette for å bygge opp intern kompetanse. Verksemdene skal rapportere på totalbeløp for kjøp av konsulentar i årsrapportane for 2026. I medhald av standard kontoplan skal statlege verksemder bokføre utgifter til kjøp av konsulenttenester i kontogruppe 67 Kjøp av konsulenttenester og andre framande tenester på artskontoane 670–673. For verksemder som fører rekneskap etter periodiseringsprinsippet i medhald av dei statlege rekneskapsstandardane, bør kostnadar til kjøp av konsulenttenester som gjennom året er balanseført på artskonto 107 Immaterielle eigedelar under utføring, òg inngå i talgrunnlaget for rapportering om totalbeløp. Dette er aktuelt for tilfelle der utgifter til kjøp av konsulenttenester aktiverast som investeringar, og skal bli utgiftsført jamt over levetida til investeringa, til dømes i forbindelse med større IKT-prosjekt. Dei statlege rekneskapsstandardane har blitt gradvis innført over tid. Dei tidlegaste puljane hadde oppstart i 2023 og det blir obligatorisk for alle statlege verksemder frå 2027. Framover vil derfor artskonto 107 bli inkludert ved rapportering på totalbeløp for kjøp av konsulentar. Det blir vist til nærare omtale av innføringa av dei statlege rekneskapsstandardane i Prop. 1 S (2026–2027) Gul bok.
2.2 Betre digitale tenester for folk
Noreg har gode føresetnadar for å lykkast med digitalisering, KI og andre djupe teknologiar. Vi har ei digitalt moden befolkning, ein solid digital infrastruktur, ein sterk og digitalisert offentleg sektor, tilgang på ei rekke data av høg kvalitet og verdsleiande kompetanse på ei rekke områder som til dømes innanfor energi, helse og det maritime.
Digitalisering skal bidra til gode tenester for innbyggarane, næringslivet og frivillig sektor, uansett kvar i landet ein bur. Digitalisering skal òg vere eit verktøy for å jobbe smartare i offentleg sektor. Med Fremtidens digitale Norge – Nasjonal digitaliseringsstrategi 2024–2030 setter regjeringa retninga for den vidare digitaliseringa av Noreg. Målet med strategien er at vi skal bli det mest digitaliserte landet i verda innan 2030. Det skal vi oppnå mellom anna gjennom sterkare styring og samordning av politikken, slik at vi utnyttar potensialet i digitaliseringa fullt ut. Rapporteringa på tiltaka per mai 2026 viser at regjeringa er godt i gang med arbeidet for å nå måla i digitaliseringsstrategien. Av dei 123 tiltaka i strategien er 103 sette i gang, 15 fullførte og 5 ikkje starta opp, sjå figur 2.1.
Figur 2.1 Status for tiltaka i digitaliseringsstrategien
Kjelde: Digitaliseringsdirektoratet (2026)
Noreg er eit av dei mest digitale landa i verda. Figur 2.2 viser at OECD sin Digital Government Index1 plasserer Noreg som det femte best digitaliserte blant OECD-landa. Indeksen er sett saman av ei rekke indikatorar for innsatsen styresmaktene har gjort for å bygge det nødvendige grunnlaget for ei samanhengande, menneskeorientert digital omforming av offentleg sektor.
Figur 2.2 OECD Digital Government Index
Kjelde: OECD (2026) Digital Government Outlook
På FN sin E-Government Development Index2 finn vi Noreg på 15. plass i verda, tilnærma med same poengsum som Sverige og New Zealand. Om ein samanliknar blant dei europeiske landa i same indeks, ligg Noreg på 9. plass. Danmark ligg på topp i verda, framfor Estland og Island.
I Perspektivmeldingen 2024 blir kamp om arbeidskraft og behov for omstilling løfta fram som viktige samfunnsutfordringar. Regjeringa sin digitaliseringsstrategi speglar dette utfordringsbilde og peikar mellom anna på ei aldrande befolkning, mangel på kompetent arbeidskraft, miljøutfordringar og sikkerheit.
Digitalisering og bruk av ny teknologi er sentrale verkemiddel for å løyse fleire av dei samfunnsutfordringane Noreg står overfor, særleg den aukande mangelen på arbeidskraft. Digital omstilling gjer det mogleg å effektivisere offentleg sektor, auke nytta for brukarane og frigjere ressursar.
Regjeringa ønskjer å tilby stadig betre tenester til innbyggarane og næringslivet. Det har over mange år blitt investert store summar i digitalisering av offentleg verksemd og tenester, og store ressursar går til forvaltning, drift og vedlikehald av den digitale porteføljen. KI byr på eit nytt stort potensial for meir effektiv bruk av arbeidskraft og for nye og betre tenester frå det offentlege. Dei største effektiviseringsgevinstane ved digitaliseringsarbeidet er allereie tatt ut, men det finst framleis rom for vidare forbetring gjennom meir avansert teknologi og meir radikal omlegging av arbeidsprosessar. Ein vesentleg del av digitaliseringsinvesteringane i dag gjeld utskifting og oppgradering av gamle og utdaterte system.
Gammal og utdatert teknologi representerer ein risiko for offentlege tenester, og hindrar både utvikling av nye og forbetring av eksisterande tenester. Vi må få meir igjen for det vi brukar til digitalisering i tida framover. Når digitalisering gjer det mogleg å frigjere arbeidskraft, må vi sørgje for at desse gevinstane faktisk blir realiserte. Vi må sjå etter om det kan jobbast smartare på tvers av sektorar og verksemder, og ikkje lage løysingar for same behov fleire gongar. Vi må evne å ta i bruk teknologi til å frigjere ressursar og endre tenestekjeder, og til dømes legge til rette for samanhengande tenester.
I digitaliseringsstrategien er forsterka styring og samordning definert som eit strategisk mål. For å nå målet må vi ta i bruk verkemiddel innan organisering, finansiering, regelverk og kompetansebygging. Ressursane må blir styrt mot dei områda der behovet er størst, og der innsatsen gir størst samfunnsnytte. Det er innført ein ny delprosess i statsbudsjettprosessen der dei ulike forslaga til digitaliseringstiltak blir sett i samanheng og blir målt ut frå modnad, samfunnsøkonomisk gevinst og samsvar med digitaliseringsstrategien og digitaliseringsfaglege krav og føringar. Dette gir viktig kunnskap for å satse på dei riktige digitaliseringstiltaka.
Regjeringa vil sørgje for ei heilskapleg, langsiktig og meir strategisk prioritering av digitaliseringstiltak i offentleg sektor. Med utgangspunkt i eit godt kunnskapsgrunnlag om digitaliseringsarbeidet i sektorane skal prioriteringane bygge på faglege tilrådingar, konsistente og transparente kriterium og ha eit fleirårig perspektiv. Målet er å sikre at ressursane blir retta mot dei områda med størst behov og som gir størst samfunnsnytte.
Det er òg viktig å ha gode rammevilkår som støttar deling og bruk av offentlege data. Betre utnytting av data frå offentleg sektor kan bidra til effektivisering og innovasjon i offentleg sektor, næringsutvikling og verdiskaping, og eit opent og demokratisk samfunn. Departementet fremja våren 2026 Prop. 54 LS (2025–2026) Lov om datadeling og dataforvaltning (dataforvaltningslova) for Stortinget. Dataforvaltningslova blei vedtatt i juni 2026. Lova bygger på vidarebruksutvalet si utgreiing NOU 2024: 14 Med lov skal data deles. Lova skal gjere det enklare å finne og ta i bruk data frå offentleg sektor til å skape betre tenester, meir innovasjon og næringsutvikling.
Nasjonal strategi for eID i offentleg sektor set mål om at alle skal bli inkludert og kunne delta i det digitale samfunnet, mellom anna gjennom gode løysingar for fullmakt og representasjon. Støtte for verjemål i Altinn skal vere klar til bruk i løpet av 2026, og det blir arbeidd med ein heilskapleg fullmaktsløysing som etter planen skal vere klar innan utgangen av 2028. Dette skal legge til rette for at ikkje-digitale brukarar kan la andre representere seg i digitale tenester. I tillegg blir det arbeidd med å gjere ferdig og rulle ut ei teknisk løysing for å utferde MinID i skulen, inkludert å gi opplæring og hjelp til skolepersonell og ungdom så dei kan ta MinID i bruk. Ungdom treng eID mellom anna når dei skal søkje vidaregåande utdanning.
Samstundes går det føre seg eit arbeid for å sikre at flest mogleg av dei som ønskjer det kan få eID på høgt sikkerheitsnivå. Dette arbeidet inngår i regjeringa sitt arbeid med å gjennomføre den reviderte eIDAS-forordninga i norsk rett og legge til rette for at staten skal kunne tilby innbyggarane ei digital lommebok, som mellom anna kan innehalde ein eID på høgt sikkerheitsnivå. Lommeboka skal vere frivillig å ta i bruk.
Vi blir stadig meir avhengige av digitale løysingar og tenester frå både offentlege og private tenestetilbydarar. Mange av tenestene er avhengige av at det blir samla inn og behandla personopplysningar. Det er avgjerande for innbyggarane sin tillit til forvaltninga at dei kan stole på at desse opplysningane blir behandla på ein sikker og god måte. Gode digitale løysingar tar vare på brukarane sitt personvern på ein god måte. Offentleg sektor må ta eit særleg ansvar mellom anna gjennom å sikre innebygd personvern i løysingane sine.
