Prop. 1 S (2025-2026), Innst. 17 S (2025-2026) · 2025-2026

Statsbudsjettet 2026 - Svalbardbudsjettet

Statsbudsjettet 2026

Status
Ferdigbehandlet
Type
KForslag fra Regjeringen
Komité
Utenriks- og forsvarskomiteen
Sist endret hos Stortinget
12.12.2025

Kategorisering

Emner

  • Skatter
  • Statsbudsjettet
  • Svalbard

Dokumentgrunnlag

Dokumenter i saken

Offisielt dokument

Tekst fra regjeringen.no

Første publiserte kapittel

Prop. 1 S (2025–2026)

Les hos regjeringen.no
Dokumenttekst

Del 1 Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbardtraktaten vart underteikna 9. februar 1920 og tok til å gjelde 14. august 1925. Same dag tok Svalbardlova ( lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard) til å gjelde, og Svalbard har sidan den dagen vore ein udeleleg og uavhendeleg del av Kongeriket Noreg. I 2025 er det 100 år sidan traktaten og lova tok til å gjelde, og Svalbard har difor vore ein del av kongeriket i 100 år.

Svalbard er den nordlegaste delen av Noreg og omfattar øyene Spitsbergen, Prins Karls Forland, Nordaustlandet, Kong Karls Land, Barentsøya, Edgeøya, Hopen, Bjørnøya og alle holmar og skjer innanfor koordinatane 10° og 35° austleg lengd og 74° og 81° nordleg breidd. Svalbard har eit landareal på 61 022 km2 og utgjer ca. 16 pst. av det totale landarealet i kongeriket. Øya Spitsbergen er den største øya i Noreg, om lag på storleik med Nordland og Troms fylke til saman. Det meste av Svalbard består av store og urørte villmarksområde.

Det bur folk eller er fast aktivitet eller verksemd på sju plassar på Svalbard. Det var registrert 2 863 personar som busette på Svalbard den 1. januar 2025. Longyearbyen er det største lokalsamfunnet og det administrative senteret på Svalbard. Det finst ikkje veg mellom samfunna på Svalbard. Ny-Ålesund har ein kortbaneflyplass med flysamband til og frå Longyearbyen. Utanom på øya Spitsbergen bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at folketalet i Longyearbyen og Ny-Ålesund 1. januar 2025 var 2 556, ein nedgang på 61 personar sidan 1. januar 2024.

Det var registrert til saman 297 fastbuande i Barentsburg og Pyramiden per 1. januar 2025. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund var det registrert ti busette på same tidspunkt.

Tabell 1.1 Folketal i Longyearbyen og Ny-Ålesund, per 1. januar

År

2018

2019

2020

2021

2022

2023

2024

2025

Personar

2 214

2 258

2 428

2 459

2 504

2 530

2 617

2 556

Kjelde: SSB. «Befolkningen på Svalbard», https://www.ssb.no/befolkning/folketall/statistikk/befolkningen-pa-svalbard, publisert 17. april 2024.

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet. Midlar blir overførte til Svalbard både over sjølve svalbardbudsjettet og over dei ulike fagdepartementa sine kapittel på statsbudsjettet. Eit eige svalbardbudsjett gir ei samla oversikt over inntekter og utgifter på Svalbard. Forslag til løyvingar for 2026 er omtalte nærmare under punkt 4 nedanfor, jf. òg vedlegg 1 og 2.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2025–2026) for Justis- og beredskapsdepartementet, kap. 480, post 50. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert på svalbardbudsjettet. Dette er bl.a. verksemd på Svalbard som er underlagd Justis- og beredskapsdepartementet, og verksemd som er underlagd andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Proposisjonen gir vidare ei oversikt over regjeringa sine forslag til satsingar og prioriteringar på Svalbard og ei årleg oppsummering av utviklinga på øygruppa.

Regjeringa vil halde fram med ordninga med eit eige svalbardbudsjett, noko Stortinget har slutta seg til, jf. Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard, jf. Innst. 36 S (2024–2025).

1.3 Prioriteringar i 2026

1.3.1 Oppfølging av melding til Stortinget om Svalbard

Regjeringa la 31. mai 2024 fram ei melding til Stortinget om Svalbard, Meld. St. 26 (2023–2024). Stortinget behandla meldinga og voterte over ho 21. november 2024. Sjå nærmare omtale av meldinga under punkt 2.2.1.

Heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard (svalbardmeldingar) legg grunnlaget for ei stabil og føreseieleg forvaltning av Svalbard og legg føringar for aktiviteten i tida framover. Meldinga inneheld to gjennomgåande tema, som eit einstemmig Storting har slutta seg til: sterkare statleg styring og nasjonal kontroll på Svalbard, og styrking av Longyearbyen for å halde oppe det norske familiesamfunnet.

I 2026 og framover vil regjeringa prioritere å følgje opp tiltak som bl.a. er omtalte i meldinga til Stortinget om Svalbard. Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på Svalbard og tek vare på dei statlege interessene der. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Sysselmeisteren med 8,1 mill. kroner, bl.a. for å styrkje Sysselmeisteren si evne til å utføre oppgåvene sine, og for å tilføre Sysselmeisteren ressursar på beredskapsområdet.

Det er eit mål framover at Longyearbyen skal vere ein attraktiv stad for norske familiar, og at ein slik kan bidra til å oppfylle målet om norske samfunn på øygruppa. Regjeringa foreslår bl.a. av den grunn å auke løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med 23,1 mill. kroner.

1.3.2 Energiforsyning i Longyearbyen

Regjeringa foreslo i Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard bl.a. å gjennomgå ansvaret for kritisk infrastruktur i Longyearbyen. Dei sterke nasjonale interessene knytte til Svalbard fordrar eit sterkt statleg engasjement i infrastruktur lokalt. Infrastruktur av eit visst nivå er òg ein føresetnad for næringsaktivitet og verdiskaping, tryggleik og beredskap og god samfunnsutvikling. Statleg eigarskap til viktig infrastruktur på Svalbard legg til rette for langsiktig planlegging og utvikling av øygruppa i tråd med måla for svalbardpolitikken.

I svalbardmeldinga viser regjeringa til at ein har som intensjon at staten skal ta eit større ansvar for energiforsyninga i Longyearbyen, til dømes gjennom Store Norske Spitsbergen Kulkompani (Store Norske), og at ansvaret skal avklarast så snart som mogleg. Regjeringa har gitt Store Norske i oppdrag å gjennomføre ei konseptvalutgreiing av ulike alternativ for framtidig energiforsyning i Longyearbyen og ei tilstandsvurdering av eksisterande infrastruktur. Konseptvalutgreiinga og tilstandsvurderinga vart leverte til Nærings- og fiskeridepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet i februar 2025. Desse dokumenta har bl.a. danna grunnlaget for vurderingar om framtidig ansvar for energiforsyninga i Longyearbyen. Store Norske og Longyearbyen lokalstyre har inngått ein avtale om overføring av Svalbard Energi AS (SEAS) frå lokalstyret til Store Norske mot eit vederlag på kroner 1,- forutsatt at to vilkår er oppfylde før gjennomføring av transaksjonen. Den eine føresetnaden er at gjelda som SEAS har til Longyearbyen lokalstyre vert ettergjeve, mot at lokalstyret mottek eit tilskot tilsvarande lånegjelda. Det andre vilkåret er at oppryddingpliktene relatert til det tidlegare kolkraftverket, overførast frå lokalstyret til SEAS. Kostnadene for dette er rekna til 134 mill. kroner.

Med overføringa av SEAS tek Store Norske, eit heileigd selskap under Nærings- og fiskeridepartementet, ansvaret for energiproduksjon og -forsyning i Longyearbyen framover. Store Norske vil òg gjennomføre ei vesentleg oppgradering av dagens energiforsyning.

Overføringa, med innløysing av pliktene som er omtalte her, føreset tilslutning frå Stortinget. Sjå punkt 2.2.3.4 for nærmare omtale av energiforsyninga i Longyearbyen og overføringa av ansvar frå lokalstyret til Store Norske. Regjeringa foreslår òg å løyve 25 mill. kroner til å dekke kostnadene Longyearbyen lokalstyre vil ha til sanering og opprydding etter at avfallsdeponiet i Adventdalen er avslutta.