Ny teknologi og digital omstilling gjer det mogleg å effektivisere offentleg sektor, forbetre brukartilpassing og frigjere ressursar. Ved å automatisere rutineoppgåver kan offentlege verksemder oppretthalde tenestenivået utan å auke bemanninga, og frigjere tilsette til meir krevjande oppgåver, føresett at gevinstpotensialet blir henta ut. Døme på teknologi som kan vere personellsparande, er velferdsteknologi og robotisering av administrative funksjonar.
Regjeringa arbeider for å beskytte norske brukarar, særleg barn og unge, på nett. Forslag til lov om digitale tenester, som gjennomfører EUs forordning om digitale tenester (DSA) i norsk rett, var på høyring hausten 2025. Lovforslaget skal sikre at norske forbrukarar får auka beskyttelse på nett. DSA skal førebygge ulovlege og skadelege aktivitetar på nett og motvirke spreiing av desinformasjon. For at DSA skal kunne gjelde i Noreg, må forordninga innlemmast i EØS-avtala og gjennomførast i norsk rett. Europakommisjonen og EØS EFTA-landa forhandlar no om tilpassingar ved innlemming av DSA i EØS-avtala. Samstundes førebur departementet ein lovproposisjon til Stortinget.
Regjeringa har òg sendt på høyring forslag til lov om aldersgrense for bruk av sosiale medium. Hensikta er å beskytte barn og unge mot moglege skadeverknader ved bruk av sosiale medium, mellom anna kriminalitet.
Regjeringa arbeider òg for rammevilkåra for utviklinga av internett langs andre spor. I juni 2025 arrangerte Noreg Internet Governance Forum. I gjennomføringa av arrangementet blei verdiar som menneskerettar, ytringsfridom og personvern haldne høgt, og departementet har arbeidd vidare med desse verdiane som grunnlag i oppfølgingsarbeidet etter arrangementet.
Om lag 2,2 mrd. kroner til nye digitaliseringstiltak i 2027
Regjeringa er opptatt av å dra nytte av moglegheitene digitaliseringa gir for betre tenester til innbyggarar og næringsliv og for ein fornya, forsterka og forbetra offentleg sektor. Regjeringa foreslår derfor ei fortsett offensiv satsing på digitalisering. Budsjettforslaget til regjeringa inneber om lag 2,2 mrd. kroner til nye digitaliseringstiltak i 2027, jf. tabell 2.1. Regjeringa sitt budsjettforslag vil gjere det mogleg å realisere digitaliseringstiltak som vil bidra til forenkling og effektivisering i offentleg sektor, betre offentlege tenester og auka IT-sikkerheit.
Dei seinare åra har det blitt investert betydelege summar over statsbudsjettet til digitalisering. Budsjettforslaget viser at regjeringa fortsett satsar stort på digitalisering på tvers av alle sektorar. Regjeringa foreslår både investeringar i nye og betre tenester til innbyggarane og næringslivet, og i betre og meir effektive prosessar i og mellom offentlege etatar. Fleire av dei foreslåtte tiltaka gjeld erstatning og utbetring av gamle og utdaterte system for å sikre fortsett funksjonalitet, ta ned risiko ved digitale angrep og legge til rette for vidare utvikling av digitale tenester. Samstundes er det nødvendig å gjennomføre digitaliseringstiltak som bidrar til å trygge Noregs digitale sjølvstende og handlingsrom i ei tid med aukande geopolitisk usikkerheit og å sikre høg sikkerheit og beredskap i netta og tenestene, då dette er ein føresetnad for at potensialet for digitalisering skal kunne utnyttast.
I tillegg til dei nye digitaliseringstiltaka som inngår i tabellen, blir allereie vedtatte digitaliseringssatsingar på fleire sentrale område vidareførte. Samstundes blir ei rekke prosjekt gjennomførte innanfor dei gjeldande budsjettrammene til verksemdene. Digitale løysingar krev òg mykje ressursar i verksemdene knytte til forvaltning, drift og vedlikehald.
Tabell 2.1 Nye digitaliseringstiltak i 2027
Departement
Tiltak
Beløp
AID
Prosjekt 6 – modernisering av utbetalingsområdet i Arbeids- og velferdsetaten
332,6
AID
Forbetra informasjonsutveksling mellom Arbeids- og velferdsetaten og helsetenesta
27,8
AID
Ikt-utvikling i Statens pensjonskasse
27,0
DFD
Telesikkerheit og -beredskap
451,3
DFD
Digitale fellesløysingar i Digitaliseringsdirektoratet
105,7
DFD
Medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt (tilsegnsramme) 1
100,0
DFD, HOD, FIN, ED
Satsing på nye KI-tiltak for betre offentlege tenester, auka produktivitet og styrkt sikkerheit i Noreg
121,3
DFD
Tiltak for digital sikkerheit i kommunane
26,0
ED
Digital samhandling i kraftbransjen og digitalisering av løysingar for økonomisk regulering
13,0
FIN/NFD
Samordna aksjeeigarregister og nytt system for skattlegging av aksjonærar (SAMOA)
100,0
HOD
Persontilpassa vaksineinformasjon på Helsenorge.no
3,0
JD
Heilskapleg digitalisering av politiet
500,0
KD/JD
Ny digital løysing for opplæring i fengsel
10,9
KDD
Betre kontroll og oversikt over eigarskap til fast eigedom
96,3
KDD
Modernisering av system for forvaltning av lån og tilskot i Husbanken – bustad- og bygningsdirektoratet
36,0
NFD
Etablering av nasjonal infrastruktur for distribusjon av presis og sporbar tid
94,0
Dette er starten på kapittelet. Les hele kapittelet hos regjeringen.no.
Første publiserte kapittel
Prop. 1 S (2026–2027)
Dokumenttekst
Del 1 Innleiing
1 Oversikt
1.1 Område
I denne proposisjonen kjem departementet med forslag om utgifter og inntekter under programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar, programområde 23 Finansadministrasjon, medrekna skatte- og avgiftsadministrasjonen, og programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. Ansvaret for løyvingane, medrekna rekneskapsavlegging, under programkategoriane 00.30 Regjeringa og 00.40 Stortinget og tilknytte organ ligg til høvesvis Statsministerens kontor og Stortingets eigne institusjonar. Av praktiske grunnar blir desse programkategoriane førte opp i Finansdepartementets proposisjon, og beløpa er tekne med i oversikter over løyvingar på Finansdepartementets område. Forslaget under programkategori 00.40 er i samsvar med forslaget frå stortingsadministrasjonen.
1.2 Hovudoppgåver og organisering
Finansdepartementet med underliggjande etatar har ansvar for mellom anna å
- medverke til eit godt grunnlag for vedtak i den økonomiske politikken og i budsjettarbeidet
- sikre finansieringa av den offentlege verksemda gjennom skattar og avgifter
- samordne arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyringa i staten
- forvalte statleg formue og gjeld
- medverke til eit offisielt statistikk- og datagrunnlag til bruk i offentleg og privat verksemd
- medverke til velfungerande finansmarknader
Politikken på områda over er omtalt i Meld. St. 1 (2026–2027) Nasjonalbudsjettet 2027, Prop. 1 S (2026–2027) Statsbudsjettet for budsjettåret 2027 (Gul bok) og Prop. 1 LS (2026–2027) Skatter og avgifter 2027. Proposisjonen her omfattar i første rekkje forvaltinga og administrasjonen på desse områda.
Nedanfor er ei oversikt over verksemder på Finansdepartementets område.
Figur 1.1 Verksemder på Finansdepartementets område i 2027
1 Fordeling av ansvar mellom Noregs Bank og statsmaktene i m.a. budsjettsaker og administrative saker er regulert av lov 21. juni 2019 nr. 31 om Norges Bank og pengevesenet mv.
2 Fondet er særskilt rettssubjekt, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet
3 Verksemd med eige styre
4 Fondet er særskilt rettssubjekt, jf. lov 23. mars 2018 nr. 3 om Bankenes sikringsfond
1.3 Oversikt over budsjettforslaget for Finansdepartementet
Programområde under departementet
(i 1 000 kr)
Nemning
Rekneskap 2025
Saldert budsjett 2026
Forslag 2027
Endring i pst.
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar
3 108 719
3 269 723
3 505 277
7,2
Programområde 23 Finansadministrasjon
63 811 200
63 617 961
68 043 316
7,0
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.
95 665 835
81 224 400
79 374 107
-2,3
Sum utgifter
162 585 754
148 112 084
150 922 700
1,9
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar
36 862
37 677
138 223
266,9
Programområde 23 Finansadministrasjon
4 150 443
4 092 994
4 340 343
6,0
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.
61 959 396
50 263 552
42 587 971
-15,3
Sum inntekter
66 146 701
54 394 223
47 066 537
-13,5
Utgifter
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar
Programområdet omfattar Regjeringa og Stortinget med underliggjande institusjonar. Forslag til løyving for 2027 under dette programområdet utgjer 3 505,3 mill. kroner som er ein auke på 7,2 pst. frå Saldert budsjett 2026. Under programkategori 00.30 Regjeringa er det føreslått ei løyving på 469,5 mill. kroner, ei auke på 2,5 pst. frå Saldert budsjett 2026.
Under programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ er det føreslått ei løyving på 3 035,8 mill. kroner, ei auke på 8 pst. frå Saldert budsjett 2026. Forslaget under denne programkategorien er utarbeidd og fremja av stortingsadministrasjonen.
Programområde 23 Finansadministrasjon
Programområdet omfattar skatte- og avgiftsadministrasjon, offisiell statistikk, finansadministrasjon og nokre andre føremål. Det samla forslaget til løyving under dette programområdet utgjer 68 043,3 mill. kroner, ei auke på 7 pst. frå Saldert budsjett 2026.
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.
Programområdet omfattar utgifter til renter og avdrag på den innanlandske statsgjelda og på statskassa sine krav. Det samla forslaget til løyving til renter og avdrag på statsgjeld utgjer 79 374,1 mill. kroner, ein nedgang med 2,3 pst. frå Saldert budsjett 2026.
Inntekter
Samla inntekter, utanom skattar og avgifter, utgjer 47 066,5 mill. kroner. Det er ein nedgang med 13,5 pst. frå Saldert budsjett 2026. Det er gjort greie for skattar og avgifter i ein særskild proposisjon – Prop. 1 LS (2026–2027) Skatter og avgifter 2027.
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr)
Post- gr.
Nemning
Rekneskap 2025
Saldert budsjett 2026
Forslag 2027
Endring i pst.
01–29
Statens eigne driftsutgifter
30 483 979
29 208 318
32 820 136
12,4
30–49
Nybygg, anlegg o.a.
456 191
835 546
900 744
7,8
50–89
Overføringar til andre
53 813 584
56 925 220
62 226 820
9,3
90–99
Utlån, statsgjeld o.a.
77 832 000
61 143 000
54 975 000
-10,1
Sum under departementet
162 585 754
148 112 084
150 922 700
1,9
2 Oppfølging av oppmodingar
Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Finansdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2025–2026 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 125 S (2025–2026) meinte ikkje var kvittert ut. I nokre tilfelle er det samstundes med rapporteringa her gjeve ei meir omfattande framstilling av oppfølginga i Prop. 1 LS (2026–2027) Skatter og avgifter 2027.
I slike tilfelle er det vist til kor denne framstillinga finst i dokumentet. I tabellen nedanfor er det òg opplyst om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta eller om departementet òg vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.
Tabell 2.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
Sesjon
Vedtak nr.
Dette er starten på kapittelet. Les hele kapittelet hos regjeringen.no.
Første publiserte kapittel
Prop. 1 S (2026–2027)
Dokumenttekst
Del 1 Innleiande del
1 Regjeringas justis- og beredskapspolitikk
1.1 Tryggleik for framtida
Regjeringa vil skape tryggleik for framtida. Når vi skaper tryggleik for framtida, blir det opna moglegheiter for alle. Dette er kjernen i Regjeringas plan for Noreg 2025–2029.
Eit trygt samfunn byggjer på styrken i dei små forskjellane, den høge tilliten og dei sterke fellesskapa som kjenneteiknar landet vårt. I Regjeringas plan for Noreg 2025–2029 slår regjeringa fast at ho vil stå opp for demokratiet og rettsstaten. Regjeringa vil utvikle forsvarsevna, samfunnsberedskap og politiet for ei ny tid.
Regjeringa slår vidare fast at ho vil skape tryggleik for barn og unge, ved å gi alle barn moglegheit til å lære, delta og utvikle seg. Barn og unge som begår kriminalitet skal bli møtt med ein rask reaksjon som verkar. Tidleg innsats og tett oppfølging er avgjerande for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Justis- og beredskapssektoren har ei sentral rolle i dette arbeidet.
Justis- og beredskapspolitikken skal bidra til å nå følgjande hovudmål i regjeringas plan for Noreg:
- Tryggleik for landet
- Tryggleik for barn og unge
Digitalisering og kunstig intelligens påverkar i aukande grad korleis justis- og beredskapssektoren løyser samfunnsoppdraget sitt. Teknologien gir nye moglegheiter til å levere betre tenester meir effektivt, som kan gi meir treffsikker førebygging, raskare saksbehandling, og styrkt evne til å førebyggje, etterforske og oppklara kriminalitet, samt sterkare totalforsvar for kriser og krig.
Samstundes blir samfunnet meir avhengig av digital infrastruktur og meir sårbart for cyberangrep, digital kriminalitet, påverknadsoperasjonar og andre samansette truslar, som er risikoar som må handterast. Derfor vil regjeringa leggje til rette for trygg, ansvarleg og innovativ bruk av ny teknologi.
Måla i regjeringas plan for Noreg uttrykkjer dei effektane regjeringa ønskjer å oppnå for innbyggjarane og samfunnet. Utviklinga i kriminalitet, opplevd tryggleik, tillit til offentlege institusjonar og samfunnets evne til å førebyggje, motstå og handtere kriser og krig er viktige indikasjonar på om politikken verkar etter intensjonen.
Regjeringas politikk på justis- og beredskapsområdet byggjer mellom anna på Regjeringas plan for Noreg 2025–2029, måla for justis- og beredskapssektoren, Totalberedskapsmeldinga og Nasjonal tryggleiksstrategi. Desse dokumenta legg dei overordna rammene for arbeidet med å styrkje rettsstaten, verne grunnleggjande nasjonale interesser, byggje motstandskraft og møte utfordringar knytte til tryggleik, teknologiutvikling og eit meir samansett risiko- og trusselbilete.
1.2 Utfordringsbildet i ei uroleg tid
I Noreg har vi byggja eit trygt land med små forskjellar og sterke fellesskap. Desse verdiane har bidrege til eit samfunn med høy tillit og låg kriminalitet, der innbyggjarane i stor grad stolar på kvarandre, på offentlege institusjonar, på rettsstaten og på demokratiet. Å verne og vidareutvikle desse verdiane er ei av dei viktigaste oppgåvene for justis- og beredskapssektoren, i tråd med Regjeringas plan for Noreg 2025-2029. Samstundes står samfunnet overfor større utryggleik og meir samansette utfordringar enn på lenge. Den tryggingspolitiske situasjonen er den mest alvorlege sidan andre verdskrig. Krig i Europa, auka samansette truslar, internasjonale teknologikappløp og digital sårbarheit, migrasjonsstraumar og klimaendringar påverkar tryggleiken, tilliten og samfunnets evne til å førebyggje og handtere kriminalitet, kriser og krig. I møte med ein krevjande tryggleikspolitisk situasjon har difor regjeringa styrka politiet og PST. I tråd med Nasjonal tryggleiksstrategi byggjer regjeringa Forsvaret videre opp, forbetrer samfunnets totalberedskap og styrkar vår økonomiske tryggleik.
For å nå måla i plan for Noreg om trykkleik for landet og trykkleik for barn og unge, prioriterer regjeringa særleg politikken som møtar følgjande fire samfunnsutfordringar.
1.2.1 Barn og unge må få moglegheiter, ikkje bli dregen inn i kriminalitet
Dei fleste barna i Noreg gjer ikkje kriminelle handlingar og kriminaliteten i Noreg er lav samanlikna med andre land. Men sidan 2015 har vi sett en auke i kriminalitet av unge under 18 år, der ei lita gruppe barn og unge utfører gjentekne og alvorlege lovbrot. Det har òg vore tilfelle der barn både under og over den kriminelle lågalderen har gjennomført valdshandlingar etter å ha blitt rekrutterte av kriminelle nettverk.
Når barn og unge blir rekrutterte inn i kriminalitet, aukar risikoen for nye lovbrot og svekt tryggleik i lokalsamfunna.
Derfor prioriterer regjeringa arbeidet med å raskt få ned kriminaliteten blant barn og unge og hindre nyrekruttering ved å førebyggje betre. Tidleg innsats og tett oppfølging er avgjerande for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet.
1.2.2 Kriminelle nettverk utfordrar trygge lokalsamfunn
Noreg er eit trygt land, men trusselen frå kriminelle nettverk i Europa aldri har vore større. Kriminaliteten blir meir profesjonell, meir internasjonal og meir digital. Kriminelle nettverk står bak alvorleg vald, narkotikakriminalitet, økonomisk kriminalitet og kriminalitet som samla bidreg til å undergrave tilliten til offentlege institusjonar og fellesskapet sine ordningar.
Utviklinga utfordrar målet om trygge lokalsamfunn. Når kriminelle nettverk får større handlingsrom, aukar risikoen for vald, rekruttering av barn og unge og misbruk av tillitsbaserte ordningar.
Derfor prioritetar regjeringa å trappe opp kampen mot kriminelle nettverk. Regjeringa har styrkt politiets evne til å forebyggje, avdekke og etterforske kriminalitet, for å stille dei som gjer kriminalitet for retten. Slik kan politiet avverje alvorlege valdshendingar, auke inndraginga av kriminelle sine verdiar og forbetre kontrollen med kriminelle nettverk. Det handlar om kriminalitetsbekjemping, tryggleik og vern av den norske samfunnsmodellen.
1.2.3 Noreg må vere betre rusta for kriser og krig
Verda har på kort tid blitt farlegare og meir uforutsigbar og Noreg står i den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen.
Vi har ein god grunnberedskap i Noreg, men for å vere rusta til å handtere også tryggleikspolitisk krise og krig må vi styrke beredskapen.
Vi må se samfunnets samla ressursar under eitt, og sikre samarbeid mellom stat og kommune, næringsliv og dei frivillige. Vi må sikre kritisk infrastruktur, øve meir på tvers av sektorar og byggje robuste lokalsamfunn som toler kriser betre. Vi må styrke arbeidet mot samansette truslar. Nordområda er Noregs viktigaste strategiske område.
Vår tryggleik blir best ivareteken i samarbeid med andre. Vi skal vidareutvikle det sivil-militære samarbeidet i Noreg og i NATO og vidareutvikle vårt tryggleiks- og forsvarspolitiske samarbeid med EU og andre allierte.
1.2.4 Ein kontrollert, rettferdig og berekraftig innvandring
Utviklinga internasjonalt som krig, konfliktar og politisk ustabilitet påverkar også migrasjon og innvandring til Noreg. Landet skal gi vern til menneske som treng det, samstundes som styresmaktene må ha kontroll med innvandringa og sikre effektiv retur av personar utan lovleg opphald.