I samband med innføring av Norgespris for straum på fastlandet frå 1. oktober 2025, foreslo regjeringa å leggje til rette for reduserte straumprisar for hushalda på Svalbard òg, jf. Prop. 146 S (2024–2025). Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 540 S (2024–2025). Løyvinga til Longyearbyen lokalstyre vart auka med 4,7 mill. kroner som vart øyremerkte til dette formålet. Heilårseffekten av tiltaket er 18,8 mill. kroner. Regjeringa foreslår å løyve til saman 118,8 mill. kroner i 2026 for å bidra til reduserte energiprisar i Longyearbyen. Det er foreslått å plassere løyvinga på kap. 0008, post 70, som eit øyremerkt tilskot.

Energilova med tilhøyrande forskrifter er ikkje gjort gjeldande på Svalbard, og i dag blir det ikkje stilt sektorspesifikke krav til energiforsyninga i Longyearbyen. Energidepartementet arbeider saman med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med eit forslag til regulering av energiforsyninga i Longyearbyen. Forslaget vil bli sendt på høyring.

1.4 Offentlege myndigheiter på Svalbard

1.4.1 Sysselmeisteren på Svalbard

Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på Svalbard og tek vare på dei statlege interessene der. Sysselmeisteren er både politimeister og har same mynde som ein statsforvaltar. Kjerneoppgåvene til Sysselmeisteren er ansvaret for rednings- og beredskapsarbeidet, for politi- og påtalemakta og for miljøforvaltninga. Sysselmeisteren deltek i utforminga, utøvinga og oppfølginga av svalbardpolitikken.

Som politimeister leier Sysselmeisteren påtalemakta og verksemda elles i politiet og har same ansvar og mynde som politimeistrane på fastlandet. Sysselmeisteren har ei sentral rolle i å handtere hendingar som oppstår på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Sjå punkt 2.2.3 om beredskap på Svalbard for nærmare omtale av Sysselmeisteren si rolle i arbeidet.

I eigenskap av rolla som statsforvaltar utfører Sysselmeisteren ei rekkje sivile oppgåver som er delegerte frå ulike departement. Sysselmeisteren er vidare regional statleg miljøvernmyndigheit på Svalbard. Sysselmeisteren har ansvaret for å handheve miljøregelverket og for oppsynet med at regelverket blir følgt.

Til saman gjer dei samla oppgåvene til Sysselmeisteren det mogleg å ha ei god fagleg forvaltning av enkeltsaker, godt informasjonsarbeid og effektiv etterforsking av miljøkriminalitet.

1.4.2 Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre vart oppretta i 2002 og har som formål å utøve eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre i Longyearbyen. Det rettslege rammeverket for Longyearbyen lokalstyre følgjer av Svalbardlova 5. kapittel. Myndigheitsområdet til lokalstyret er Longyearbyen arealplanområde. Longyearbyen lokalstyre har oppgåver av same type som kommunane på fastlandet, men Longyearbyen lokalstyre har eit snevrare ansvarsområde og yter færre velferdstenester. Som for kommunane følgjer oppgåver og ansvar av særlover, men ansvaret for infrastruktur er lagt til Longyearbyen lokalstyre direkte gjennom Svalbardlova. Longyearbyen lokalstyre skal utøve mynda og verksemda si og sikre ei rasjonell og effektiv forvaltning av fellesinteressene innanfor nasjonale rammer og ramma av norsk svalbardpolitikk.

Justis- og beredskapsdepartementet og Longyearbyen lokalstyre har kontaktmøte to til tre gonger i året. Dialogen departementet har med lokalstyret, er viktig for å sikre ei utvikling av samfunnet i Longyearbyen i tråd med dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Longyearbyen lokalstyre har ei generell beredskapsplikt, jf. sivilvernlova §§ 14, 15 og 29 med forskrift. Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunane og Longyearbyen lokalstyre skal sjå heile arbeidet med tryggleik i samanheng og planleggje ut frå dette. Longyearbyen lokalstyre er ansvarleg for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap og skal vurdere om det trengst særskilde førebuingar. Sysselmeisteren på Svalbard fører tilsyn med korleis Longyearbyen lokalstyre følgjer opp pliktene.

1.4.3 Andre aktørar

På svalbardbudsjettet blir det løyvd midlar til fleire statlege aktørar som er styrte av dei respektive fagdepartementa:

  • Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF)
  • Kystverket
  • Statsbygg Svalbard
  • Skattekontoret på Svalbard
  • Norsk Polarinstitutt
  • Meteorologisk institutt

Svalbard Museum og Svalbard kyrkje får òg løyvingar over svalbardbudsjettet.