Ei utlendingsforvaltning som er effektiv, rettssikker og føreseieleg er viktig både for tilliten til offentlege institusjonar og for oppslutninga om fellesskapet sine ordningar.
1.3 Regjeringas hovudsatsingar i 2027
1.3.1 Innleiing
I tråd med to av regjeringas hovudmål om trykkleik for barn og unge, og trykkleik for landet, har regjeringa følgande fire hovudprioriteringar for justis- og beredskapssektoren i 2027:
- styrkt innsats mot barne- og ungdomskriminalitet
- kamp mot kriminelle nettverk
- styrke tryggleik, beredskap og motstandskraft, slik at vi er førebudde på krise og krig
- kontrollert, rettferdig og berekraftig innvandring.
Hovudsatsingane i budsjettforslaget for 2027 tek utgangspunkt i desse prioriteringane.
1.3.2 Styrkt innsats mot barne- og ungdomskriminalitet
Regjeringa vil arbeide for raskt å få ned kriminaliteten blant barn og unge og hindre rekruttering til kriminalitet ved å førebyggje betre. Regjeringa vil sikre at barn og unge som gjer kriminalitet blir møtt med ein rask reaksjon som verkar. For å møte utfordringa skildra i kapittel 1.2.1 vil regjeringa gjennomføre tiltak som skal bidra til å forbetre oppfølginga av barn og unge både over og under den kriminelle lågalderen som har gjennomført, eller står i fare for å gjennomføre, kriminelle handlingar.
I 2025 satsa regjeringa på arbeid mot barne- og ungdomskriminalitet med om lag 450 mill. kroner. Tiltaka i satsinga er målretta mot område og miljø i Noreg med kriminalitetsutfordringar over tid, og blir vidareført i 2027.
I 2026 prioriterte regjeringa ytterlegare tiltak. Innsatsen for raskare behandling av straffesaker der gjerningspersonane er under 18 år, såkalla hurtigspor, vart utvida til nye politidistrikt slik at ordninga no er etablert i Agder, Aust, Oslo, Sør-Aust, Sør-Vest, Trøndelag og Vest politidistrikt. Det er òg introdusert eit nytt straffebod om involvering og rekruttering av mindreårige til kriminalitet, som vart sett i kraft 1. juli 2026. Regjeringa har i tillegg hatt på høyring eit lovforslag om strengare straffer for ulovleg omgang med skytevåpen og eksplosiv mv. Vi har auka talet på plassar i ungdomseiningane, og ordninga med éin-til-éin-oppfølging vart etablert i ti kommunar. Institusjonsbarnevernet har fått fleire verktøy til å ta vare på og setje grenser for barn som gjer kriminelle handlingar eller står i fare for å gjere det.
Budsjettforslaget
I 2027 foreslår regjeringa 119,8 mill. kroner til ein styrkt innsats mot barne- og ungdomskriminalitet i justissektoren, barnevernet og kommunane. Satsinga inkluderer 54,4 mill. kroner til tiltak under Justis- og beredskapsdepartementet og 65,4 mill. kroner til tiltak under Barne- og familiedepartementet. Sjå òg omtale under Barne- og familiedepartementet.
I satsinga inngår mellom anna:
- 20 mill. kroner til arbeidet med den tverrfaglege modellen for å førebyggje vald i nære relasjonar (RISK), inkludert å utvide arbeidet til Agder politidistrikt
- 15 mill. kroner til styrkt oppfølging av barn i konfliktrådet, med særleg fokus på oppfølginga av barn under 15 år
- 13,4 mill. kroner til å vidareføre arbeidet med hurtigspor og sikre tilstrekkeleg kapasitet i konfliktrådet og domstolane
- 6 mill. kroner til nytt ungdomsteam i kriminalomsorga, som gir forsterka oppfølging av innsette mellom 18 og 24 år.
Forventa effekt
Å kome tidleg inn og hindre at konfliktar eskalerer, kan ha ein kriminalitetsførebyggjande effekt. Barn og unge som utfører eller står i fare for å utføre gjenteke kriminalitet, har ofte sjølv vore utsette for vald i nære relasjonar, vore vitne til vald eller har opplevd andre traumatiske hendingar. Tidleg innsats mot vald i nære relasjonar er difor heilt avgjerande i det førebyggjande arbeidet.
Kortare ventetid frå lovbrot til reaksjon er venta å kunne redusere belastning for både ungdommen, dei fornærma og dei pårørande, og å redusere risikoen for at ungdommen gjer seg skuldig i nye lovbrot.
1.3.3 Kamp mot kriminelle nettverk
Regjeringa har trappa opp kampen mot kriminelle nettverk, slik at politiet kan avverje alvorlege valdshendingar, auke inndraginga av kriminelle sine verdiar og forbetre kontrollen med kriminelle nettverk.
For å møte utfordringa som er skildra i kapittel 1.2.2 har regjeringa styrka politiet med 600 mill. kroner i 2025. I tillegg fekk politiet 90 mill. kroner til styrka innsats mot kvitvasking og korrupsjon same år, og 70 mill. kroner til å styrke arbeidet mot narkotika- og økonomisk kriminalitet i 2026.
Regjeringa vil i 2027 fortsette å prioritere tiltak som styrker politiet si evne til å førebyggje, avdekkje og etterforske kriminalitet, og som reduserer kriminaliteten sitt økonomiske grunnlag.
Regjeringa har lansert at eit Nasjonalt senter mot økonomisk kriminalitet (Økrimsenteret), eit tverretatleg senter leidd av Økokrim skal opprettast frå 2027.
Satsinga mot organisert kriminalitet og kriminelle nettverk gjer det viktig å ruste opp kriminalomsorga og sikre tilstrekkeleg fengselskapasitet.
Budsjettforslaget
Regjeringa foreslår:
- 500 mill. kroner til heilskapleg digitalisering av politiet
- 246,1 mill. kroner i oppstartsløyving til bygging av nytt Oslo fengsel på Grønland
Forventa effekt
Programmet for heilskapleg digitalisering av politiet skal utvikle ein ny, sikker og framtidsretta digital grunnmur, og moderne løysingar med særleg vekt på kriminalitetsbekjemping og politiberedskap. Det skal sikre tryggleik, kvalitet og rettstryggleik for innbyggjarane.
Økrimsenteret skal bl.a. hindre at organiserte kriminelle utnyttar tillitsbaserte velferdssystem ved å manipulere offentlege register.
Eit nytt fengsel på den gjeldande fengselstomta på Grønland skal sikre god kapasitet for varetekt og straffegjennomføring. Fengselet skal òg gi betre soningsforhold som støttar målet om at fleire skal leve eit liv utan kriminalitet etter lauslating.
1.3.4 Styrkt tryggleik, beredskap og motstandskraft
Regjeringa vil styrke samfunnets evne til å førebyggje, motstå, handtere og kome seg gjennom alvorlege hendingar, kriser og krig. Eit meir motstandsdyktig samfunn er avgjerande for tryggleik, demokrati og vern av grunnleggjande nasjonale interesser.
For å møte utfordringa som er skildra i kapittel 1.2.3 vil regjeringa i 2027 prioritere vidare oppfølging av Totalberedskapsmeldinga og Nasjonal tryggleiksstrategi. Innsatsen omfattar styrkt digital tryggleik, vern av kritisk infrastruktur, modernisering av politiet og auka støtte til sentrale beredskapsaktørar.
Budsjettforslaget
Regjeringa foreslår:
- 250 mill. kroner til PST
- 188,9 mill. kroner til NSM
- 500 mill. kroner til heilskapleg digitalisering av politiet
- 294,8 mill. kroner til drift av redningshelikoptertenesta
- 85,0 mill. kroner for å skjerme frivillige og kommunale brukarar av Nødnett mot auka kostnader
- 10 mill. kroner for å auke tilskotet til frivillige organisasjonar i redningstenesta
- 15 mill. kroner til Senter for motstandskraft i nord.
Forventa effekt
Tiltaka skal bidra til eit meir motstandsdyktig samfunn, til å handtere samansette truslar, redusere kritiske sårbarheiter og styrkje evna til å handtere alvorlege kriser og tryggingstruande hendingar.
1.3.5 Kontrollert, rettferdig og berekraftig innvandring
Regjeringa vil føre ein kontrollert, rettferdig og berekraftig innvandringspolitikk som bevarer tilliten til fellesskapet sine ordningar og samtidig varetek Noregs internasjonale forpliktingar.
I 2025 vart det løyva 155 mill. kroner til handtering av innkomstar frå Ukraina, 137,7 mill. kroner til implementering av EUs pakt for migrasjon og asyl (pakta), 84,5 mill. kroner til modernisering av IT-systema i utlendingsforvaltninga og 30 mill. kroner til saksbehandling av utvisingssaker i utlendingsforvaltninga.
I 2026 har regjeringa mellom anna prioritert handtering av fordrivne frå Ukraina, styrkt returarbeid, vidare utvikling av det europeiske migrasjonssamarbeidet og skjerpa vilkår for familieinnvandring. Regjeringa har og gjennomgått reglene om bortvising og utvising for å sikre at utlendingar som gjer kriminalitet sendast ut av landet.
For å møte utfordringa som er skildra i kapittel 1.2.4 vil regjeringa i 2027 prioritere kontroll, rettstryggleik og effektiv forvaltning. Innsatsen omfattar mellom anna handtering av fordrivne frå Ukraina, vidare oppfølging av satsinga på modernisering og digitalisering av utlendingsforvaltninga, returarbeid og vidare utvikling av det europeiske migrasjonssamarbeidet.