I tillegg har ei rekkje andre statlege aktørar verksemd på Svalbard, som blir finansiert utanfor svalbardbudsjettet. Det gjeld bl.a.

  • Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS
  • Miljødirektoratet
  • Riksantikvaren
  • Nav
  • Avinor
  • Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS)
  • Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus
  • Statens kartverk
  • Svalbard globale frøkvelv
  • Norsk helsenett SF
  • Forbrukartilsynet
  • Tolletaten
  • Nærings- og fiskeridepartementet, som forvaltar grunneigedom på Svalbard direkte, med lokalt tilsette

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

2.1 Overordna mål

Det er lang tradisjon for brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Svalbardpolitikken er samansett av ulike politikkområde som alle er ramma inn av dei fem overordna måla for svalbardpolitikken. Måla vart første gong formulerte i samband med Stortinget si behandling av meldinga til Stortinget om Svalbard frå 1985, og har lege fast sidan då. Måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten
  • å overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd
  • bevaring av ro og stabilitet i området
  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området
  • å halde oppe norske samfunn på øygruppa.

Måla vart sist stadfesta av Stortinget i samband med behandlinga av Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard, jf. Innst. 36 S (2024–2025). Semja om hovudlinjene i svalbardpolitikken gir ei langsiktig forvaltning av øygruppa, noko som medverkar til tryggleik for befolkninga på øygruppa og til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen.

2.2 Justis- og beredskapsdepartementets mål for polarpolitikken: godt forvalta polarområde

Alle departementa har i dag ei rolle i gjennomføringa og utforminga av svalbardpolitikken og er involverte i arbeidet med å nå måla, jf. òg omtalen under punkt 4. Sektoransvaret til departementa gjeld på Svalbard som på fastlandet. Statsrådane er konstitusjonelt ansvarlege for fagområda til departementa sine på Svalbard på same måte som i resten av landet. God forvaltning av Svalbard føreset god koordinering av svalbardsaker mellom departementa og på tvers av forvaltningsnivå. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å samordne polarsaker i statsforvaltninga og er tildelt eit eige ansvar for å koordinere norsk svalbardpolitikk.

Utover måla som er fastsette av Stortinget, har Justis- og beredskapsdepartementet eit eige mål for politikken i Arktis og Antarktis: godt forvalta polarområde. Godt forvalta polarområde inneber at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk.

2.2.1 Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard

Meld. St. 26 (2023–2024) er nummer seks i rekkja av heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard (svalbardmeldingar) sidan 1975. Svalbardmeldingane signaliserer regjeringa sine mål og ambisjonar for forvaltninga av Svalbard, og blir forankra i Stortinget gjennom behandlinga der.

Sidan den førre meldinga, som kom i 2016, har Longyearbyen i endå større grad endra seg frå å vere eit samfunn basert på kolverksemd til å bli eit meir moderne familiesamfunn med eit differensiert næringsliv. Samstundes har befolkninga auka og befolkningssamansetjinga endra seg. Svalbard er prega av auka aktivitet, og interessa for bruk av Svalbard i samband med forsking aukar. Med eit varmare klima er kystområda på Svalbard lettare tilgjengelege for ulike typar fartøy. Vidare er den tryggingspolitiske situasjonen globalt og i Noreg sine nærområde prega av eit større alvor og er meir uføreseieleg enn då den førre svalbardmeldinga vart lagd fram i 2016.

I Meld. St. 26 S (2023–2024) varslar regjeringa at ein vil styrke statleg styring og nasjonal kontroll på Svalbard i tråd med utviklingstrekka som er omtalte ovanfor. Regjeringa varslar òg at ein vil styrke det norske familiesamfunnet i Longyearbyen. Andre tiltak som er varsla i meldinga, er besøksbidrag frå reisande til Longyearbyen, betre bustader innanfor ramma av bustadmassen som var der før skreda i 2015 og 2017, utvida allmenngjeringsrett, etablering av eit eige Svalbard forskingskontor og regulering av omfanget av cruiseaktiviteten.

Under behandlinga av meldinga slutta eit einstemmig Storting seg nok ein gong til å vidareføre dei overordna måla for svalbardpolitikken som er omtalte under punkt 2.1.

Stortinget fatta to oppmodingsvedtak i samband med behandlinga av meldinga:

Helse- og omsorgsdepartementet er ansvarleg departement for oppfølginga av oppmodingsvedtak I ovanfor. Sjå omtale under punkt 4.6.2.

Justis- og beredskapsdepartementet har følgt opp oppmodingsvedtak II gjennom å foreslå i samband med nysalderinga av 2024-budsjettet, ein auke i løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med eit ekstraordinært omstillingstilskot for å sørge for at Longyearbyen lokalstyre kan skaffe til vegar nødvendig flyfraktkapasitet i 2025, inntil dei lokale aktørane har komme fram til ei langsiktig løysing. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 80 S (2024–2025).

2.2.2 Koordinering av norsk polarpolitikk

Det interdepartementale polarutvalet (Polarutvalet) er eit koordinerande og konsultativt organ for behandlinga av polarsaker i sentraladministrasjonen. Utvalet arbeider etter instruks for behandling av polarsaker og for Det interdepartementale polarutvalg (polarutvalgsinstruksen). Utvalet skal vere eit særleg rådgivande organ for regjeringa i slike saker. Samstundes gjeld avgjerdsmynda til fagdepartementa og det konstitusjonelle ansvaret til den aktuelle statsråden for dei ulike sakene. Utvalet har møte om lag ti gonger i året. Sysselmeisteren møter fast.

Lovgiving er eit sentralt verkemiddel for å styre samfunnsutviklinga innanfor ramma av måla for svalbardpolitikken. Svalbardlova § 2 slår fast at norsk privatrett og strafferett og norsk lovgiving om rettspleie gjeld for Svalbard når ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje for Svalbard utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg bli gitt særskilde forskrifter for Svalbard.

I samband med tidlegare stortingsmeldingar om Svalbard har det blitt slått fast at det rettslege rammeverket for Svalbard skal vere mest mogleg likt rammeverket for fastlandet, og at ny lovgiving for fastlandet som hovudregel skal takast i bruk for Svalbard, om ikkje særlege forhold taler mot det eller det er behov for unntak eller tilpassingar. Lovverket skal gjelde for heile øygruppa og handhevast likt overalt. Samstundes kan ikkje ny lovgiving alltid takast i bruk for Svalbard utan at det blir gjort tilpassingar. Det kan vere behov for overgangsordningar eller at lova tek til å gjelde for Svalbard på eit seinare tidspunkt. Andre former for innfasing kan òg vere nødvendig, t.d. fordi lokale verksemder har behov for omstilling. Tilpassingar kan vere nødvendige pga. t.d. folkerettslege, klimamessige, geografiske eller administrative forhold. Døme på det siste kan vere at det ikkje finst lokale instansar eller forvaltningsnivå på Svalbard som motsvarer dei på fastlandet.

På nokre område er det òg gitt eigne lover eller forskrifter som er spesielt tilpassa forholda på Svalbard. Døme på dette er svalbardmiljølova og skattelova for Svalbard. I særskilde tilfelle vil ein kunne vurdere unntaksheimlar for visse typar aktivitet. I tillegg kan det vere formålstenleg å innføre lover som av praktiske og økonomiske årsaker berre gjeld for Longyearbyen arealplanområde.

EØS-avtalen gjeld ikkje for Svalbard, og Svalbard inngår ikkje i Schengen-samarbeidet.

FNs tryggingsråd kan vedta sanksjonar mot statar, personar eller einingar, med folkerettsleg bindande verknad. EU vedtek òg sanksjonar, som Noreg har slutta opp om med nokre få unntak. EU-sanksjonar som Noreg har slutta opp om, gjeld på Svalbard med mindre noko anna er angitt i den relevante forskrifta. Det er særleg sanksjonane mot Russland som er relevante på Svalbard. Det er innført sanksjonar mot russiske personar og verksemder og mot handel og interaksjonar med russiske motpartar. Sanksjonane mot Russland blir mellom anna gjennomførte i forskrift 15. august 2014 nr. 1076 om restriktive tiltak vedrørende handlinger som undergraver eller truer Ukrainas territorielle integritet, suverenitet, uavhengighet og stabilitet («sanksjonsforskrift Ukraina»).

Dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken krev at regelverk og rammer for Svalbard og Longyearbyen blir vurderte og tilpassa etter samfunnsutviklinga. I Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard viser regjeringa til at summen av ei rekkje utviklingstrekk gjorde det nødvendig å leggje fram ei ny melding til Stortinget om Svalbard. Dei same utviklingstrekka gjer det samstundes nødvendig å utvikle og avstemme regelverket, slik at det passar inn med området og samfunnet som det skal ramme inn. Eitt av desse utviklingstrekka er at Longyearbyen har gått frå å vere eit samfunn bygd rundt ein industri og ei stor verksemd, til å bli eit samansett og moderne samfunn med ein heterogen næringsstruktur. Andre døme på denne typen utviklingstrekk er befolkningsvekst og endringar i befolkninga, klimaendringar og auka aktivitet og interesse for å nytte Svalbard. I tillegg er den tryggingspolitiske situasjonen endra, og prega av eit større alvor enn for ti år sidan. Regelverket må vere avpassa etter desse overordna endringane, og samstundes leggje til rette for å styre utviklinga i ønskt retning.

Kunnskapsdepartementet har fastsett endringar i forskrifter med reglar for barnehageverksemd, grunnskule og vidaregåande opplæring. Forslaga er bl.a. ei oppfølging av tiltak i Meld. St. 26 (2023–2024). Sjå nærmare omtale i punkt 4.10.1.

Energilova med tilhøyrande forskrifter er ikkje gjort gjeldande på Svalbard, og i dag blir det ikkje stilt sektorspesifikke krav til energiforsyninga i Longyearbyen. Energidepartementet arbeider saman med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med eit forslag til regulering av energiforsyninga i Longyearbyen. Forslaget vil bli sendt på høyring.

Stortinget vedtok 10. juni 2025 ny lov om besøksbidrag. Lova inneheld ein heimel for å gi forskrift om besøksbidrag for Longyearbyen. Inntektene frå besøksbidraget skal komme Longyearbyen lokalstyre til gode.

Skatteetaten har hatt på høyring eit forslag om frikortordning for ungdom i Longyearbyen, med frist 1. august 2025.

Eit forslag til ny forskrift om tryggleik i felt på Svalbard vart vedteke 6. juni 2025 og tar til å gjelde 1. januar 2026.

Allmenngjeringslova vart gjort gjeldande på Svalbard 1. juli 2025.

Regjeringa har varsla i Meld. St. 26 (2023–2024) at det er behov for å gjennomgå forskrift om folkeregister på Svalbard, og at ein bør vurdere tiltak som kan føre til betre etterleving av plikta til å melde flytting til og frå Svalbard og internt på Svalbard. Justis- og beredskapsdepartementet har starta arbeidet.

Dei særlege rammene for Svalbard og svalbardpolitikken gjer at ein nyttar verkemiddel på Svalbard som ein ikkje nødvendigvis nyttar på same vis på fastlandet. Eit av dei viktigaste verkemidla i samfunnsutviklinga på Svalbard er ulike former for statleg eigarskap, bl.a. til eigedom, grunn og infrastruktur. Det har alltid vore knytt sterke nasjonale interesser til forvaltninga av øygruppa, og det er lang tradisjon for statleg eigarskap på Svalbard.

Staten eig direkte eller indirekte fleire selskap på Svalbard. Blant dei selskapa som er eigde direkte av staten, finn ein Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (Store Norske), Kings Bay AS, Bjørnøen AS og Universitetssenteret på Svalbard AS, som alle er statsaksjeselskap. Bakgrunnen for staten sin eigarskap i desse selskapa er bl.a. å bidra til å nå måla for svalbardpolitikken. Staten eig indirekte Svalbard Lufthavn AS, gjennom Avinor AS.

Staten eig vidare delar av andre selskap med aktivitet på Svalbard, t.d. halvparten av Kongsberg Satellite Services (KSAT) indirekte, gjennom Space Norway (som er heileigd av Nærings- og fiskeridepartementet). Den andre halvparten er eigd av Kongsberg Gruppen, kor staten har 50,004 pst. eigardel. KSAT er underlagt tryggingslova då selskapet har avgjerande betyding for ei rekkje grunnleggjande nasjonale funksjonar. Staten eig òg 53,97 pst. av aksjane i Telenor ASA, som har verksemd på Svalbard gjennom dotterselskapet Telenor Svalbard AS.