Budsjettforslaget
Regjeringa foreslår:
- 323 mill. kroner til saman til UDI, UNE og politiet til handtering av innkomstar frå Ukraina
- 351,1 mill. kroner til modernisering og digitalisering av utlendingsforvaltninga
Forventa effekt
Tiltaka skal bidra til betre kontroll, raskare saksbehandling, meir effektiv ressursbruk og bevare tilliten til utlendingsforvaltninga.
1.4 Justis- og beredskapssektorens samfunnsoppdrag
Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for rettsvesenet, kriminalomsorga, konfliktrådet, politiet og påtalemakta, redningstenesta og utlendingsmyndigheitene. Departementet har òg samordningsansvar for samfunnstryggleik og sivil rikstryggleik, og ansvar for samordning av norsk politikk i polarområda og for svalbardbudsjettet
Gjennom desse ansvarsområda skal departementet bidra til å styrkje rettsstaten og tilliten til offentlege institusjonar, førebyggje og kjempe mot kriminalitet, sikre kontrollert innvandring, vareta norske tryggingsinteresser og styrkje samfunnets motstandskraft. Dette omfattar mellom anna vern av kritisk fysisk og digital infrastruktur, beredskap mot alvorlege hendingar og kriser og trygg og rettssikker myndigheitsutøving.
Digitalisering og kunstig intelligens påverkar alle delar av justis- og beredskapssektoren. Ny teknologi gir moglegheiter for betre tenester, meir effektiv oppgåveløysing og styrkt førebygging, men stiller samstundes større krav til digital tryggleik, personvern, informasjonstryggleik og eit framtidsretta lovverk.
Departementet har ansvar for om lag 150 lover og har i tillegg som oppgåve å bidra til å sikre kvalitet i lovarbeidet i andre departement. Totalt har Justis- og beredskapsdepartementet 19 underliggjande og tilknytte verksemder som saman bidreg til å oppfylle samfunnsoppdraget til sektoren
Figur 1.1 Oversikt over underliggjande og tilknytte verksemder under Justis- og beredskapsdepartementet
1.5 Mål for justis- og beredskapssektoren
For 2027 gjeld desse måla for justis- og beredskapssektoren:
Figur 1.2 Overordna mål for Justis- og beredskapsdepartementet
For nærmare omtale av tilstanden for dei seks måla, sentrale utfordringar og tiltak, viser vi til kapittel 1.6.
1.6 Nærmare om tilstandsvurdering og tiltak
1.6.1 Rettstryggleik
I Regjeringas plan for Noreg 2025–2029 slår regjeringa fast at tryggleik for framtida forutset at regjeringa står opp for demokratiet og rettsstaten. Rettstryggleik handlar mellom anna om at alle skal vere like for lova og ha reell tilgang til sine rettar, uavhengig av økonomi, bakgrunn eller bustad. Ei sterk rettsstat styrkar tilliten til fellesskapet, vernar den enkelte mot vilkårleg maktbruk og bidreg til tryggleik og stabilitet i samfunnet.
Rettstryggleik inneber mellom anna at befolkninga i Noreg er trygg på at alle rettsforholda mellom offentlege myndigheiter og den enkelte er føreseielege og forholdsmessige. Avgjerder og inngrep overfor den enkelte skal vere baserte på lover og reglar, og det skal vere openheit rundt avgjerder slik at dei kan kontrollerast. Myndigheitene skal opptre upartisk, og reglane for saksbehandling skal følgjast. Alle skal ha reelt høve til å forsvare interessene sine overfor myndigheitene og kvarandre.
Som omtalt i kapittel 1.1 er høg tillit, sterke fellesskap og ein sterk rettsstat grunnleggjande føresetnader for tryggleik for framtida. For sektormålet om rettstryggleik inneber dette særleg behov for å sikre likebehandling, høg kvalitet i straffesakskjeda, effektive domstolar og reell tilgang til rettar og rettshjelp.
Sjølv om tilliten til politi og rettsvesen framleis er høg i internasjonal samanheng, utfordrast rettstryggleiken av straffesakers aukande kompleksitet, høgare krav til kvalitet og press på kapasitet i etterforskinga.
Verksemder som er særleg viktige for rettstryggleiken, er politiet, Den høgare påtalemakta, Spesialeininga for politisaker, forliksråda, domstolane, kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, Advokattilsynet, Statens sivilrettsforvaltning, kriminalomsorga, konfliktrådet, Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda.
Justis- og beredskapsdepartementet forvaltar òg ei rekkje ordningar som varetek rettstryggleiken til individa i samfunnet. Døme på slike ordningar er fri rettshjelp og tilskot til spesielle rettshjelpstiltak, fri sakførsel i straffesaker, erstatning til valdsoffer, erstatning i samband med straffeforfølging og verjemålsordninga.
Garantiar for rettstryggleiken kjem til uttrykk i Grunnlova og i dei internasjonale forpliktingane Noreg har, t.d. retten til ein rettvis rettargang, legalitetsprinsippet, forbod mot å gi lover tilbakeverkande kraft og forbod mot diskriminering. Krav til rettstryggleik inngår òg i ulike menneskerettsforpliktingar, som gjennomgåande stiller krav om at inngrep i menneskerettar må ha eit rettsleg grunnlag, forfølgje eit legitimt formål og vere forholdsmessige. Både norske domstolar og Den europeiske menneskerettsdomstolen bidrar til å sikre at Noreg oppfyller sentrale krav til rettstryggleik.
Noreg er eit land med svært høg tillit samanlikna med andre land. Denne tilliten blir spegla i resultata i undersøkingar om tillit til både politiet og rettsvesenet. Likevel står justissektoren framfor fleire utfordringar knytte til rettstryggleik på både kort og lang sikt.
Politiet og påtalemakta
Hovudmålet for påtalemakta og politiet er å medverke til redusert kriminalitet ved målretta og effektiv straffesaksbehandling, samstundes som ein innfrir krava til høg kvalitet og rettstryggleik. Rettstryggleik i vid forstand er av avgjerande betydning, også i eit tillitsperspektiv til påtalemakta og politiet. Det betyr bl.a. at etterforskinga skal vurdere bevis som taler for mistenkte si uskyld og bevis som trekkjer i retning av skyld. Vidare at det skal arbeidast for høg oppklaringsprosent i alvorlege saker og at det ikkje er store ulikskapar i oppklaringsprosent for likearta lovbrot mellom dei ulike politidistrikta.
Frå tidleg 2000-tal og fram til pandemien var det ein trend med nedgang i melde lovbrot til politiet, men dei siste åra har det vore ein auke, sjå figur under sektormål «Låg kriminalitet».1
Det er avgjerande for rettstryggleiken til den enkelte, både for offer og for mistenkte, at lovbrot blir oppklarte innan rimeleg tid. Høg oppklaringsprosent for lovbrot er også avgjerande for den generelle rettsoppfatninga i samfunnet. Spesielt for alvorlege lovbrot er det sentralt at dei blir oppklarte på ein rettstrygg måte.
Lovbrot utan tydelege personoffer blir i hovudsak melde av politiet og administrative kontrolletatar, og det er i stor grad kontrollverksemda deira som avdekker slike lovbrot. Døme på slike lovbrot er rusmiddellovbrot, trafikklovbrot og fleire typar ordens- og integritetskrenkingar. For rettstryggleiken til den einskilde og den generelle rettsoppfatninga i samfunnet er det avgjerande at alle typar alvorlege saker blir etterforska på ein rettvis og legitim måte. Dei siste åra har det vore ein auke i melde saker som blir lagde bort av politiet og påtalemakta.
Handtering av den tryggingspolitiske situasjonen har kravd mykje av politiet si merksemd dei siste åra, noko som setter press på kapasiteten til å etterforske lovbrot. Regjeringa har sett i gang tiltak for å auke kapasiteten og kvaliteten på etterforskinga, mellom anna ved å etablere eit eige årsstudium for etterforsking som starta opp i september 2026, retta mot personar med ulike fagbakgrunnar. Regjeringa har dei siste åra styrkt politiet og påtalemyndigheitas budsjett. Vidare ventar regjeringa at den heilskaplege digitaliseringa av politiet på sikt vil effektivisere oppgåveløysinga i politiet generelt, og slik frigjere kapasitet. Arbeidet med heilskapleg digitalisering startar for fullt i 2027, jf. omtale under Hovudsatsingar.
Domstolsbehandling
Dette er starten på kapittelet. Les hele kapittelet hos regjeringen.no.
Første publiserte kapittel
Prop. 1 S (2026–2027)
Dokumenttekst
Del 1 Innleiande del
1 Mål for arbeids-, inkluderings- og velferdspolitikken
Arbeids- og inkluderingspolitikken skal legge til rette for høg sysselsetting, eit trygt og seriøst arbeidsliv og gode velferdsordningar som gir økonomisk tryggleik og små forskjellar. Arbeid er grunnlaget for verdiskaping, finansiering av velferdssamfunnet og for deltaking, sjølvstende og tilhøyrsle for den enkelte.
Noreg står framfor store utfordringar i åra som kjem. Ei aldrande befolkning, knappare tilgang på arbeidskraft, omstilling i økonomien og høg etterspørsel etter velferdstenester gjer det avgjerande å få og behalde fleire i arbeid. Samtidig skal dei som av ulike grunnar ikkje kan delta i arbeid, vere sikra trygge og føreseielege inntektsordningar. Arbeids- og velferdsforvaltninga speler ei viktig rolle for å bidra til å nå måla i arbeids- og inkluderingspolitikken.
Departementet sine ni mål viser retning for ein samla politikk for arbeid, inkludering og velferd, og er i samsvar med fleire av prioriteringane i regjeringa sin plan for Noreg. Måla er nærmare omtalte under programkategoriane.