Staten er den største grunneigaren på Svalbard og eig, ved Nærings- og fiskeridepartementet, 98,75 pst. av all grunn direkte. I tillegg eig staten, ved Klima- og miljødepartementet, 0,75 pst. av grunnen indirekte gjennom eigarskapen i Kings Bay AS.

Gjennom forvaltninga av eigarskapen til grunnen, legg Nærings- og fiskeridepartementet til rette for aktivitet som støttar opp om måla for svalbardpolitikken. Ved behandlinga av regjeringa sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett i juni 2025, slutta Stortinget seg til forslaget om å avvikle Bjørnøen AS og overføre eigedommen på Bjørnøya til Nærings- og fiskeridepartementet.

Sjå punkt 4.12.1 for nærmare omtale av grunnforvaltninga på Svalbard.

Dette er starten på kapittelet. Les hele kapittelet hos regjeringen.no.

Fra forslag til vedtak

Saksgang

  1. Forslag

    Sak registrert

    Dato ikke publisert

  2. Forslag

    Saken fremmet

  3. Forslag

    Referert i Stortinget

    Åpne hendelseskilden
  4. Komitebehandling

    Sendt til komité

  5. Komitebehandling

    Komitébehandling

    Dato ikke publisert

  6. Komitebehandling

    Saksordfører oppnevnt

    Dato ikke publisert

  7. Komitebehandling

    Innstilling avgitt

    Åpne hendelseskilden
  8. Debatt og vedtak

    Behandlet i Stortinget

    Åpne hendelseskilden
  9. Debatt og vedtak

    Votering

  10. Debatt og vedtak

    Vedtak

    Dato ikke publisert

Offisielle tekster

Innstilling og resultat

Innstilling

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om svalbardbudsjettet 2026

Kort vedtak

Stortinget har i dag vedtatt Svalbardbudsjettet for 2025 gjennom behandlingen av utenriks- og forsvarskomiteens Innst. 17 S (2024-2025). Svalbardbudsjettet for 2026 er på 804 mill. kroner, sammen liknet med 697,3 mill. kroner i det vedtatte budsjettet for 2025.

Vedtakstekst

Vedtak i samsvar med innstillingen

Sammenheng

Resultat

Vedtak

Budsjettvedtak

Vedtak 326: Statsbudsjettet 2026 - Svalbardbudsjettet

Meirinntektsfullmakt Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2026 kan overskride løyvinga på kap. 22, post 1, tilsvarande inntekter på kap. 3022, post 1.

Se vedtaket hos Stortinget
Budsjettvedtak

Vedtak 324: Statsbudsjettet 2026 - Svalbardbudsjettet

§ 1 Bruksområde for vedtaket Dette vedtaket gjeld utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2026 etter føresegnene i lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard. Vedtaket gjeld òg som grunnlag for utskriving av forskot på skatt for inntektsåret 2026, jf. svalbardskattelova § 5-1. § 2 Skatt på formue Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane: a) Personleg skattepliktig og dødsbu: Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats). b) Selskap og samanslutningar som nemnde i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kap. 2: Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten. § 3 Skatt på inntekt Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane: a) Inntekt som blir skattlagd ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-1: Låg sats: 8 pst. Høg sats: 22 pst. b) 22 pst. av den delen av selskapsoverskot som er høgare enn 15 mill. kroner, og som overstig summen av 10 gonger kostnadene til lønn som blir skattlagd ved lønnstrekk 0,20 gonger skattemessig verdi av anlegg, fast eigedom og annan realkapital som er på Svalbard ved utgangen av inntektsåret c) Anna inntekt: 16 pst. Personlege skattytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som er omfatta av bokstav c, på 20 000 kroner. § 4 Avrundingsreglar Ved utrekning av skatt skal formue og inntekt rundast nedover til nærmaste heile krone. § 5 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet. § 6 Aksjonær i utlandet Skatt på utbytte m.m. etter skattelova § 10-13, jf. svalbardskattelova § 3-2, er fastsett til 20 pst. § 7 Inntekt etter svalbardskattelova § 6-3 For inntekt som blir skattlagd etter svalbardskattelova § 6-3, skal satsen vere 8 pst.