1.1 Ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta
Høg yrkesdeltaking er ein føresetnad for høg verdiskaping og finansiering av velferdsordningane. For at vi skal løyse oppgåvene som ligg framfor oss og trygge velferda, er det avgjerande at flest mogleg deltar i arbeidslivet. I regjeringa sin plan for Noreg er det sett eit mål om 150 000 fleire i arbeid frå 2024 til 2030 og det er sett i gang eit ungdomsløft. Sysselsettingsandelen skal vere på 82 pst. av befolkninga i aldersgruppa 20–64 år innan 2030, og auke til 83 pst. innan 2035. For å nå desse måla vil regjeringa føre ein aktiv politikk for å få fleire i arbeid og færre på trygd. I tillegg til ein arbeidslivspolitikk som gjer at folk ikkje blir sjuke av jobben og ein arbeidsmarknadspolitikk som aktiverer dei som står utanfor arbeidslivet, må fleire politikkområde bidra. Skattepolitikken må stimulere til arbeid, skole- og utdanningspolitikken må sørge for at fleire fullfører utdanning og blir omskolerte, og helsevesenet må gi nødvendig behandling og oppfølging til dei som treng det.
Arbeidsmarknadspolitikken skal bidra til at fleire av dei som i dag står utanfor, kan delta i arbeidslivet, og samtidig legge til rette for at verksemder får den arbeidskrafta dei treng. Politikken skal motverke uønskt avgang frå arbeidslivet og støtte opp om at folk blir verande i jobb. Regjeringa vil mobilisere, motivere og kvalifisere fleire av dei som står utan arbeid og styrke moglegheitene deira til å komme i jobb. Det er også viktig å redusere barrierar for arbeidsgivarar og støtte opp om inkludering og bruk av den arbeidsevna den enkelte har.
Ein velfungerande arbeidsmarknad krev at arbeidsgivarar som har behov for arbeidskraft og arbeidssøkarar som har relevant kompetanse, finn kvarandre raskt. Det føreset tilgjengeleg informasjon om ledige stillingar og aktuelle jobbsøkarar. Arbeids- og velferdsetaten har ei viktig rolle i å gi mest mogleg fullstendig informasjon om stillingsmarknaden. Etaten tilbyr rekrutteringsbistand til arbeidsgivarar som treng arbeidskraft, og formidlingsbistand til dei som ikkje kjem i arbeid på eiga hand. Innsatsen er spesielt retta mot å inkludere fleire frå utsette grupper i arbeidsmarknaden.
Arbeidsmarknadstiltaka er sentrale for å få fleire i arbeid. Tiltaka skal betre arbeidsevna og styrke moglegheitene i arbeidsmarknaden for personar som står utanfor. Tiltaka skal også senke terskelen for å komme inn i arbeidslivet og legge til rette for at arbeidsgivarane kan inkludere fleire i verksemda. Målet er også å forhindre at personar fell ut av arbeidslivet og blir ståande varig utanfor.
Dagpenge- og permitteringsordninga skal støtte opp om arbeidslinja og sikre delvis kompensasjon for bortfall av arbeidsinntekt ved arbeidsløyse i ein avgrensa periode. Ordningane er utforma med sikte på å motivere til aktiv jobbsøking, bidra til rask overgang til arbeid og sikre god tilgang på arbeidskraft til verksemder som treng det.
Arbeidsinnvandring er eit supplement til den innanlandske arbeidsstyrken. Ein balansert og behovstilpassa arbeidsinnvandringspolitikk skal bidra til å dekke mangel på arbeidskraft i næringar og regionar som treng det, og støtte opp under ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta. For å vidareutvikle arbeidsinnvandringspolitikken har regjeringa oppnemnt eit offentleg utval for å gå gjennom erfaringane med arbeidsinnvandring til Noreg og vurdere behovet for endringar. Utvalet skal analysere og vurdere kva betydning og effektar arbeidsinnvandringa har for arbeidsmarknad, arbeidsliv og samfunn.
Sjå nærmare omtale under del II, programkategori 09.30 Arbeidsmarknad, programkategori 33.30 Arbeidsliv og programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken.
1.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv
Eit sikkert og seriøst arbeidsliv er ein berebjelke i den norske samfunnsmodellen. Høg organisasjonsgrad, trepartssamarbeid og brei tariffdekning bidrar til små forskjellar i lønn, høg produktivitet og stor omstillingsevne.
Heile og faste stillingar direkte i den verksemda der arbeidet blir utført, skal vere hovudregelen i norsk arbeidsliv. Regjeringa har gjort fleire regelverkstiltak for å styrke denne utviklinga, og innsatsen for å auke bruken av faste tilsettingar held fram. I samsvar med regjeringa sin plan for Noreg vil det bli lagt fram forslag om å styrke rettane til dei som utfører arbeid formidla gjennom digitale plattformer.
Verksemdene har ansvar for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø gjennom systematisk arbeidsmiljøarbeid og arbeidstakarmedverknad. Som eit ledd i å styrke det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet vil regjeringa legge fram ein nasjonal arbeidsmiljøstrategi, som blir utforma etter dialog med partane i arbeidslivet. Førebyggande arbeidsmiljøarbeid er også sentralt i Avtale om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028. Frå 1. januar 2026 blei det innført endringar i arbeidsmiljølova som tydeleggjer og styrker krava til det psykososiale arbeidsmiljøet. Ei viktig oppfølging er å auke innsatsen mot vald og truslar i arbeidslivet.
Delar av arbeidslivet er utfordra av useriøse aktørar, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Regjeringa held fram arbeidet med å sikre norske lønns- og arbeidsvilkår og verne arbeidstakarar mot utnytting og helseskade.
Som eit sentralt ledd i regjeringa sin plan for Noreg blir det gjennomført ei rekke tiltak mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Regjeringa har også styrkt Arbeidstilsynet både gjennom auka løyvingar og strengare handhevingsheimlar. Det tverretatlege samarbeidet mellom aktuelle etatar i Noreg, og eit godt etablert internasjonalt samarbeid er sentrale element i kampen for eit seriøst arbeidsliv.
Sjå nærmare omtale under del II, programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og sikkerheit.
I tråd med regjeringa sin plan for Noreg arbeider regjeringa med å gjere yrkesskaderegelverket meir rettferdig og moderne. Sjå nærmare omtale under programkategori 29.90 Diverse inntekter, og dessutan omtale i del I kapittel 4 Oppmodingsvedtak.
1.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet
Sjukepengar sikrar tryggleik for den enkelte ved inntektstap som følge av sjukdom. Samtidig har høgt sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet store konsekvensar både for dei det gjeld, for verksemdene og for samfunnet. Særleg langtidssjukefråvær aukar risikoen for varig fråfall og uføretrygd, og kan gi lågare inntekt for den sjuke og betydelege samfunnsøkonomiske tap. Dei som fell frå eit arbeidsforhold, er ei sårbar gruppe. Sjukdom og helseproblem er den største årsaka til varig fråfall frå arbeidslivet, og tidleg innsats som bidrar til at folk blir i jobb, er derfor viktig. Redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet er ei av regjeringa sine sentrale prioriteringar gjennom prosjektet Ei friskare befolkning i regjeringa sin plan for Noreg.
Utviklinga i sjukefråværet dei seinare åra, og i mottaket av dei andre helserelaterte ytingane, viser at det trengst ein forsterka innsats frå alle aktørar i sjukefråværsarbeidet. Dette ligg som eit bakteppe for IA-avtalen (2025–2028), der regjeringa saman med partane i arbeidslivet er einige om ei rekke tiltak for å forsterke den førebyggande arbeidsmiljøinnsatsen, betre sjukefråværsoppfølginga, forsterke innsatsen på den enkelte arbeidsplassen og auke kunnskapen om sjukefråvær, fråfall og verksame tiltak.
Ei viktig prioritering i regjeringa sin plan for Noreg er å redusere sjukefråværet og hindre at folk fell ut av arbeidslivet. Arbeidslivet og helse- og omsorgstenestene skal fremme meistring, støtte deltaking og fremme folkehelsa. Befolkninga skal få betre føresetnader for å leve friskare liv og arbeide med den helsa dei har. Arbeid kan fremme helse, og sjukmelding er ikkje alltid riktig behandling. Prosjektet Ei friskare befolkning er eit samarbeid mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, og skal bidra til å utjamne sosiale helseforskjellar, redusere sjukefråværet, sørge for at færre fell ut av arbeidslivet og redusere behovet for bruken av helse- og omsorgstenester. Som ein del av prosjektet gjennomfører regjeringa tiltak retta mot alle aktørane i sjukefråværsarbeidet. Vi vil bl.a. foreslå endringar i medverknads- og aktivitetspliktene til den sjukmelde og tilretteleggingsplikta til arbeidsgivaren, forbetre informasjonsutvekslinga mellom Arbeids- og velferdsetaten og helsetenesta og samarbeide om fleire tiltak retta mot sjukmeldarane. Sjå nærmare omtale av prosjektet i Prop. 1 S (2026–2027) for Helse- og omsorgsdepartementet.
For å auke kunnskapen om årsaker til sjukefråvær og verksame tiltak for å få ned fråværet, gjennomfører regjeringa og partane i arbeidslivet ei brei kunnskapsinnhenting, som skal ligge til grunn for drøftingar mellom partane i 2027 og 2028.
Det er fleire faktorar som påverkar om folk blir ståande i arbeid over tid. Det er òg avgjerande at ein jobbar godt med førebyggande arbeidsmiljøarbeid, med å skape eit arbeidsliv der alle kan delta, med innrettinga av pensjonssystemet, og med tiltak retta mot arbeidsledige. For å lykkast med å redusere fråfall er det heller ikkje nok å berre førebygge og følge opp sjukefråvær. For dei som går ut sjukepengeperioden, er risikoen for fråfall høg. Oppfølginga må vere god og målretta òg mens ein mottar arbeidsavklaringspengar, for at flest mogleg skal kunne komme tilbake til arbeid. Sjå omtale under dei andre måla i dette kapittelet.
Sjå nærmare omtale under del II, programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik, og programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken.
1.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden
Regjeringa vil arbeide for eit likestilt og inkluderande arbeidsliv der alle som kan og vil jobbe, skal få moglegheit til det. Målet er at fleire personar som står utanfor arbeid og utdanning, og fleire personar med nedsett funksjonsevne eller samansette utfordringar, skal komme inn og bli verande i arbeid. Regjeringa vil legge til rette for dette gjennom kvalifisering, oppfølging og tilrettelegging.
Det er for mange i yrkesaktiv alder som ikkje deltar i arbeid. Talet på personar med nedsett arbeidsevne har auka sidan 2019. Det må sjåast i samanheng med utviklinga for antal mottakarar av arbeidsavklaringspengar, der færre har gått ut av ordninga enn tidlegare. Fleire har vore utan arbeid lenge, har omfattande bistandsbehov og treng arbeidsretta oppfølging for å komme i jobb. Personar med låg formell kompetanse, personar med helseproblem og nokre innvandrargrupper er særleg utsette i arbeidsmarknaden. I tillegg strever fleire unge med å få innpass i arbeidslivet, sjå mål 5.
Mange av dei som står utanfor har samansette utfordringar og treng hjelp frå fleire sektorar samtidig. For å møte desse utfordringane samarbeider arbeids- og velferdsforvaltninga med helse- og omsorgstenestene og utdanningssektoren om å gi eit betre og meir heilskapleg tilbod. Gjennom samarbeid på tvers av sektorar blir verkemiddel og tenester sette i samanheng for å støtte den enkelte sin veg mot arbeid.
Regjeringa vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i arbeid på linje med andre. Ei effektiv hjelpemiddelforvaltning og god tilrettelegging er sentrale verkemiddel for å støtte denne gruppa inn i arbeidslivet og til å bli verande i jobb.
Sjå nærmare omtale under del II programkategori 09.30 Arbeidsmarknad og programkategori 29.60 Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m.
1.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet
Sysselsettinga blant unge er høg, men det er også arbeidsløysa. For mange unge står utanfor arbeid og utdanning. Å få fleire unge i arbeid er eit sentralt mål for regjeringa. Tidleg deltaking i arbeid er viktig for vidare tilknyting til arbeidslivet og for moglegheita til å forsørge seg sjølv. Mange av dei unge som står utanfor arbeid og utdanning, har samansette utfordringar, og fleire har aldri vore i arbeid.
For å styrke innsatsen lanserte regjeringa ungdomsløftet i 2025. Satsinga skal bidra til at fleire unge kjem i arbeid og til å betre tilgangen på arbeidskraft. Ungdomsløftet er ei av prioriteringane i regjeringa sin plan for Noreg. Regjeringa har, saman med arbeids- og næringslivet, som mål å få 30 000 fleire unge under 30 år i jobb innan 2030. Regjeringa har gjennom ungdomsløftet garantert at unge under 30 år som står utanfor arbeidslivet, skal få tilbod om jobberfaring, oppfølging eller opplæring.
Ungdomsløftet samlar eksisterande og planlagde arbeidsretta innsatsar for unge. Som ein del av ungdomsløftet har regjeringa inngått ein intensjonsavtale med partane i arbeidslivet, store verksemder og brukarorganisasjonar for personar med funksjonsnedsetting. Intensjonsavtalen forpliktar partane til å arbeide saman om å skape jobbmoglegheiter og meistringsarenaer for unge.
I tillegg til arbeidsmarknadstiltak er ungdomsgarantien i Arbeids- og velferdsetaten det mest sentrale verkemiddelet for å få fleire unge i arbeid. Ungdomsgarantien skal sikre at unge som treng arbeidsretta bistand frå Arbeids- og velferdsetaten, får ein fast kontaktperson og tidleg, tett og tilpassa oppfølging så lenge det er nødvendig. Det er også sett i gang fleire forsøk og utviklingsprosjekt for å vidareutvikle og styrke tilbodet til unge, bl.a. eit rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren og eit prosjekt for å utvikle betre lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester for unge med samansette utfordringar. Vidare er det sett i gang to forsøk – eitt med arbeidsretta ungdomsprogram og eitt med aktivitetspengar for unge. Forsøka skal på ulike måtar undersøke om ytingar utan medisinske inngangsvilkår kan bidra til at fleire unge kjem i arbeid eller utdanning. Regjeringa vil også prøve ut eit fireårig lønnstilskot for unge som står langt frå arbeidslivet, med planlagt oppstart i løpet av hausten 2026.
Sjå nærmare omtale under del II programkategori 09.30 Arbeidsmarknad, programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken, og 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik.
1.6 God integrering av innvandrarar i arbeid og samfunn
Regjeringa sin plan for Noreg slår fast at personar som kjem til landet skal bli møtte med tydelege krav og forventningar, både om å lære seg norsk, komme i arbeid og delta i fellesskapet. Dei som kjem til Noreg, skal lykkast i Noreg. Arbeid er nøkkelen til integrering. For å komme i arbeid, er gode norskkunnskapar og kvalifisering viktig. Introduksjonsprogrammet og norskopplæringa er sentrale verkemiddel i dette arbeidet. Regjeringa vil styrke arbeidsinsentiva for nykomne flyktningar, og trappe opp innsatsen mot negativ sosial kontroll.
Sidan 2022 har norske kommunar busett over 100 000 flyktningar. Dei fleste er fordrivne frå Ukraina. Busettinga har gått rekordraskt og nesten alle kommunar i landet har tatt imot flyktningar og lagt ned ein imponerande innsats for å få dei ut i jobb og integrerte i lokalsamfunnet. Det er eit mål i busettingspolitikken at flyktningar blir busette raskt og spreidd, i kommunar med eit relevant tilbod om kvalifisering, arbeid, utdanning og andre tenester. Samtidig er det for mange flyktningar som flyttar frå busettingskommunen til ein ny kommune utan å ha ein jobb å gå til, med stort behov for offentlege tenester. Særleg nokre kommunar opplever utfordringar med mykje tilflytting og press på tenestene. Derfor greier regjeringa ut regelverksendringar for å redusere uønskt sekundærflytting.
Regjeringa vil at fleire innvandrarar skal delta i arbeid. Sysselsettinga blant innvandrarar er lågare enn i resten av befolkninga, særleg blant flyktningar og familiane deira. Regjeringa sitt utgangspunkt er at dei som kan arbeide, skal arbeide.
For å styrke overgangen til arbeid, vil regjeringa auke arbeidsinsentiva for nykomne flyktningar. Regjeringa har hatt på høyring eit forslag om ein ny integreringsstønad som skal erstatte introduksjonsstønad, sosialhjelp og bustøtte dei fem første åra etter busetting. Tak på stønaden og gunstigare avkortingsreglar skal gjere at det lønner seg å jobbe. Målet er at fleire skal komme raskare i arbeid og bli økonomisk sjølvstendige.
Gjennom integreringserklæringa har regjeringa tydeleggjort rettar, plikter og forventningar for nykomne flyktningar og familiane deira. Arbeid, norskopplæring og deltaking i samfunnslivet blir framheva som grunnleggande føresetnader for integrering.
Introduksjonsprogrammet og norskopplæringa er sentrale verkemiddel i integreringspolitikken. Gode norskferdigheiter og relevant kompetanse er avgjerande for å komme i arbeid. Samtidig har mange innvandrarar utfordringar med å oppnå eit norsknivå som gir varig tilknyting til arbeid. Norskopplæringsfeltet er prega av eit fragmentert aktørbilde og variasjonar i kvalitet og organisering. Regjeringa har derfor sett ned eit ekspertutval som skal gå gjennom norskopplæringa til vaksne innvandrarar og vurdere korleis tilbodet best kan organiserast og innrettast slik at fleire innvandrarar lærer norsk og kjem i arbeid.
Integreringspolitikken er viktig for å redusere barrierar mot deltaking i både arbeids- og samfunnsliv. Ei ny Lov om særskild innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald tok til å gjelde 1. juli 2026 og arbeidet med å følge opp Handlingsplanen mot rasisme og diskriminering – ny innsats 2024–2027 held fram. Rasisme og diskriminering er eit utbreidd og vedvarande problem i Noreg. Mange med innvandrarbakgrunn er godt integrerte og har høge ambisjonar, men opplever likevel mindre sosial tilhøyrsle og aksept i storsamfunnet.
Segregerte byområde kan medverke til å forsterke sosial ulikskap og utanforskap. For å følge tettare med på utviklinga og sette i verk tiltak tidleg, har regjeringa gitt Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) i oppdrag å lage ein monitor som måler segregering og levekår i utsette område. Frivillige organisasjonar speler ei viktig rolle i integreringsprosessar og i arbeidet med å skape felles møteplassar og samfunnsdeltaking for alle. IMDi forvaltar ei rekke tilskotsordningar for frivillige organisasjonar som støttar opp om arbeidet deira.