Se vedtaket hos Stortinget
Budsjettvedtak

Vedtak 325: Statsbudsjettet 2026 - Svalbardbudsjettet

Meirinntektsfullmakter Stortinget samtykkjer i at Justis- og beredskapsdepartementet i 2026 kan overskride løyvinga på kap. 5, post 1, tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3005, post 2 kap. 6, post 1, tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3006, post 2 kap. 9, post 1, tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3009, post 1

Se vedtaket hos Stortinget
Budsjettvedtak

Vedtak 327: Statsbudsjettet 2026 - Svalbardbudsjettet

For budsjetterminen 2026 skal det svarast avgift til statskassa av kol som blir utført frå Svalbard, etter dei følgjande satsane: 1,0 pst. av verdien for dei første 100 000 tonna 0,9 pst. av verdien for dei neste 200 000 tonna 0,8 pst. av verdien for dei neste 300 000 tonna 0,7 pst. av verdien for dei neste 400 000 tonna 0,6 pst. av verdien for dei neste 500 000 tonna 0,5 pst. av verdien for dei neste 600 000 tonna 0,4 pst. av verdien for dei neste 700 000 tonna 0,3 pst. av verdien for dei neste 800 000 tonna 0,2 pst. av verdien for dei neste 900 000 tonna 0,1 pst. av verdien for dei neste 1 000 000 tonna

Se vedtaket hos Stortinget
Budsjettvedtak

Vedtak 323: Statsbudsjettet 2026 - Svalbardbudsjettet

På Svalbardbudsjettet for 2026 bevilges under: Kap. Post Svalbardbudsjettet Per post Sum kap. Utgifter 1 Tilskot til Svalbard kyrkje 70 Tilskot til Svalbard kyrkje 8 000 000 8 000 000 3 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre 50 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre 240 404 000 240 404 000 4 Tilskot til Svalbard Museum 70 Tilskot til Svalbard Museum 16 000 000 16 000 000 5 Sysselmeisteren (jf. kap. 3005) 1 Driftsutgifter 106 038 000 106 038 000 6 Sysselmeisterens transportteneste (jf. kap. 3006) 1 Driftsutgifter 282 724 360 282 724 360 7 Tilfeldige utgifter 30 Skred- og bustadtiltak, kan overførast 0 70 Diverse tilskot 0 0 8 Tilskot til energistøtte i Longyearbyen 70 Tilskot til Svalbard Energi AS 118 800 000 118 800 000 9 Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009) 1 Driftsutgifter 2 580 000 2 580 000 11 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard 1 Driftsutgifter 2 632 000 2 632 000 17 Norsk Polarinstitutt – refusjon 50 Refusjon 4 403 000 4 403 000 18 Navigasjonsinnretningar 1 Drift og vedlikehald 4 250 000 30 Nyanlegg og større vedlikehald, aerolykter og maritime fyr 800 000 5 050 000 19 Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya og Hopen 1 Driftsutgifter 8 702 400 8 702 400 20 Statsbygg, Svalbard 1 Driftsutgifter 2 590 000 2 590 000 22 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022) 1 Driftsutgifter 7 604 240 7 604 240 Sum svalbardbudsjettet Sum departementets utgifter 805 528 000 805 528 000 Inntekter 3005 Sysselmeisteren (jf. kap. 0005) 1 Diverse inntekter 300 000 2 Refusjonar m.m. 3 000 000 3 300 000 3006 Sysselmeisterens transportteneste (jf. kap. 0006) 1 Leigeinntekter frå private 0 2 Refusjonar frå det offentlege 500 000 500 000 3009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009) 1 Diverse inntekter 0 0 3022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022) 1 Diverse inntekter 270 000 270 000 3030 Skattar og avgifter 70 Skattar m.m. 230 000 000 71 Utførselsavgift 0 72 Utmålsgebyr, årsavgift 396 000 230 396 000 3035 Tilskot frå statsbudsjettet 50 Tilskot 571 062 000 571 062 000 Sum svalbardbudsjettet Sum departementets inntekter 805 528 000 805 528 000

Se vedtaket hos Stortinget

Beslutninger

Voteringer

Ingen voteringer importert

Voteringer kan komme senere i saksbehandlingen eller ved neste import.

Kilde: Stortingets åpne data – sak. Dokumenter og hendelser gjengis med lenker til originalkildene.

Tilbake til alle saker