I 2027 legg regjeringa fram ein integreringsstrategi som tar tak i nokre av dei største utfordringane på integreringsfeltet. Målet er auka arbeidsdeltaking, betre levekår og mindre segregering. I tillegg vil regjeringa sjå på kva slags kulturelle barrierar som står i vegen for deltaking på ulike samfunnsarenaer. Strategien skal synleggjere kva regjeringa gjer, og vil gjere, for å få fleire i arbeid, betre levekåra for innvandrarar, motverke segregering og bryte ned dei kulturelle barrierane.
Sjå nærmare omtale under del II programkategori 09.70 Integrering og mangfald.
1.7 Inntektssikringsordningar som gir økonomisk tryggleik og samtidig stimulerer til arbeid
Regjeringa vil ha eit velferdssamfunn med gode ordningar for inntektssikring ved inntektstap og eit godt offentleg tilbod av tenester. Samtidig skal arbeidslinja stå sentralt i velferdspolitikken. Det er eit overordna mål for regjeringa at inntektssikringsordningane skal gi økonomisk tryggleik til personar som midlertidig eller varig ikkje kan delta i arbeidslivet, og gjennom det bidra til utjamning av inntekt og levekår og støtte sosial inkludering.
Ordningane skal sikre inntekt og kompensere for særlege utgifter i samanheng med sjukdom, arbeidsløyse, sjukdom hos barn, midlertidig svikt i arbeids- og inntektsevna, uførleik og alderdom. Det er samtidig eit mål for regjeringa at ordningane er utforma slik at dei i tilstrekkeleg grad tar omsyn til målet om høg sysselsetting og eit omstillingsdyktig arbeidsliv. Det skal vere lønnsamt for kvar og ein å utnytte arbeidsevna si, og samtidig skal ordningane gi ein økonomisk tryggleik som støttar viljen og evna til å ta risiko. Utover omsyna til insentiv og fordeling bidrar inntektssikringsordningane, og særleg dagpengeordninga, til å stabilisere den økonomiske utviklinga.
Nivået på ytingane frå folketrygda er oftast knytt til tidlegare inntekt, og for fleire ytingar er tidlegare arbeidsinntekt òg ein føresetnad for å komme inn under ordninga. Dei fleste vil få høgare inntekt frå arbeid enn frå trygd, noko som stimulerer til å delta i arbeidslivet. Samtidig gir moglegheit for minsteytingar i enkelte ordningar eit sikkerheitsnett for alle.
Omsyna til at inntektssikringsordningane både skal støtte opp om arbeidslinja ved at det skal lønne seg å jobbe, og samtidig gi gode nok ytingar til at dei gir økonomisk tryggleik for dei som ikkje kan jobbe, kan stå i motstrid og må balanserast i utforminga av ordningane. For å sikre føreseielege vilkår og berekraft må hovudprinsippa i ordningane ligge fast over tid. Samtidig må dei tilpassast behova dei skal møte. Regjeringa arbeider kontinuerleg for å hente inn ny kunnskap for å vidareutvikle inntektssikringsordningane, og samtidig balansere dei ulike omsyna.
Sjå òg omtale under del II programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik.
1.8 Gode og føreseielege pensjonar for dagens og framtidige generasjonar
Regjeringa arbeider for eit pensjonssystem som kviler på kollektive ordningar som gir god minstesikring for alle, samtidig som folk får utteljing for arbeidet dei har utført gjennom yrkeslivet. Hovudprinsippa i pensjonsreforma – levealdersjustering, fleksibelt uttak av pensjon, opptening for alle år og frå første krone og høvet til å kombinere pensjon og inntekt frå arbeid – ligg fast og er sentrale for den langsiktige berekrafta i systemet.
Med fleire eldre i befolkninga blir yrkesaktiviteten blant eldre stadig viktigare, og pensjonspolitikken må balansere omsynet til økonomisk berekraft og sosial tryggleik.
Pensjonspolitikken har som mål at pensjonssystemet skal vere økonomisk og sosialt berekraftig, og at det skal sikre føreseielege og gode pensjonar for både dagens og kommande generasjonar. Pensjonssystemet må derfor gi gode insentiv til arbeid, samtidig som det er fleksibelt, slik at alle kan velje sjølv når dei vil ta ut pensjon, og kor stor del dei skal ta ut. Det må vidare ha ein god likestillings- og fordelingsprofil, opplevast som rettferdig, vere mest mogleg oversiktleg og føreseieleg og ha god oppslutning i befolkninga. Det er frå 2011 gjennomført ei omfattande reform av pensjonssystemet som trygger pensjonane i framtida og bidrar til å styrke den økonomiske berekrafta. Reforma stimulerer til auka yrkesdeltaking, noko som igjen aukar dei offentlege inntektene.
På lang sikt er det særleg levealdersjusteringa som bidrar til innsparingar. Når levealderen aukar, må nye årskull utsette uttaket av pensjon for å få like høg pensjon som dei eldre årskulla. I forlika som leidde opp til pensjonsreforma, var det brei einigheit om at alderspensjon under utbetaling skal regulerast svakare enn lønnsveksten. Dette gjeld for alle alderspensjonistar og dempar utgiftsveksten på kortare sikt òg. Det er rimeleg at dagens eldre òg bidrar til å sikre eit berekraftig pensjonssystem, slik at ikkje neste generasjon får heile rekninga.
Regjeringa la fram Meld. St. 6 (2023–2024) Et forbedret pensjonssystem med en styrket sosial profil 15. desember 2023. I meldinga foreslo regjeringa ei rekke tiltak for å styrke den sosiale berekrafta til pensjonssystemet. I samanheng med stortingsbehandlinga av meldinga inngjekk eit breitt fleirtal ein avtale som bygger på forslaga frå regjeringa med enkelte tilføyingar, bl.a. ei slitarordning i folketrygda. Regjeringa vil følge opp pensjonsforliket, og departementet arbeider med eit høyringsnotat med forslag om auka aldersgrenser i pensjonssystemet og tilgrensande ordningar, inkludert ei slitarordning i folketrygda, og nye reglar for regulering av minsteytingane. Departementet tar sikte på å sende ut eit høyringsnotat med lovforslag i løpet av hausten 2026.
Sjå nærmare omtale under punkt 2.2.5 Pensjonsreforma, del II programkategori 29.70 Alderdom og programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse.
1.9 Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte
Regjeringa ønsker eit samfunn med små forskjellar og like moglegheiter. Regjeringa vil redusere sosiale og geografiske forskjellar og motverke fattigdom. Trass i høg sysselsetting og ein godt utbygd velferdsstat, blir enkeltpersonar og familiar ramma av fattigdom og andre levekårsutfordringar. Dei viktigaste grepa for å redusere forskjellar og fattigdom er å inkludere fleire i arbeid, gode og universelle velferdsordningar, og meir rettferdig og omfordelande skatt.
Det sosiale sikkerheitsnettet skal gi tryggleik, bidra til deltaking og hindre at barn og vaksne fell varig utanfor fellesskapet. Dei sosiale tenestene i arbeids- og velferdsforvaltninga er det nedre sikkerheitsnettet i velferdsordningane. Tenestene skal bidra til økonomisk og sosial tryggleik og fremme overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
Frivillige organisasjonar og sosiale entreprenørar bidrar på ulike måtar i arbeidet med å gi fleire ein sjanse til å komme i arbeid og aktivitet, og er eit viktig supplement til det offentlege velferdstilbodet.
Det er eit mål for regjeringa at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i arbeidslivet og samfunnet på lik linje med andre. Hjelpemiddel og tilrettelegging er viktige verkemiddel for å bidra til dette. Hjelpemiddel frå folketrygda er støttefunksjonar, og verkar saman med andre tilretteleggingsfunksjonar i skolen, arbeidslivet og dagleglivet for å tette gapet mellom isolasjon og deltaking.
Sjå òg omtale i del II programkategori 09.20 Tiltak for betra levekår m.m. og programkategori 29.60 Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m.
2 Profil og satsingsområde
2.1 Samla budsjettforslag fordelt på programområde og programkategoriar
Mill. kroner
Nemning
Saldert budsjett 2026
Forslag 2027
Endring i pst.
09.00 Administrasjon
827,3
853,7
3,2
09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken
15 995,6
16 693,6
4,4
09.20 Tiltak for betra levekår m.m.
420,5
434,2
3,3
09.30 Arbeidsmarknad
12 517,2
12 986,2
3,7
09.40 Arbeidsmiljø og sikkerheit
1 648,9
1 292,4
-21,6
09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse
14 507,3
13 322,0
-8,2
09.60 Kontantytingar
5 591,8
6 091,4
8,9
09.70 Integrering og mangfald
22 575,1
18 650,4
-17,4
Sum Arbeid og sosiale formål
74 083,6
70 323,9
-5,1
29.20 Einslige forsørgarar
1 562,0
1 095,0
-29,9
29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik
272 419,2
291 008,1
Dette er starten på kapittelet. Les hele kapittelet hos regjeringen.no.
Fra forslag til vedtak
Saksgang
Forslag
Sak registrert
Dato ikke publisert
Forslag
Saken fremmet
Komitebehandling
Sendt til komité
Komitebehandling
Komitébehandling
Dato ikke publisert
Komitebehandling
Frist for innstilling
Debatt og vedtak
PLBEHS
Sammenheng
Relaterte saker
Medvirkning
Høringer
Kommunal- og forvaltningskomiteen · Skriftlig
skriftlig
Se program og innspillKommunal- og forvaltningskomiteen · Muntlig
Stortingets komitéhus, Akersgata 18 Høringssal 2
Se program og innspillBeslutninger
Voteringer
Ingen voteringer importert
Voteringer kan komme senere i saksbehandlingen eller ved neste import.
Kilde: Stortingets åpne data – sak. Dokumenter og hendelser gjengis med lenker til originalkildene.
Tilbake til alle saker